tysdag 31. mai 2011

Mangooooooooo!


Amalie på mangojakt.

Det rislar og raslar i mest kvart eit tre for tida. Plutseleg stikk det eit mørkt hovud fram mellom greinene før det kjem eit par låge dump på bakken.

Mangotid er klatre-i-tre-tid. Mangotid er festtid for store, men kanskje mest for små. Mangotid er også falle-ned-frå-tre-tid, slik Benjamin gjorde sist fredag, sonen til kokka vår Esther.

Ein dristig krabat som klatra så høgt det gjekk an, og så langt ut på greina som - viste det seg - det ikkje gjekk an.

Han fekk eit stort kutt i leppa ned mot haka, men elles gjekk det godt. Nokre sting på sjukehuset, og vips - så var han klar til både mangofangst og fotballkamp igjen!

Mangosesongen har vart nokre veker alt, sjølv om den første tida nok var prega av kartne frukter med ditto risiko for "kartne" magar også. Men nå er mangoen så å seia eteklar rett frå treet, noko også dei norske ungane veit å setja pris på.

På skulen er det nå mangoslafsing i dei fleste friminutt. Elevane hentar ned mango med ei stang, eller får vaktmeisteren og/eller ein av dei vaksne til å hjelpa seg. Dersom mangoen er litt hard, blir han lagt til modning på ein dertil eigna stad, for eksempel i vindauga (sjå bilete under).

Det finst ikkje mange frukter som kan måla seg med mango, om nokon. Så når me snart vender mangofjesene (ja, etinga set viss merke...) heimover, er det med eit visst sakn etter desse saftige og sabla gode fruktene.

Dei er rett og slett mangooooooooooo!


Mangomodning i klasseromsvindauga.

Ida Kristine tar seg av mangoskrellinga...

...medan Erle kan slafsa i seg godsakene.

søndag 29. mai 2011

Ein fin søndag i Tello

Harald Solås lossar ein Honda 125 cc av lasteplanet.

Med ein motorsykkel tjora fast på lasteplanet drog det søndags morgon - i sjutida - ein Toyota HiLux av stad frå stasjonsområdet med adresse kyrkja i Tello Centre. Målet var å delta på opningsgudstenesta av det (nesten) ferdige kapellet i landsbyen som ligg ca to timars kjøring frå Ngaoundére - søraustleg retning.

Taket på det nye kyrkjebygget har familien Tomren gått i bresjen for, medan landsbyen sjølv har stått på for å få midlar til nye veggar. Gudstenesta var også eit farvel med misjonsprest Tom S. Tomren som har hatt sitt virke i denne menigheten - og i dette nye kyrkjedistriktet - dei siste åra. Familien Tomren reiser heim til Norge i sommar etter fire år i Kamerun.

Motorsykkelen på HiLuxen hadde familien Solås skaffa til veges til prostiet i og rundt Tello. Fleire av kyrkjelydane i området ligg avsides til, og ein motorsykkel er det mest sneddne framkomstmiddelet for å nå fram til desse. Doningen blei for øvrig behørig beden for og vigsla til teneste - inni kyrkja (sjå bilete under).

Både nasjonalbiskop Nyiwé Thomas og landsbysjefen var til stades på gudstenesta som varte i ca 3,5 timar. Sistnemnde fekk stor jubel då han med glimt i auga "forlangte" at golvet måtte sementerast - og dét innan ein månad! For det gjenstår både støyp på golvet og sementpuss på veggane før bygget er heilt ferdig. Og då blir det nok ein ny opningsfest!

Her er nokre fleire bilete frå dagen i Tello Centre:

Prosesjon før offisiell opning av kyrkjebygget. Nyiwé Thomas går føre Tom S. Tomren.

Nasjonalbiskop Niywé og prest Tomren klyppar snora.

Kyrkja har fått eit solid tak med takstolar i raudt tre og dekke av bølgeblekk.

Nyiwé innvia mellom anna døypefonten - ein fin kasserolle - under gudstenesta.
Arkivar Thomas Holpou gjer opptak.

Også tromma, keybordet og kollektfata blei vigsla.

Familien Tomren samla utanfor det nye kyrkjebygget etter gudstenesta.
Frå venstre: Trude, Sunniva, Kristin, Tom, Marianne og Pauline.

Motorsykkelen blei trilla inn i kyrkja - og Harald Solås beordra oppå - til stor jubel blant dei frammøtte.

fredag 27. mai 2011

Den blå kamerunlista

Okei, her kjem den blå kamerunlista, lista som kjem på bordet når afrikalivet kjennest leit og vanskeleg. Det er sjølvsagt ei uprioritert og subjektiv oppramsing, og den må helst lesast saman med innlegget Ti på topp i Kamerun for balansen si skuld...:-)

1) Sjukdom og død: Det går mest ikkje ei veke utan me høyrer om alvorleg sjukdom og dødsfall blant barn og vaksne som er langt frå gamle. Utilstrekkelighet er kanskje det ordet som dekkjer best vår kjensle i møte med dette. Men les gjerne denne historia for å sjå at av og til kan enkeltmenneske utgjer ein forskjell. Og her kan de lesa om kva som skjedde vidare.

2) Lureriet: Alt for ofte kjem det folk til oss med uærlege hensikter. Me føler oss av og til som nokre seddelpresser som spyr ut 1000-lappar og 10 000-lappar til alle som spør. Av alle dårlege kamerunfølelsar, er den å bli lurt av ein "uverdig" trengande ein av dei mest irriterande.

3) Motorsykkeltrafikken: Okei, det sit langt inne å skriva noko negativt om motorsyklar, men når ein har budd nokre år i Ngaoundéré, er det lett å skjøna kvifor ein gjer det likevel. Motorsykkeltaxiane myldrar rundt ein, foran, bak, over, på sida, under...og det skjer veldig mange ulykker. Skakkgjengde er eit altfor vanleg syn i bybildet, passasjerar eller sjåførar som er blitt kvesta i motorsykkeltrafikken.

4) Criquetar: Desse svarte grashoppene, eller kva dei nå er, som dukkar opp i skiftene mellom regntid og tørketid, og vice verca. Ekle, kvasse, bråkete og noko av det minst hensiktsmessige som er skapt på dyrefronten - ever!

5) Vannstans: Kjensla av å komme tilbake til Ngaoundéré etter ein lang, støvete og slitsom reise - og der ein gler seg noko vannvittig til ein lang og god dusj - for så å oppdaga at alt som finst i dusjen er svarte criquetar og ingenting vatn, det er ei ganske blå kjensle.

6) Straumstans: Skjer som regel dei dagane då det er tomt for stearinlys og parafin til lampane, og det regnar og er blautt og kolsvart ute, alt medan ein høyrer stadig sterkare surkling og stønn frå kjøle- og frysevarene akkompagnert av datamaskinar som lagar "slutt-på-batteriet-lyd". Men det verste er nok at straumstans ofte fører til vannstans (sjå over)...

7) Dørbanking: Når ein ser fram til ein roleg morgon, eventuelt ettermiddag, og folk kjem og bankar på døra (eventuelt klappar i hendene)  med ein slik intensitet at ein skulle tru at verda går under, men så er det berre ei ung jente som vil selja nokre pistrete gulerøter, då blir det fort mørkeblått i heimen.

8) Avtalar: Bluesen syng i sjelestrengene dei gongene du har gjort ein avtale som ikkje blir holdt, eller som blir underlagt eit for oss nokså intrikat fleksitidsystem der faktorar som regndråpar, treffe-kjentfolk-på-vegen, høfleg forseintkomming og andre ærend gjer møtetidspunktet like elastisk som kautsjokk.

9) Pruting: Kjensla av å ha brukt laaaaang tid på å diskutera prisen på ein trekrakk, og når dealen endeleg er settla og du med eitt sit der med ein uggen følelse av å ha kasta bort masse tid på ein gjenstand du strengt tatt ikkje har bruk for og som blei 5000 Fcfa dyrare enn kva doktor Slettbakk betalte, den kjensla må kallast blå.

10) Korrupsjonen: Dei stadige hinta om pengar under bordet, om det er på politistopp langs landevegen, på eit offentleg kontor nedi byen eller ein kjenning som kan tilby ein teneste for ein brøkdel av prisen, er nokså pyton og ei stor svøpe for utviklinga i Kamerun. Viss me skal definera grunntonane i den kamerunske bluesen, har korrupsjonen sin naturlege plass, saman med aidsen og nepotismen.

På toppen av alt ligg Viking, dei mørkeblå, på botn av Tippeligaen. Trøysta får vera at det derifrå berre finst ein veg: oppover.

God helg!

onsdag 25. mai 2011

The neverending story

Dagens slangefangst, ein kobraunga på ca 35 centimeter, blei gjort under nokre sandsekker utanfor garasjen vår.

