fredag 25. februar 2011

Om t-skjorter og tilgiving


Kul løve, ikkje sant?

Det skjedde i dei dagar då Den norske skulen i Kamerun skulle til byen for å bli med på Ungdommens fest (Fête de la jeunesse) i det Herrens år 2011. Som det høver seg ein slik dag, tinga skulen nye t-skjorter til elevar og lærarar, med ei stilig løve på framsida og signaturane våre på baksida.

Det vil seia; det var det me trudde me hadde bestilt. Då festdagen rann den 11. februar, og me fekk varene levert av t-skjorte-maen under mangotreet på skulen, viste det seg at trøyene ikkje var laga heilt etter oppskrifta.

I staden for signaturar hadde leverandøren - på grunn av tidsmangel, kona hadde lege på sjukehuset nokre dagar - laga sjablongar og trykka namna våre med store blokkbokstavar. I tillegg til å ha kasta vrak på våre sirlege signaturar, mangla dei fleste t-skjortene fleire namn, og på somme var eitt og same namn skrive tre og fire gonger!

Leverandøren var klar over at produktet ikkje var heilt i henhold til bestillinga, og han forsikra oss om at han skulle ordna dei på eit seinare tidspunkt, slik at me skulle bli nøgde. Men det var jo nå me skulle på fest, me hadde jo ikkje meir enn tida og vegen for å komma oss ned til defileringa. Me heiv på oss t-skjortene (alle fekk ei med sitt namn på ryggen), ein smule usikre i blikket på korleis me tok oss ut i stasen.

Men etter å ha deltatt på festlighetene nedi byen, og trava rundt med snodig løve på brystet og slurvete sjablongnavn på ryggen, var det som om noko hadde skjedd:

- Eg synest faktisk at t-skjortene er litt kule, var det ei som sa i bilen på veg heim.
- Det er jo litt sjarmerande med litt feil og sånn - og det er jo litt typisk Afrika, sa ei anna.
- Eg syns me skal behalde dei, sa ein tredje.

Og slik blei det. Då t-skjorte-maen kom tilbake for å retta opp trøyene, sa elevane nei. Dei ville ha t-skjortene akkurat slik som dei var. T-skjorte-maen på si side insisterte på at han ville gjere jobben på ny, for han ville ha nøgde kundar - og, som han sa - "eg er ikkje stolt av jobben eg har gjort".

Det måtte derfor bli eit kompromiss: Elevane betalte full pris for trøyene - i visshet om at pengane ville komma godt med for ein som prioriterte ei sjuk kone og mor framfor t-skjorter. Leverandøren, på si side, takka for gesten frå elevane og ba om tilgiving for jobben han hadde gjort.

Dermed var alle partar fornøgde; elevane, som har fått t-skjorter som det garantert ikkje finst to like av, og t-skjorte-maen, som fekk full betaling for ein sjarmerande hastverksjobb - og ei tilgiving med på kjøpet.

Snipp, snapp, snute - så var denne t-skjorte-historia ute - om ho då ikje dukkar nok opp på enkelte "DNS-reunions" i åra som kjem...
Dette må vera Erle si t-skjorte...

tysdag 22. februar 2011

Herrenes detektivbyrå og kyllingfarmen - siste del


Her, bak døra midt i bildet, enda på mange måtar ein lang dags ferd mot "løysing" på kyllingmysteriet. Her var det muleg å få tak i 100 kyllingar - til marknadspris! - litt av ein "deal"! 

Herrenes detektivbyrå har nå avslutta si første forrektige sak, viss ein ser bort frå kameratjuven som - det må vel innrømmast - nærast avslørte seg sjølv.

Kyllingmysteriet har vore vanskelegare å komma til botnar i, om lag som å finna botn i Mballang-sjøen, men etter tysdagens etterforskingsraid har me nok aldri vore nærare.

Bakgrunn: Ungdommane i Marza-menigheten, i den vestlege delen av Ngaoundéré, blei kontakta av ein idérik ungdomsleiar som meinte at kyllingoppdrett var framtida. Ved å kjøpa småkyllingar til om lag ti kroner stykke, og selja dei tre månader seinare, ville dei tena gode pengar til inntekt for arbeidet sitt.

