onsdag 15. juni 2011

Baklengs inn i framtida


Så var me her igjen, tida då me skal forlata Ngaoundéré. Me er helste litt tristglade heile gjengen. Oppbrotsstemninga frå åtte år tilbake har rykka ganske så nær dei siste dagane, eit slags déjà-vu
- eller som om me går baklengs inn i framtida.

Triste, fordi me ikkje veit kva tid me får sjå mange av vennene og kjenningane våre igjen. Glade, fordi me snart får møta att kjentfolk av alle slag i Norge (og fordi Jone skal til innkjøp av PS3...:-)

Ja, det er definitivt eit privilegium å ha beina i to kulturar. Men alt har sin pris, og tokulturprivilegiet kostar sitt i triste avskjedar. Og den prisen må me betala nå - med renter - dei siste par dagane før me drar frå Ngaoundéré.

Det er eit jamt sig med folk som kjem på døra for å ta farvel. Me har alliert oss med Soulange Patisserie (ho som lagar brød og croissantar) som har trylla fram eit stort og velduftande lager av kanelboller. I kjøleskapet står fleire liter med kald brus, og på stovegolvet, attmed sofaen, har me eit lager romtemperert brus, som kamerunarar ofte helst vil ha.

Både Femmes Pour Christ-gruppa til Jofrid, radiokollegaer til Trond, Hamadjam Jean Claude, Haram, Missa Esther, Anne Marie Chapo, Ziné Jean Pascal, Amina Rose, Djidéré Clément, ungdomsgjengen frå "kyllingmenigheten" i Marza I, fotballgründeren Simo Christian og mange, mange andre har stukke innom.
Nå sit me litt surrete i håvene våre og lar inntrykka siga litt inn. Det opplevest som om me får vera med på noko stort. Kvar enkelt som har vore innom døra vår, har opna livet sitt litt for oss, og me for dei, og så har me gått i lag, ein kortare eller lengre bit av livsvegen.

Her er så mange historier, historier som ikkje alle kan forteljast, men som likevel blir fortalt i hjarta våre - her me sit den aller siste kvelden i Ngaoundéré by.

I kveld har me bestemt oss for å gå baklengs inn i framtida. Me ser oss tilbake på alle gode, sterke, men også smertefulle minne, alt medan koffertane ventar med opne kjeftar på siste rest av peanøttene me har fått.

Her er eit lite tilbakeskuande fotogalleri frå dei siste par dagane - og litt frå året som er godt. Snx i Norge!

Haram, slavejenta som blei fri takka vera norske misjonærar, er nå ei vaksen dame. Det ho ønskte seg mest i avskjedgåve var verken ein motorsykkel eller eit fjernsynsapparat, men ein slikkepott! Og det fekk ho:-)

Abba Ibrahiim, tidlegare kamerunsk ambassadør i Saudia-Arabia, fulani og kristen. Ein nokså sjeldan kombinasjon, for å seia det forsiktig. Mannen er eigentleg eit vandrande filmmanus.

Fortune Elisabeth, som me er fadrar for, ei morlaus lita jente som
tante Hélène har lagt sine løvinnevenger over.

Pinnedyret, som me har møtt når me minst ventar det, om morgonen på veg til skulen,
i bilsetet og på safari i Boubandjida.

Missa Esther (t.v.) og dottera Hugette, kollega til Jofrid og eit anna fadderbarn.

Franklin, PS2-spelekompis til Jone og ein stolt, ny eigar av sistnemnde sin gamle sykkel og -hjelm.

Femmes Pour Christ, damene som aldri stoppar si vandring med gode gjerningar, om det er til sjuke, sørgande - eller rett og slett for å seia ha det til ei norsk medsøster. 

...og som til og med har tenkt på maen i huset når avskjedsgåvene skulle lagast.

Félicité, ei sylskarp jente på 11 år som stolt kunne fortelja at ho var tredje best i klassen når karakterbøkene blei delte ut på laurdag. 

"Litle"-Ibrahiim på åtte månadar, som kunne smelta kva hjarte like lett som ei ullhue i Kamerun!

Familien Ba, der maen i huset har gått den lange vegen frå koranstudier i Pakistan til radioarbeid på Sawtu Liniila. 

Benjamin, son av kokka vår Esther, som fall ned frå eit mangotre og skada underleppa si. Men nå er han klar til ny dyst på fotballbanen, med eit ganske forrektigt replikat av ein Jubalani-fotball,
 innkjøpt av onkel Kjartan i Stavanger.

Dekket, som eksplosivt tok kvelden på veg heim frå påskesafari i Boubandjida, og som forsåvidt er ein grei illustrasjon på korleis det ser ut på pakkerommet vårt akkurat nå!

søndag 12. juni 2011

På sporet av forsoning

Alex Maïguri (t.h.) framførte sin eigen song "Hald på gleda" under forsoningsgudstenesta
- til stor jubel blant dei frammøtte.

Dei to stridande partane i Den evangelisk-lutherske kyrkja i Kamerun (EELC) er nå blitt samde om å starta ein forsoningsprosess. Første pinsedag blei dette markert med ein storstilt fellesgudsteneste i Tusenårskyrkja i Ngaoundéré som samla kring 2000 kyrkjegjengarar.

Namnestrid
EELC har dei siste par åra vore prega av ein eskalerande konflikt mellom ei mangefasettert opposjonsgruppe på den eine sida, og den administrative leiinga med biskop Nyiwé Thomas i spissen på den andre. Opposisjonsgruppa har samla seg under det "gamle" namnet til EELC (Eglise Evangélique Luthérienne du Cameroun – Kameruns evangelisk-lutherske kyrkje), medan det nye, offisielle namnet er Eglise Evangélique Luthérienne au Cameroun - Den evangelisk-lutherske kyrkja i Kamerun.

Opposisjonen
Det er vanskeleg å talfesta kor stor opposisjonsgruppa er, men det er antyda at ho kan telja så mange som 5000 medlemmer av totalt ca 250 000 medlemmer i den nå landsomfattande kyrkja. Situasjonen har vore så tilspissa at kyrkjer er blitt stengde både i Yaoundé, Ngaoundéré og i Mbéré-distriktet. Kyrkjelyden Betel II blir rekna som sentrum for opposisjonen i Ngaoundéré, men det finst også sterke opposisjonsgrupperingar i Mbéré-distriktet (i og rundt Meiganga) og i hovudstaden Yaoundé.

Konflikt med mange nyansar
Namnestriden er først og fremst ein vikarierande konflikt; den eigentlege konflikten handlar om ei fleirspektra misnøye som mellom anna går på svakt leiarskap, mangelfulle oppgjer med personar som har misbrukt sine posisjonar, utvatning av den lutherske læra, overgang til episkopal kyrkje og homofilispørsmålet. Når ein i tillegg har eit bakteppe av etniske spenningar og personar som føler seg forbigått ved tilsettingar, er konfliktnivået etterkvart blitt så høgt at styresmaktene i Kamerun har gripe inn.

Gjennombrot 27. mai
Både guvernøren i Adamaoua-regionen og innanriksministeren i Kamerun har dei siste månadane vore engasjerte i saka og uttala seg i favør av kvar si side i konflikten. Men den 27. mai skjedde det eit gjennombrot i meklinga då prefeten i Vina-distriktet Thomas Hona (tilsvarer fylkesmannen) fekk samla partane til ein lang og grundig samtale om mulegheitene for å finna eit forsonings-spor. Konklusjonen på dette møtet var mellom anna at ein skulle arrangera ei forsoningsgudsteneste første pinsedag, 12. juni.

Saman om å kalla det ein start
Sjølv om gudstenesta ikkje gjekk heilt som forventa, mellom anna ønska ikkje opposisjonsgruppa å feira nattverd saman med sin motpart, blei gudstenesta trass alt karakterisert som eit startskot på ein forsoningsprosess - av begge partar. Det blei likevel ikkje lagt skjul på at konflikten har skapt mange og djupe sår, og at det nok vil ta tid før dette blir lekt. Samstundes var det blotte samværet av dei to stridande partane eit tydeleg teikn på ein vilje til å finna ein felles veg vidare.

