laurdag 13. november 2010

Klart for hausttakkefest

Songen og dansen er sjeldan så intens som på hausttakkefesten. Her eit illustrasjonsfoto frå Tellofossen menighet som blei tatt sist søndag under skulen sitt besøk der.
Kanskje er det årets høgdepunkt i kyrkja. Heilt sikkert er det at heile familien Hjorteland går med ei viss forventning til sjukehuskapellet i morgon klokka halv ni. Hausttakkefesten, eller "don de récolte" som det heiter her, er ein stor fest som me gjerne vil ha med oss.

Det blir sagt at somme av kyrkjelydane får inn mellom ein tredel og ein firedel av årets kollekt på denne eine søndagen. Med andre ord; det er ein dag då pengar og gåver i naturalia sit laust. På mange måtar er dette ein flott skikk. Folk tar gjerne ein ekstra sats for å ha noko meir enn berre gule myntar å leggja i korga.

Men for oss nordmenn er det nokså framand med det konkurranseelementet som blir lagt i hausttakkefesten. Ulike grupper blir målte opp mot kvarandre; kven gir mest av kvinnegruppene - og kven gir mest av kora? Kven gir mest av menighetsrådet og dei øvrige medlemmene? Og korleis er givargleda blant misjonærane i år? Greier dei å slå hovudutfordraren Femmes pour Christ (Kvinner for Kristus)?

Svara får me i morgon, ein gong før non. I mellomtida vil me ønskja god helg til alle saman!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar