torsdag 11. november 2010

Ti på topp i Kamerun


Ei uhøgtidleg og urangert liste over ti gleder ved å bu i Kamerun:

1) Kokka vår, Esther! Det gode mennesket frå Samba-folket. Veit ikkje kva godt ho kan gjera (og laga!) for oss. Ho er dessutan eit anker for dei mange i omgangskretsen sin. Ei dei (og me) kan stola fullt og heilt på. Ei Mor Kamerun!

2) Gjestfridomen! Den vilkårslause gleda over å ta imot menneske, same kor velståande - eller mindre velståande - vertskapet er. Gjestfridom er mellomnamnet til Kamerun.

3) Mangoen! Søte, store, små, saftige, syrlege og sabla god. I alle fasongar og smakar. Om nokre månader heng dei klare, det same skal me vera. Klare altså...

4) Songen, dansen og gleda! Livsgleda som utspelar seg; i kyrkja, på fotballbanen, i drøsen langs vegen. Rytmane i kyrkja, songen som splintrar luftmolekylene i tusen bitar, dansen som får oss nordmenn til å sjå ut som hinkande skiftenøklar.

5) Regntida! Torevêret som drundrar over savannen. Lyn som flerrar nattemørkret i kaskadar av eit fyrverkeri. Dråpane og strålene frå oven som vaskar alt reint og gjer lufta sval og støvfri.

6) Tørketida! Morgonar der me veit at sola vil skina før me gløttar gjennom gardinsprekka. Kveldar med bål laga av knusktørr ved. Og kanskje (for somme) meir enn berre frisk luft om kveldane, under månelyset.

7) Stiane! Det uendelege nettverket av opptrødde, smale traséar som gjer Adamawa-platået til eit eldorado for fotturar, springeturar og motorsykkelturar. Stiar som leier rett inn i hjartet av det kamerunske landsbygdlivet.

8) Sola! Som kjem og går når ho skal, og som held seg til same tidspunkt når ho står opp og når ho legg seg. Varm og energigivande heile året, om det er november eller juni.

9) Menneska! Som myldrar rundt oss på alle kantar med alle sine mange og store gjeremål. Gleda over å kjenna nokre av desse menneska, som opnar sine liv for oss som om me var søsken.

10) Nærleiken til livet! Men også til døden. Å få kjenna på ein livspuls utan sikkerhetsnett, utan NAV, utan skattelister, utan den nye kjøkkeninnreiinga. Nærleiken til livet, slik det artar seg her; sårbart og bankande, med svimlande oppturar og nedturar. Men alltid nært.

Ein annan dag kjem "Ti på botn i Kamerun" - men det får venta til fargen blir blå!

3 kommentarer:

  1. Heia Hjortelands! Eg les bloggen dykkar kvar veke, med stor glede og interesse. Fantastisk å få føljge med på livet i Ngé, det blir mange gjenkjennande nikk og ein del humring når eg les. Og klump i halsen. Særleg på dette siste innlegget, med Esther øvst på ti på topp lista... Skulle gjerne vore innom kjøkkenet dykkar og drøst litt med henne. Jofrid - vil du gje henne ein god klem og helse hjarteleg frå meg? Elles fablar me om ein familietur i påska, Kristin masar stadig... Hels og andre kjente. Astrid

    SvarSlett
  2. Hei Astrid & Co
    Esther takkar for klemmen og helsar så mykje tilbake. Det hadde vore veldig kjekt om de fekk til ein tur i påska! Det er berre å bestilla billettar jo før jo heller...:-) God helg til alle.
    Trond

    SvarSlett
  3. Så fine skildringar, ser det for meg,ha ein fin søndag alle saman! Else

    SvarSlett