Sakte fart mot målet
Prefeten i Vina heldt ei lengre formaning under pinsegudstenesta, der han oppfordra partane til å finna ei løysing på problema som har oppstått. Sjølv om også han var skuffa over at det ikkje der skjedde ei forsoning gjennom felles nattverd og handtrykk partane mellom, var han optimistisk og avslutta innlegget med følgjande kamerunske ordtak: Den som går langsamt, kjem heilt sikkert fram. Så er det berre å håpa at startskotet pinsedag får sin målgang om ikkje alt for lenge.

Ektefellen gir kona ein god klem og ein blomsterkvast etter at ho er blitt innvigd til diakon. Eit femtitals menighetsrådsmedlemmer og diakonar i
bymenigheten Betel I blei innvigde til teneste pinsedag.

Så mange som 2000 personar fann vegen til Tusenårskyrkja pinsedag.

Nokre av aktørane samla til eit "ettermøte" for å bli samde om vegen vidare. Frå venstre: Hamadiko André (talsmann for utbrytarkyrkjelyden Betel II), regionbiskop Djédou André, nasjonalbiskop Nyiwé Thomas, prefeten i Vina Thomas Hona, sousprefeten i Ngaoundéré og NMS-representant Erik Bischler.

Det oppstår det komplette kaos når menighetsrådet i Betel I blir presentert for kyrkjelyden. I bakgrunnen høyrer ein biskop Djédou André som forgjeves forsøkjer å få folk til å setja seg. Til slutt gir kyrkjebandet blaffen i biskopen og spelar opp til den folkelege feiringa av menighetsrådet.

onsdag 8. juni 2011

Eit hvesande farvel med Mballang


Hvesehoggormen dukka opp i vannskorpa attmed kaien på Mballang. Me hadde tatt aller siste tur med båten ut til Slangeøya (sic!) då lærar Ragnhild og eittåring Marit peikte engasjert i retning strandsteinane.

Ved hjelp av ein hov fekk me den oppi ei bøtte. Krypdyret var ikkje meir enn ca 30 cm langt i utstrekt tilstand, men hveste gjorde det og prøvde å byksa opp til fotograffingrane gjorde det også.

Hvesehoggormen, eller puff adder som den heiter på engelsk, er den slangen som drep flest menneske av alle afrikanske slangar. Me saksar litt info frå Wikipedia:

"Puffadderen karakteriseres av en kraftig kropp og et stort hode. Den blir som regel rundt en meter lang, men individer opp mot 190 cm og 6 kilo er observert.Denne slangen forårsaker flere dødsfall enn noen annen afrikansk slange. Dette har årsak i en kombinasjon av ulike faktorer, som stor utbredelse, store mengder sterk gift og et aggressivt gemytt. Slangen har et kraftig bitt, med lange hoggtenner som kan trenge gjennom tekstiler og mykt lær. Puffadderen har for vane å ligge stille og vente på sitt bytte, gjerne i nærheten av stier og andre områder hvor mennesker ferdes. Om den blir overrasket av mennesker, vil den ofte bite før den forsøker å flykte."

Bare for å ha sagt det; ingen blei bitne. Og det var eit fascinerande syn å sjå slangen flyta som eit lauvblad då lærar Harald kasta den uti innsjøen att.

Det blei med andre ord eit hvesande farvel med Mballang. Og nå har me endeleg fått målt djupna i innsjøen, men den får me komma tilbake til når me har kontrollmålt sena me brukte. Men det er nok litt mindre enn 1000 meter som myten vil ha det til...

Lett som eit ospelauv flaut hvesehoggormen på vatnet.
På siste tur rundt slangeøya. Frå venstre: Eittåring Benjamin, Jone, Henrik, Ask og Sunniva.

Henrik mista si andre tann i dag, nede (som det skulle gå fram av bildet). Erle Solås kvitta seg også med litt av melketannstellet i dag, så det blei ein tur i tannfellinga sitt teikn.

Heimveg. Litt mindre last inni "vår" Landcruiser enn i caren framføre...

måndag 6. juni 2011

Siste dag med gjengen

Elevar og lærarar med siste fellesbilde før avslutning og avskil. Ida Kristine i midten framme, kvit t-skjorte.