Dei sette i gong med friskt mot. Tomt til å setja opp hønsahus fekk dei hjå foreldrene til ein av ungdommane (Sara) i Marza-menigheten. Idémakaren (ungdomsleiaren) tok på seg å samla inn pengar, blant anna fekk han nokre summar av dei norske misjonærane - familien Hjorteland inkludert.

For å gjera ei lang historie kort: Pengane blei i liten grad materialisert i kyllingar. Det som skulle ha vore kapital nok til 250 kyllingar, fôrbrett, drikkerenner og mat - heldt berre til 65 kyllingar (kor av 60 har daua) og ein sekk med skikkeleg fôr. Ungdommane i Marza følte seg lurte, noko dei sjølvsagt hadde grunn til å vera.

Kor resten av pengane har tatt vegen, er det berre Vårherre og den kreative ungdomsleiaren som veit. Han er nå blitt sparka frå vervet i ungdomsrørsla, i tillegg til at han har blitt stilt til veggs av Marza-ungdommane på fleire møte. Men pengane er ikkje komme til rette.

Det siste av desse møta var nå på laurdag, med Herrenes detektivbyrå representert med de herrer Solås og Hjorteland. På dette møtet hevda ex-ungdomsleiaren at jo, det fanst kyllingar, ca 100 stykke, som han ikkje hadde klart å gjera opp for hjå seljaren. Ok, tenkte byråmedlemmene, lat oss nå sjå om han snakkar sant denne gongen, for å gi han ein siste sjanse.

Idag drog me saman med han og Sara (ein av Marza-ungdommane) for å finna desse 100 kyllingane. Sanneleg min hatt, kyllingane var der, inni hønsehuset til ein profesjonell oppdrettar som held til nær foten av Navlefjellet. Feite og fine såg dei også ut til å vera Men sjølvsagt var det ei hake - eller eit nebb - ved affæren; for å få ut kyllingane måtte ungdommane betale så godt som marknadspris (ca 35 kroner per kylling). Og det hadde dei sjølvsagt ikkje pengar til.

Slik enda altså denne saka. Men det som er gledeleg er at Marza-ungdommane ikkje har gitt opp. Dei går på med ny frisk, eigne pengar og skal i tillegg dyrka mais og soya til eigeprodusert kyllingfôr. Dessutan: Hønsehuset står der - og den dyrkjøpte lærdommen etter fem månader med stell av ein raskt utdøyande kyllingflokk (som var eit sopihop av verpehøns, kjøthøns og hanar - derav svinnet)  - gjer at dei står betre rusta nå enn då.

Midt oppi skuffelsen over ungdomsleiaren som lurte dei, kom dei likevel med ein blomst til same karen:

- Hadde ikkje du komme med denne ideen om å starta kyllingoppdrett, ville me aldri ha tenkt tanken. Du har iallfall fått fart på oss!

Herrenes detektivbyrå håpar at denne farten om ikkje lenge blir transformert til klingande kakling!

søndag 13. februar 2011

Mange slags fiskelykke


13 kilo kapteinfisk på kjøkkenbenken - pluss nokre floger...Foto: Henrik.

Det er ikkje kvar dag me veltar ein 13 kilo stor kapteinfisk inn på kjøkkenbenken, men idag var det faktisk det som skjedde. Vår eminente "fournisseur" (forsynar) av sesamkjeks og fersk fisk, Esther, kom innom i morgontimane søndag med ein tung sekk full av godsaker frå Tibati-sjøen - ein innsjø i nærleiken av Meng.

Henrik var aldri i tvil om kva for ein av fiskane han ville ha; den største. Då blir det gjerne slik. Namnet Henrik betyr for øvrig "heimens herskar", og vår Henrik gjer sanneleg ikkje skam på namnet :-) Fisken måtte sjølvsagt forevigast, noko Herskaren tok seg elegant av. Han har jo litt trening i denslags etter sist vekes eskapade.