Hagemann Gilbert og vaktmeister Phillip hadde ikkje tatt livet av slangen då dei gav oss andre på skulen beskjed om krypdyret som gøymde seg. Så det var ei spent forsamling med både vaksne og ungar som såg på då Gilbert og Phillip velta vekk sekkene.

Men der var ingen slange. Det viste seg etterkvart at kobraen hadde krype inn i ei sprekk mellom bakken og garsjeveggen. Eit par spadestikk var nok til å avdekka utysket, ein operasjon som også gav slangen eit kraftig kutt om lag midt på skrotten.

I løpet av dei tre-fire siste vekene er det funne fem slangeungar (tre kobra, ein vipère (hoggorm) og ein av ukjent art) like rundt huset vårt. Ikkje særleg festleg, og hagemann Gilbert er overtydd om at det finst ein svær kobra berre 60-70 meter vekke, i noko buskas ovanom byggsenteret til kyrkja.

Og han (biletet) veit å vera forsiktig, biten av ein liten kobra som han blei i fjor haust. Me skal halda dykk fortløpande oppdatert om utviklinga i slangejakta, i det som etterkvart fortonar seg som "the neverending story"...

tysdag 24. mai 2011

Første skritt heimover

Henrik og Elise er forvitne på kva som er inni kontaineren. Jone er fotograf.

Det føltes på mange måtar som det første steget på heimveg. I dag pakka me inn to svære trekassar - og ein mindre - inn i kontaineren som skal til Norge. Viss alt går bra og vêr og regntidsvegane er i godlune, reknar me med å få storbagasjen vår heim i juli-august ein gong.

Sjølv om det ikkje er så mykje me tar med oss heim til Norge denne gong, blei det tross alt nokre kilo. Berre trekassane i raudt, tjukt tre vog sikkert 80-100 kilo kvar. Og med 70-80 kilo med kaffi, såpe, krukker, krakkar og andre suvernirer blei det mange tunge løft. Ikkje på oss, først og fremst, men mest på fire av vaktene som påtok seg den grøfste løftejobben.

Etterpå vanka det brus og litt norsk Kvikk Lunsj på dei fire "portørane" under mangotreet på skulen. Og nokre velfortente slantar for vel gjennomført arbeid. I skrivande stund blir kontainaren forsegla og tollaren har sagt sitt. Første skritt heimover er tatt, om ganske nøyaktig ein månad følgjer "folket" etter.

Om eit par månadar kan kontainaren opnast igjen, vonaleg med alt godset inntakt. Sist gong (i 2003) fekk me jamvel eit par levande kakerlakkar med på kjøpet...

måndag 23. mai 2011

Gjesp...endå ein slange

Ein ganske forrektige vipère!

Sidan sist slangenytt på denne bloggen har me hatt besøk av to nye snikar. Måndag føremiddag kom hagemann Gilbert med sitt siste "trofé", ein såkalla vipère - på norsk vil me nok kalla det ein hoggorm. Antakeleg er den om lag like giftig også, altså ikkje av den farlegaste sorten.

Slangen blei oppdaga like bak garasjen vår, om lag der Trond går inn for å henta motorsykkelen sin... Gilbert har etterkvart utvikla ein veldig effektiv nakkeslagteknikk som slangane ikkje kan forsvara seg mot. Heller ikkje denne vipèren, om den er aldri så hoggklar.

Uansett; i dag blei matteøkta omgjort til eit nytt djupdykk i slangegap og muskelspasmer. Men det har ikkje same nyheitas interesse som før, nei, Gjesp...nei, det har ikkje det.

Men ekkelt er det iallfall!

Slik såg undersida av slangen ut; armen tilhøyrer Harald Solås:

onsdag 18. mai 2011

Skuleavisa SANNU er klar!

Heile elevredaksjonen samla i ein sandkasse! Foto: lærar Harald.

Årets eksklusive utgåve av skuleavisa SANNU er nå klar!

Eksklusiv, fordi:
- ho er den einaste avisa som bringer nytt på norsk frå Kamerun

- det er dei ni elevane dette skuleåret som har laga det meste (vore knallflinke!)

- det er den 30. (og truleg siste) årgangen av avisa

- det er mykje knask og godt lesestoff å finna

Send ein e-post til dnskamerun@gmail.com, så får du pdf-utgåva tilsendt heilt GRATIS!

Men me vil gjerne at du samstundes sender eit valfritt beløp til Døveskulen, prosjektet som DNS Kamerun støttar dette året. Det kan du gjera ved å senda
f eks 100 kr (eller meir...:-) til kontonummer 8220 02 85030 og merk innbetalinga med 621 498.

God lesing!

PS! SANNU betyr forresten hei på språket fulani.

måndag 9. mai 2011

Då Henrik mista si første tann


Dette var dagen då Henrik mista si første tann. Han hadde gått og lirka på ho lenge, men tanna ville liksom ikkje heilt sleppa taket i gommen nede mellom dei andre, kvite fine melketennene.

Men i går skjedde det som jo før eller seinare måtte skje. Henrik tok sin vanlege lause-tann-visning til mamma Jofrid for å syna dagens lealaus-status etter dei siste timars matinntak og tyggevirksomhet.

Mammen konstaterte at tyggereiskapen hang i ein rimeleg tynn tråd og føreslo for poden å vri tanna litt fram og tilbake. Etter berre eit par forsiktige grep med tommel og peikefinger forlot herligheten sin tilmålte plass (og tid) i Hans Majestet Henrik sin eminente tanngarde.

Stolt som ein hane, og med laustanna i hand, gjekk Henrik frå familiemedlem til familiemedlem for å proklamera denne store gleda. Og for dei som våga å sjå litt blod, opna han jamvel gapet for å visa fram åstaden som tanna nett hadde forlatt.

Då natta kom og Henrik fall i svevn, smaug tannfeen seg ned gjennom pipa og la 20 norske kroner i vannglaset der tanna låg.

Om det var utsiktene til meir klingande mynt i kassen som gjorde det, er ikkje godt å vita, men Henrik påstod i dag at nabotanna også var blitt laus. Ein ting er iallfall sikkert; me har fått ein stor gut, med eit - om muleg - endå meir sjarmerande smil!


Ein stykk melketann ga 20 kroner frå tannfeen.

søndag 8. mai 2011

Håpets fotballag (nei, det er ikkje Viking)

Espoir, i mørkeblått og gult, i kamp mot Meiganga på stadion i Ngaoundéré.

For Håpets fotballag, det er Espoir Football Club de Ngaoundéré, forkorta Espoir (håp).

For ti år sidan starta fotballentusiast Simo Christian fotballklubben Espoir. Målet var å gi barn og unge ei trygg og lærerik ramme for å dyrka sin lidenskap; fotball. Og ikkje minst; å skaffa utstyr og banar der dei kan utvikla seg som fotballspelarar.

Med ukueleg optimisme, enorm fotballglede og ein stå-på-vilje som enkelte sørvestlandske eliteserielag i Norge kunne hatt noko å læra av, har Simo lukkast med målet sitt. Ikkje berre har klubben aldersbestemte lag frå 10 år og oppover, dei siste to åra har Espoir også stabla på beina eit slagkraftig A-lag.

Dette laget ligg nå an til å spela play off (kvalifisering) til det nest øvste nivået i Kamerun, som tilsvarer Adeccoligaen i Norge. Me var nyleg til stades på ein seriekamp her i Ngaoundéré kor Espoir knuste laget frå Meiganga 8-0! Og på dei tre kampane Espoir har spela mot eliteserielaget til Ngaoundéré, er det blitt ein seier, ein uavgjort og eitt tap. Nivået er altså bra.

Om det blir opprykk i år eller ikkje, er ikkje Simo så veldig bekymra over. - Når den dagen kjem at me skal rykka opp, då rykkjer me opp! seier han om den saka. Det viktigaste for han er å utvida tilbodet for barn og unge, så vil A-laget bli betre som ein følgje av det. Rekrutteringsgrunnlaget er det ikkje noko å seia på!

Espoir har også vunne turneringar i Yaoundé med to av dei aldersbestemte laga sine. Og nyleg blei klubben kontakta av det beste laget i Kamerun, CotonSport i Garoua, med spørsmål om dei kunne tenkja seg å ha ein spelar (spiss) på lån, slik at han kunne få speletid på eit godt lag. CotonSport spela finale i den afrikanske Meisterligaen for eit par år sidan, og det er jo stas for Espoir å ha ein slik partnar.