I dag har Ida Kristine Slettbakk (snart 8) sin siste skuledag her ved DNS Kamerun. Det er vemodig og rart at skuleåret snart er slutt, både for elevar og lærarar. Familien Slettbakk startar på heimreisa til Norge i ettermiddag og er framme i Norge på onsdag. Håpar dei får ein fin tur heim og ein god sommar før dei set kursen til Mali i august!

Skulen held "koken" til og med fredag, men så er det også slutt for dei resterande åtte elevane og oss tre lærarar.

Fredag som var hadde me offisiell skuleavslutning her ved DNS. Ein flott kveld der elevane presenterte både songar og sketsjar, og der det var utdeling av idretts- og svømmemerke - og kvart sitt personlege diplom til elevane. Det blei ein kjekk kveld der me også fekk mimra litt over året som er gått. Ikkje minst gjorde eittåringane sin "tankelesar" stor lukke (sjå bilete).

Skuleåret 2010-2011 kan fort bli det siste for DNS Kamerun. I og med at det ikkje er elevar her frå hausten av, mistar DNS godkjenninga si, ei godkjenning som gir ca 100 000 kroner i årleg tilskot frå staten per elev. Ein skal aldri seia aldri, men lite tyder per nå på at det vil vera aktuelt for NMS å driva skulen vidare. I så fall er det ei historie som strekkjer seg heilt tilbake til 1958 - altså 53 år - som nå skriv sitt siste kapittel.

Her er nokre bilete frå skuleavslutninga:



Lærar Harald blir utsett for tankelesaren. Han tenkjer på...fugl!

Småskulen syng om årstidene, lærar Ragnhild dirigerer.

Førskuleungane ventar spent på kval- og svømmemerka sine.

...og Henrik er ikkje lite stolt av å ha svømt 25 (eigentleg 28) meter - og får merket av Harald. Ei kontrollmåling av bassenget viste fredag at det er 14 meter langt, ikkje 12,5 som me har trudd heile året..

Hélène har forsynt skulen med frukt dette året (som dei to-tre føregåande åra)
og ho blei takka av med eit pagne. Vaktmeister Phillip blei også takka av, med ei hjulbår.

Jofrid blei kåra til årets Miss Afrique av ein sjølvoppnemnt komite...

FAU takka av dei mannlege lærarane med siste skrik i forkle og boksershorts (viste det seg å vera).

torsdag 2. juni 2011

Kobrajakt! (med epilog)

Brennande sykkeldekk skal få kobraen ut.

Mens kaffitraktaren surkla sutalaust på kjøkkenet, gjekk det ein støkk i vaktmann Gerome. Han var på veg frå huset vårt ned til Slettbakks då han byrja å hoia og veiva med armane.

Først skulle ein tru at det var nokre ungar på mangoslang han skulle ta, men då han bøygde seg ned for å henta ein stein, forstod me at det var andre "inntrengjarar" på ferde.

Ein kobraslange på over ein meter var blitt observert av ein forbipasserande like bortom huset til Slettbakk.
- Slangen blåste seg opp og pilte som ein rakett under nokre kontainarar, fortalde han.

På nokre små minutt var alt som kunne krypa og gå av vaktar og andre krypdyrkyndige personar på plass for å ta knekken på kobraen. Men det var lettare sagt enn gjort. Den let seg ikkje skremma ut frå gøymestaden under kontainarane, same kor mykje jegrane banka i veggane og skrålte.

Neste strategi var å røyka slangen ut. Trond fekk beskjed om å henta motorsykkelen for å tappa or litt bensin. Slangar er visst ikkje særleg begeistra for bensinlukt, og væska blei tømt rundt tre av kontainarsidene.

På den fjerde sida blei det tent på eit gammalt sykkeldekk som var festa på ein lang pinne. Håpet var at røyken skulle få kobraen til å forlata skjulestaden og dermed bli eit lett bytte for vaktar og andre som stod klare.

Men etter nokre minutt med sitrande spenning, måtte ein berre konstatera at slangen nok hadde funne seg eit hol under kontainarane, og at den nok ikkje ville flytta på seg før mørket kom. Og så lenge var det ikkje nokon som ville venta, så slangejakta blei avblåst for denne gong.

Men det er jo berre å gi vår hagemann Gilbert rett; det finst ein stor kobra i nabolaget, dei tre kobraungane som er drepne rundt husnovene våre har tyda på det. Nå er det bare å venta på neste gong utysket dukkar opp. Kanskje me skulle ha kjøpt ein machete?

Epilog: Litt seinare same dag, Himmelfartsdagen, klarte vaktane til amerikanarane å få has på kobraen. Den målte over halvannan meter. Godt at den blei tatt, så får me håpa at det ikkje er fleire av same storleik rundt husnovene...

Tapping av bensin, mens ein held eit vake auge med gøymestaden.

Kobraen er kjent for å vera rask, så det er viktig å vera klar til hogg.

Vaktmann Gerome styrer troppene.

onsdag 1. juni 2011

"Med mine eigne pengar!"

- Eg har kjøpt 'an med mine eigne pengar, altså!

Me har ein gut som snart er seks år og som veit å områ seg. Namnet på krabaten treng kanskje ikkje nemnast, men det kan vera verdt å merka seg at det betyr "Heimens herskar".

Her i dag fekk han det føre seg at han ville ha ei lommebok, helst i krokodilleskinn, for det hadde han sett andre som hadde. Ein brukt Pringles-boks har gjort nytte som skattkammer fram til nå, men på lommeboka skal jo storkarar kjennast, må vita.

Far og storebror drog til byen og fekk tak i lommebok, berre i pytonskinn rett nok, men stor nok til å romma dei ca 3000 Fcfa (snautt 40 kroner) minsten har spart opp i løpet av året. Nøgd og glad over den nye "pengebingen" telte vår lille Skrue myntar og sedlar og iverksette neste prosjekt: Å få tak i bankkort...

Det kunne me dessverre ikkje hjelpa han med, iallfall ikkje nå, men kva er nauda når andre fristande tilbod kjem og bankar på døra?

Som for eksempel...ei skilpadde!

Far i huset var på veg ut på joggetur då to unge gutar i 12-13-årsalderen kom stiltrande mot inngangsdøra. Med seg hadde dei ei lita skilpadde som dei visstnok hadde funne ved eit bekkeleie.

Berre av forvitenskap spør far kva prisen er, og det er tydeleg å sjå at gutane tar frykteleg godt i då dei svarer : - 500 Fcfa - altså ca 6 kroner...

Far i huset seier at me nok dessverre ikkje er interesserte og legg i veg på joggetur. Like etterpå kjem det ein snart seks år gammal gut ut døra, med ny lommebok og ein viss betalingsevne, og blar opp dei 500 Fcfa som gjer han til ein forrektige skilpaddeeigar.

Mor i huset blir konsultert etter handelen, og ho kan jo ikkje anna seia at han jo kan gjera som han vil med sine eigne pengar...

Slik blir altså Henrik den stolte eigar av ei skilpadde. Namnet er Sprøk. Og det har si logiske forklaring:
- Bjørn (Solås) meinte den skulle heite Løk, men eg ville ha eit anna namn som rimte, og Sprøk rimar på Løk, forklarte Henrik etter namnefesten.

Nå er det fristande å skriva at Sprøk utan k er ein passande beskrivelse på unge herr Henrik si investering, men kva skal me gjer. For som han seier:

- Eg har jo kjøpt 'an med mine eigne pengar!

Skilpadda Sprøk saman med Henrik, Ask Solås og Elise Slettbakk.

tysdag 31. mai 2011

Mangooooooooo!


Amalie på mangojakt.

Det rislar og raslar i mest kvart eit tre for tida. Plutseleg stikk det eit mørkt hovud fram mellom greinene før det kjem eit par låge dump på bakken.

Mangotid er klatre-i-tre-tid. Mangotid er festtid for store, men kanskje mest for små. Mangotid er også falle-ned-frå-tre-tid, slik Benjamin gjorde sist fredag, sonen til kokka vår Esther.

Ein dristig krabat som klatra så høgt det gjekk an, og så langt ut på greina som - viste det seg - det ikkje gjekk an.

Han fekk eit stort kutt i leppa ned mot haka, men elles gjekk det godt. Nokre sting på sjukehuset, og vips - så var han klar til både mangofangst og fotballkamp igjen!

Mangosesongen har vart nokre veker alt, sjølv om den første tida nok var prega av kartne frukter med ditto risiko for "kartne" magar også. Men nå er mangoen så å seia eteklar rett frå treet, noko også dei norske ungane veit å setja pris på.

På skulen er det nå mangoslafsing i dei fleste friminutt. Elevane hentar ned mango med ei stang, eller får vaktmeisteren og/eller ein av dei vaksne til å hjelpa seg. Dersom mangoen er litt hard, blir han lagt til modning på ein dertil eigna stad, for eksempel i vindauga (sjå bilete under).

Det finst ikkje mange frukter som kan måla seg med mango, om nokon. Så når me snart vender mangofjesene (ja, etinga set viss merke...) heimover, er det med eit visst sakn etter desse saftige og sabla gode fruktene.

Dei er rett og slett mangooooooooooo!


Mangomodning i klasseromsvindauga.

Ida Kristine tar seg av mangoskrellinga...

...medan Erle kan slafsa i seg godsakene.

søndag 29. mai 2011

Ein fin søndag i Tello

Harald Solås lossar ein Honda 125 cc av lasteplanet.

Med ein motorsykkel tjora fast på lasteplanet drog det søndags morgon - i sjutida - ein Toyota HiLux av stad frå stasjonsområdet med adresse kyrkja i Tello Centre. Målet var å delta på opningsgudstenesta av det (nesten) ferdige kapellet i landsbyen som ligg ca to timars kjøring frå Ngaoundére - søraustleg retning.

Taket på det nye kyrkjebygget har familien Tomren gått i bresjen for, medan landsbyen sjølv har stått på for å få midlar til nye veggar. Gudstenesta var også eit farvel med misjonsprest Tom S. Tomren som har hatt sitt virke i denne menigheten - og i dette nye kyrkjedistriktet - dei siste åra. Familien Tomren reiser heim til Norge i sommar etter fire år i Kamerun.

Motorsykkelen på HiLuxen hadde familien Solås skaffa til veges til prostiet i og rundt Tello. Fleire av kyrkjelydane i området ligg avsides til, og ein motorsykkel er det mest sneddne framkomstmiddelet for å nå fram til desse. Doningen blei for øvrig behørig beden for og vigsla til teneste - inni kyrkja (sjå bilete under).

Både nasjonalbiskop Nyiwé Thomas og landsbysjefen var til stades på gudstenesta som varte i ca 3,5 timar. Sistnemnde fekk stor jubel då han med glimt i auga "forlangte" at golvet måtte sementerast - og dét innan ein månad! For det gjenstår både støyp på golvet og sementpuss på veggane før bygget er heilt ferdig. Og då blir det nok ein ny opningsfest!

Her er nokre fleire bilete frå dagen i Tello Centre:

Prosesjon før offisiell opning av kyrkjebygget. Nyiwé Thomas går føre Tom S. Tomren.

Nasjonalbiskop Niywé og prest Tomren klyppar snora.

Kyrkja har fått eit solid tak med takstolar i raudt tre og dekke av bølgeblekk.

Nyiwé innvia mellom anna døypefonten - ein fin kasserolle - under gudstenesta.
Arkivar Thomas Holpou gjer opptak.

Også tromma, keybordet og kollektfata blei vigsla.

Familien Tomren samla utanfor det nye kyrkjebygget etter gudstenesta.
Frå venstre: Trude, Sunniva, Kristin, Tom, Marianne og Pauline.