I det heile blei det ein kjekk og minnerik søndags morgon. Trond hadde ikkje før komme seg på gudsteneste i sjukehuskapellet, før Jean Claude Hamadjam ringde og ville komme oppom. Dermed blei det utvida frukost i staden for fulanigudsteneste - og det skal me i grunnen ikkje klaga over.

Jean Claude var på veg heim til Garoua frå Ghana der han har leia eit kyrkjeleg møte om førebygging av aids. Han er generalsekretær i Lutheran Churches of Western Africa (LUCWA), ein organisasjon som koordinerer ulike aktivitetar som dei lutherske kyrkjene i Vest-Afrika har. Nokre av dykk hugsar sikkert Jean Claude frå besøket i Norge sommaren 2005, der me blant anna feira St. Hans i Liå.

Kjekt var det at han hadde tid å stikka innom, og me håpar at me får sjanse å møta han og familien att i vinterferien.

Ønskjer alle ei fin veke - helsing oss fem!


Fiskelykke på morsdagen; Esther og Jofrid med 13 kilo kapteinfisk "på kroken".

Uventa og kjekt besøk på morgonkvisten; Jean Claude på gjennomreise frå Ghana til Garoua. Og han nytta sjølvsagt høvet til å få med seg ein velsmakande pizza frå Soulange - til stor glede for ungane Kevin og Xaviera heime i Garoua.

fredag 11. februar 2011

Til ungdommen - som marsjerer i takt


Dagen i dag er som 17. mai i Norge. Ungdommens fest, eller Fête de la jeunesse som kamerunarane kallar dagen, er ei stormønstring av barn og unge som best kan samanliknast med, ja, barnetoga i Norge og 17. mai.

Mest før hanane gjel, og det gjer dei jo ganske tidleg, finn ungane fram sine finaste klede - eventuelt sine skuleunifornar - for å gjera seg klare til ungdommens fest den 11. februar. Så er det å begi seg ut i folkelivet, som for Ngaoundéré sin del når sitt klimaks på Uavhengighetsplassen i sentrum av byen.

Kva er så Ungommens fest? I utgangspunktet er det ei markering av barns og ungdommars rettar i eit land der dette kanskje ikkje er så synleg i dei 364 andre dagane i året.

Tanken er god, og det er fabelaktig flott å sjå skular og ulike organisasjonar defilera i sin finaste stas framfor guvernøren i Adamawa-regionen og kongen (laamiidoen) av Ngaoundéré. Også Den norske skulen tok del i festlighetene, men frå tribuneplass - trygt plassert rett bak laamiidoen.

Men det er eit stort paradoks at dei ungane som ikkje greier å marsjera i takt, eventuelt ikkje syng godt nok, blir ekskludert frå defileringa. Dei ungane vil ingen skular visa fram. Anten må dei halda seg heime, eller stå på sidelinja medan klassekameratane får sine 15 seconds of fame.

Skulle nok blitt ramaskrik i Norge om ungar hadde blitt utstøytt frå barnetoga.

Ungdommens fest er derfor ein fest med visse bremser. Me kan jo alle førestilla oss korleis det er for ein 8 år gammal ut å få vita at du, du er ikkje god nok til å visa fram skulen for guvernøren.

Dette er også ein del av Fête de la jeunesse, ein del som kastar skugge over det som er sjølve intensjonen med dagen. Synd, for det er ein fargerik og fin fest.

Den norske skule sat rett bak kongen av Ngaoundéré, som hadde to "viftarar" til å svala seg med.

















onsdag 9. februar 2011

Kamera-tjuv tatt på fersken




Det første kameratjuven gjer, er å ta eit vakkert sjølvportrett.

Like etter klokka halv ett idag forsvann vårt kompaktkamera av merket Canon Ixus 860 IS frå hus nummer 16, Camp Norvégien, Ngaoundéré, Kamerun.

Tjuven var tydeleg godt kjent i huset, for han nytta høvet til å dokumentera - med kameraet - viktige ting som finst i heimen vår, som f eks...eh...bosspannet.