Me har to grunnar til at me vil nemna Simo og Håpets fotballag her på bloggen. Den første er at me gjerne vil fortelja om ein av dei mange her i Kamerun som står på og gjer ein formidabel ueigennyttig innsats for andre. Ofte handlar historier frå Afrika om elende og folk si tiltaksløyse. Det finst også, men jammen finst det mange eldsjeler som Simo!

For det andre har me lyst å utfordra dei av dykk som er med i idrettslag og fotballklubbar, og som har brukte draktar, fotballsko og ballar de kunne tenkja dykk å senda til Espoir, om å ta kontakt. Behovet for slikt utstyr er stort. Mange av ungane som er med, kjem frå fattige familiar som ikkje har råd til bl a skikkelege fotballsko.

Så viss de har lyst å ha ein aksje eller to i Håpets fotballag, er det bare å hiva seg rundt!

Ikkje lett å vera forsvarsspelar på grusbane!

Pause. Espoir-trenaren går gjennom strategien for andre omgang.

Kamp om ballen framfor hovudtribunen. Ansikta til Rune Slettbakk og Harald Solås kan skimtast om lag midt på biletet. Rett bak sit Simo Christian - dessverre det einaste biletet me har av han.

Spelar nr 7 kom rett frå mesterligafinalist CotonSport i Garoua på utlån til Espoir før Meiganga-kampen.

Fecafoot (det kamerunske fotballforbundet) satsar bevisst på å få fram kvinnelege dommarar. I kampen mot Meiganga var det ein kvinneleg linjedommar som hadde tatt car heilt frå Banyo!

Reservekeeperen til Meiganga måtte i elden alt i første omgang. Om hanske-i-bukse-strategien var så veldig lur, er det nok delte meiningar om... 
Etter draktene å dømma, har også Meiganga fått tak i brukt utstyr frå Europa.

laurdag 7. mai 2011

Slange ville inn på verandaen...


Ein ca 40 cm lang slange av ukjent art prøvde i går føremiddag å komma seg inn på verandaen vår. Forsøket blei oppdaga av vår alltid like årvåkne hagemann, Gilbert, som jo har førstehandserfaring med slangar frå før...

Heldigvis er det ei lita trapp opp til verandaen som slangen ikkje klarte å forsera. Og Gilbert fekk like etter gjort kort prosess med eit velretta slag over nakken.

Harald Solås opna kjeften på utysket og konstaterte av det hadde hadde eit par små hoggtenner. Men verken Harald, Phillip, Gilbert eller andre som såg slangen, kunne seia om det var ein giftig art.

Vaktmeister Phillip kom innom og fortalde oss om "slangefunnet" i engelsktimen. Dermed blei det eit raskt sceneskifte til naturfag - ute - attmed søppelholet kor Gilbert hadde lagt slangen.

Engelsktimen blei til naturfag for Jone, Erle og Pauline.
Slangen ligg på loket til søppelholet.

Til vår store overrasking bukta og vrei slagen framleis på seg, fleire minutt etter nakkeslaget. Det var nok muskelkramper, men likevel fascinerande å sjå slangekroppen i rørsle - ein liten filmsnutt her:

måndag 2. mai 2011

Fødeavdelinga "født på ny"


Fødeavdelinga ved sjukehuset til kyrkja har fått ei etterlengta ansiktsløfting denne våren. Malingsflak hang og slang frå veggene, og fleire stader var det svarte, støvdryssande hol i taket.

Men nå er veggar og innertak blitt skrapte ned og har fått solide strøk med kvit og grå maling. Og fleire stader er den gamle kryssfineren i taket bytta ut med ny, slik at nå framstår heile avdelinga som eit "nyfødt badn".

Pengane til denne oppussingsjobben har ei spesiell forhistorie. Tidlegare kamerunmisjonær Eva-Britt Årsjø Jensen døydde i september ifjor etter ein lengre sjukdomsperiode. Ho har blant anna jobba på fødeavdelinga som jordmor.

Under gravferda blei det samla inn ein god del pengar som skulle komma fødeavdelinga til gode. Og i februar i år var ektemannen, Atle Jensen, tilbake i Kamerun for å overrekkja gåva og følgja oppstarten av arbeidet.

For nokre veker sidan var arbeidet ferdig, og sjukehuset sine "malingsmenn" har gjort ein særs god jobb! Seks av romma framstår nå som nye, det same gjer gangane og mottaksrommet.


Kvitt øvst, grått nedst. Her gangpartiet.


Også mottaksrommet har fått smaka skrape og pensel.

Seks av romma er også sjaina opp.

søndag 1. mai 2011

Arbeidet sin dag

Slik skal det gjerast! Jofrid og vaktmann Awdi pustar tungt under bråtebrenninga.
(Dei fleste bilda i denne bloggsaka er tatt av Amalie).

Arbeidarane sin dag blir kalla for "Arbeidet sin dag" her i Kamerun (Fête du travail). Likefullt er det ein av dei største festdagane her i landet, og berre for å ha sagt det: Arbeidarane har fri og får ofte påkosta nye klesplagg og t-skjorter av arbeidsgivar til festen.

Verre er det med dei mange, mange som ikkje har noko fast arbeid å gå til. Dei fell jo litt utanfor på ein dag som denne. Men kamerunarane har ein eigen evne til å finna fram smilet og humøret likevel. Og om ein ikkje har ein fast jobb å skilta med, kan ein jo bli med på festen likevel?

I dag tidleg var eg sjåfør for radiogjengen på Sawtu Linjiila. Dei skulle ned på Uavhengighetsplassen saman med tusenvis av andre finkledde og feststemta arbeidstakarar. I strie stramar strente dei av stad frå alle bydelane i Ngaoundéré inn mot sentrum - og i alle regnbogen sine fargar.

Feststemte radiofolk! Cirka ein halvtime før defileringa skulle starte - klokka 10.

Medan ein i Norge og Vesten er van med parolar om betre vilkår for arbeidarane, går dei fleste plakatane her ut på å presentera verksemda ein jobbar for. Presis klokka 10 skulle defileringa starta framfor hovudtribunen kor både guvernøren og laamiidoen og andre prominente gjester kan bivåna det heile.

På stasjonen vår er det etterkvart blitt tradisjon å dra i gang ein dugnad for å renska grøfter og renner før regntida set inn for fullt. Onsdag ettermiddag fann me fram hakker og spader og heiv oss over arbeidet med liv og lyst. Både vakter, kokker og andre lokalt NMS-tilsette var med på dugnaden saman med oss norske, så det blei ei samansveisande stund for både oss "arbeidsgivarar" og "arbeidstakarar". Ein god skikk!

I dag steller dei tilsette i stand fest for å markera 1. mai. (Sjå ferske bilete nedst i artikkelen). Og dei er ikkje snauare enn at dei inviterer oss norske med på festlighetene. Så klokka eitt stikk Jone, Henrik, Amalie og eg opp på internatet for å meska oss med godsakene. (Reknar med at det er kokkene som har laga maten, ikkje vaktene...:-) Jofrid har vore på dametur til Maroua denne helga, men er ventande heim i løpet av kvelden.

Legg ved nokre bilete frå dugnaden - på dette som i Kamerun altså er Arbeidet sin dag.

Doktor Rune (fremst) med utsøkt vegvesenkvileteknikk.

Marianne (t.v.), Ingrid Linnea og Bjørn fiksar stasjonsvegen.

Her ein kar som har svinga ei hakke før. Lærar Harald i sitt rette element.

Milimeterpresisjon frå Pauline.

Denne krabaten ville også vera med på dugnad.

Kokka Esther (t.v.), strykedame Anne og vaktmann Blaise i godt driv.

Så ei oppdatering med bilete frå dagens matfest som blei avslutta kl 14 på internatet:

Vaktmeister Phillip skin om kapp med flagget.

Alle dei lokale NMS-tilsette var med på festen, og dei hadde laga ei nydeleg kjøtsuppe. Til dessert var det vannmelon og ananas. Så frisk og god som ein berre får i Kamerun :-)

Ryggen til eittåring Benjamin. Dette var t-skjortene dei lokalt NMS-tilsette defilerte med på Uavhengighetsplassen i byen i dag.

Desse karane gjekk feil...dei skulle visst i eit prinsebryllaup i London...men, men.
Moterette fargar kler uansett dei smukke - her representert ved prest Svein (t.v.) og lektor Erik.

Vaktmann Yagoné ønskjer velkommen til fest - både til arbeidarar og "les patrons".

Le patron himself, representant Erik, hadde ei helsing på vegner av arbeidsgivar.

David (jobbar med gjestehusa) har funne ein lattermild plass mellom vaktene.

Jonas kokk (med rosa skjorte) slapp å kokkelera i dag. Men maten var uansett upåklageleg.

Også plensjef Issa ville foreviga festlighetene - og kanskje legga dei ut på nette slik som visse andre??