Motorsykkelen blei trilla inn i kyrkja - og Harald Solås beordra oppå - til stor jubel blant dei frammøtte.

fredag 27. mai 2011

Den blå kamerunlista

Okei, her kjem den blå kamerunlista, lista som kjem på bordet når afrikalivet kjennest leit og vanskeleg. Det er sjølvsagt ei uprioritert og subjektiv oppramsing, og den må helst lesast saman med innlegget Ti på topp i Kamerun for balansen si skuld...:-)

1) Sjukdom og død: Det går mest ikkje ei veke utan me høyrer om alvorleg sjukdom og dødsfall blant barn og vaksne som er langt frå gamle. Utilstrekkelighet er kanskje det ordet som dekkjer best vår kjensle i møte med dette. Men les gjerne denne historia for å sjå at av og til kan enkeltmenneske utgjer ein forskjell. Og her kan de lesa om kva som skjedde vidare.

2) Lureriet: Alt for ofte kjem det folk til oss med uærlege hensikter. Me føler oss av og til som nokre seddelpresser som spyr ut 1000-lappar og 10 000-lappar til alle som spør. Av alle dårlege kamerunfølelsar, er den å bli lurt av ein "uverdig" trengande ein av dei mest irriterande.

3) Motorsykkeltrafikken: Okei, det sit langt inne å skriva noko negativt om motorsyklar, men når ein har budd nokre år i Ngaoundéré, er det lett å skjøna kvifor ein gjer det likevel. Motorsykkeltaxiane myldrar rundt ein, foran, bak, over, på sida, under...og det skjer veldig mange ulykker. Skakkgjengde er eit altfor vanleg syn i bybildet, passasjerar eller sjåførar som er blitt kvesta i motorsykkeltrafikken.

4) Criquetar: Desse svarte grashoppene, eller kva dei nå er, som dukkar opp i skiftene mellom regntid og tørketid, og vice verca. Ekle, kvasse, bråkete og noko av det minst hensiktsmessige som er skapt på dyrefronten - ever!

5) Vannstans: Kjensla av å komme tilbake til Ngaoundéré etter ein lang, støvete og slitsom reise - og der ein gler seg noko vannvittig til ein lang og god dusj - for så å oppdaga at alt som finst i dusjen er svarte criquetar og ingenting vatn, det er ei ganske blå kjensle.

6) Straumstans: Skjer som regel dei dagane då det er tomt for stearinlys og parafin til lampane, og det regnar og er blautt og kolsvart ute, alt medan ein høyrer stadig sterkare surkling og stønn frå kjøle- og frysevarene akkompagnert av datamaskinar som lagar "slutt-på-batteriet-lyd". Men det verste er nok at straumstans ofte fører til vannstans (sjå over)...

7) Dørbanking: Når ein ser fram til ein roleg morgon, eventuelt ettermiddag, og folk kjem og bankar på døra (eventuelt klappar i hendene)  med ein slik intensitet at ein skulle tru at verda går under, men så er det berre ei ung jente som vil selja nokre pistrete gulerøter, då blir det fort mørkeblått i heimen.

8) Avtalar: Bluesen syng i sjelestrengene dei gongene du har gjort ein avtale som ikkje blir holdt, eller som blir underlagt eit for oss nokså intrikat fleksitidsystem der faktorar som regndråpar, treffe-kjentfolk-på-vegen, høfleg forseintkomming og andre ærend gjer møtetidspunktet like elastisk som kautsjokk.

9) Pruting: Kjensla av å ha brukt laaaaang tid på å diskutera prisen på ein trekrakk, og når dealen endeleg er settla og du med eitt sit der med ein uggen følelse av å ha kasta bort masse tid på ein gjenstand du strengt tatt ikkje har bruk for og som blei 5000 Fcfa dyrare enn kva doktor Slettbakk betalte, den kjensla må kallast blå.

10) Korrupsjonen: Dei stadige hinta om pengar under bordet, om det er på politistopp langs landevegen, på eit offentleg kontor nedi byen eller ein kjenning som kan tilby ein teneste for ein brøkdel av prisen, er nokså pyton og ei stor svøpe for utviklinga i Kamerun. Viss me skal definera grunntonane i den kamerunske bluesen, har korrupsjonen sin naturlege plass, saman med aidsen og nepotismen.

På toppen av alt ligg Viking, dei mørkeblå, på botn av Tippeligaen. Trøysta får vera at det derifrå berre finst ein veg: oppover.

God helg!