Den langfingra knipsaren blei seinare observert oppe ved fotballbanen, før han - beviseleg - tok turen heilt opp til hus nr 10 (familien Solås).

Gjerningsmannen, viss me kan kalla han det, blei etterkvart svolten og la korta - og kameraet - på middagsbordet presis klokka 13.

Kameraet overlevde "raidet" - i tillegg til at me sit igjen med ca 200 "blinkskot" frå hendingsforløpet.

Her er eit selektivt utval av bevismaterialet - eit slags "Mitt Kamerun - according to Henrik":


Husmor Esther sett bakfrå.


...og forfra.

Ei sengeliggjande og malariasjuk mor.


Termos, vassfilter, mjøltønne med meir.


Oppvasksåpe av godt synleg merke.

Klesvask til tørk.

Gartnar Gilbert med rive, støvmaske og bygningshjelm.


Køysenga til Jone og Henrik med nytt og impregnert myggnett.

Eh...bosspan


To viktige ting i kameratjuven sitt liv; spidermandrakta og bygningshjelmen.

Helikopter og ein ryggvendt Tigergut.

Storebror på veg heim frå skulen.

Singel.


Lærar Ragnhild på veg heim etter skuleslutt.

Mme og mlle Tomren observerte medan dei kryssar fotballbanen.

Eit mål. Fotballmål.

Ei rot, mulegens av mangotre.

Gjerningsmannen - godt nøgd med dagens fangst.

måndag 7. februar 2011

Den nye verdsborgaren


Godt med ein skikkeleg ulldrakt for å halda varmen ute!

Slik ser han altså ut, sonen til Phillip og Emilienne, som kom til verda for ei veke sidan. Idag, måndag 7. februar, blei mor og barn utskrivne frå sjukehuset og drog heim til huset i Burkina.

3450 gram var fødselsvekta, altså ein god plugg etter kamerunske forhold. Søndag føremiddag, då Jone, Amalie og Trond var oppom sjukehuset, låg den nye verdsborgaren og sov så trygt i ein flott, rosa og kvit spøtadrakt. Ikkje såg han til å bry seg nemneverdig om at temperaturen var over 30 grader - kanskje ulla hindra varmen å trenga inn?

Ei stolt mor kan fortelja at guten har starta å dia. Måndag fekk dei komma heim til seg sjølve i Burkina.

Kva namn barnet skal ha, er i skrivande stund ikkje heilt klart. Faren vil helst ha eit tradisjonelt namn frå sambastammen, medan mora held ein knapp på Samuel. Namnediskusjonar er med andre ord eit nokså allment fenomen, om det er i eit byggefelt i Ryfylke eller på fødeavdelinga i Kamerun.

tysdag 1. februar 2011

Phillip er blitt far!


Vår dyktige vaktmeister Phillip fekk sin andre son idag. Bilete av mor og barn kjem seinare!

I dag kom ei melding som gledar alle oss i det norske miljøet: Phillip Hamadou, vaktmeisteren på skulen, blei nemleg far for andre gong. Den velskapte guten forlèt mora sin mage i ein vellukka keisarsnittoperasjon litt før klokka 13 idag.

Phillip har ein gut frå før, Meyer (10), som  han fekk saman med si første kone Christophe. Ho var passedame for Jone og Amalie dei tre første åra våre i Kamerun, og det var ei stor sorg for oss alle då ho brått døydde på vårparten i 2002.

Phillip gifta seg året etter med Emilienne, men det har ikkje lukkast før nå - åtte år seinare - å få ein ny verdsborgar inn i familien. Derfor er det kanskje ikkje naudsynt å skriva at det var ein gledesstrålande far me snakka med på telefon like etter at keisarsnittet var utført.

Det er sikkert einkvan av dykk som les dette som kjenner Phillip. Han har telefonnr 00 237 99 14 23 43 dersom nokon vil senda ei gratulasjonsmelding.

Me lovar bilete av mor og son om ikkje så lenge!