torsdag 31. mars 2011

Aprilsnarr! ...me kjem heim til sommaren

Motorsykkelen med god plass til fem kunne jo vera eit vektig argument for å ta endå eitt år i Kamerun,
men slik er det ikkje.

Nokon gjekk på 'an (skal ikkje nemna namn), men dei aller fleste gjennomskua vår lille aprilspøk (sjå under). Her i Kamerun kallar dei det for "poisson d'avril", som direkte omsett betyr aprilfisk. Uansett namn på bløffen; me kjem heim til sommaren:-)

Ok, her er lureforsøket:

Etter å ha vore i tenkeboksen ei stund, er me nå komne fram til at me tar eitt år til i Kamerun. Det kjem sikkert som ei overrasking på dei fleste av dykk, men me har heile vegen vore opne for ei forlenging.


Nå har det seg slik at det likevel blir elevar ved Den norske skulen likevel frå hausten av. Heilt i siste liten har me fått vite at ein trebarnsfamilie, der alle ungane er i skulealder, kjem til Ngaoundéré i august.


Dermed opna det seg opp ein mulegheit for Trond å fortsetja som lærar og rektor eitt år til. Etter litt fram og tilbake i familierådet (der foreldra blant anna måtte love innkjøp av Playstation 3), konkluderte me med å ta endå eitt år i Kamerun.


For å spara misjonen for utgifter kjem me derfor til å halda oss i Kamerun i sommar. Me kjem derfor ikkje heim som planlagt. Nokon blir nok kanskje litt skuffa nå, medan andre jublar av glede. Men slik er det - c'est la vie.


Og så får jo Henrik gå første klasse her i Kamerun, og det blir jo stas!

onsdag 30. mars 2011

Aftens med andakt

Me prøver på det jamne å vere audmjuke overfor det faktum at det ikkje er alle i bydelane omkring oss her som kan gå like mette til sengs som me kan.

Det er likevel nokre kveldar me et kveldsmat med meir andakt enn andre kveldar. Så har skjedd heile to gonger dei siste vekene.

Ein sundag ettermiddag kom eg (Jofrid) heim og vart nyfiken på ein pose merka IKEA som låg på strykebenken ved inngangsdøra. Med nærare ettersyn viste innhaldet seg å vere heile to (2) pakkar med flyboren fårepølse. Halleluja!! – og brødskivene den kvelden vart fortært akkompagnert med meir eller mindre høglydte ”Mmmm, Mmmm…”

Ikkje før hadde ”hallalujastemninga” grunna fårepølsene lagt seg, før me fekk ein telefon frå ei gruppe besøkjande frå gamlelandet med spørsmål om kva me helst ville ha: fårepølse eller brunost? Ikkje fritt for at eg trudde eg høyrde feil og måtte be vedkommande i hin enden gjenta spørsmålet. Valet fall på brunosten.

”Få sjå, få sjå!” ljoma det i stova då kolliet med brunosten kom i hus etter heile 8 månader utan denne heilnorske herlegdomen under vårt tak. Ei lukka at det var fastelavnsundag og mor hadde baka bollar. For kva er vel betre enn nybaka bollar med brunost?

Stor, stor takk til familien Fauskanger Pedersen og Kaldhol m/følgje som med sitt storsinn la grunnlag for gode, gastronomiske opplevingar – fortært med andakt!

Norsk fårepølse med kamerunsk peanøttsmør skal ein ikkje "kimsa" av

"Herlega Låndån så herleg..."

torsdag 24. mars 2011

Barnegråt i natta

Tre, fire gonger i året får sjukehuset til kyrkja i Ngaoundéré inn forlatte barn. I sist veke blei eit nyfødt jentebarn funne ved ein tilfeldighet (styrelse?) seint på kvelden utanfor huset til nokre vener av oss.

Å føda heime var ikkje så uvanleg i Norge i gamle dagar. I Kamerun skjer det framleis i forholdsvis stor målestokk, og som regel går det bra.

Og av og til går det bra, utan at det treng vera så bra likevel. Her er noko som skjedde i forrige veke:

Jofrid fekk tysdag besøk av ei som med jamne mellomrom kjem for å slå av ein prat. Litt inn i samtalen spør ho om eg har høyrt at ho fann ein baby. Eg var i stuss over om eg hadde høyrt rett og ba ho gjenta det ho sa. Og jo, det stemde det eg hadde høyrt - ho hadde funne ein baby i tunet utanfor huset.

Tilfeldighetene eller ein styrelse frå oven gjorde at babyen blei funnen. Morgonen same dag hadde dottera i huset selt bananar langs sjukehusvegen for 100 Fcfa til ein mann som skulle senda bananar med ungane på skulen. Bananseljaren hadde ikkje vekslepengar, og mannen kom derfor heim til henne om kvelden, lenge etter mørkets frambrot, for å henta det han hadde til gode.

Idet han kjem inn i tunet, høyrer han barnegråt frå ein eller annan stad i mørkret. Etter å ha fått vekslepengar, ber han mora i huset om å bli med ut for å sjå kor gråten kjem frå. Inntulla i eit handklede ligg ei aldeles nyfødt jente som har fått navlestrengen avriven og gjenknytt med ein flik av ein plastpose.

Venninna får mannen med seg som vitne og tar barnet med seg opp til sjukehuset i nærleiken. Der hender det at barn blir lagt igjen, og sjukehuset har rutinar saman med sosialmyndighetene i byen om korleis dei skal handtera forletne barn. Jenta blir vege på fødeavdelinga og viser seg å ha ei vekt på heile 3200 gram, som er ei god fødselsvekt i Kamerun.

Kva som nå vil skje med barnet, er ikkje godt å vita. Vanlegvis tar sosialtenesta på sjukehuset kontakt med sosialkontoret i byen, som igjen sender barna til eit adopsjonssenter i Yaoundé. Politiet blir også kontakta, og det blir starta etterforsking, men som regel er det ikkje muleg å finna foreldra til barna som blir etterletne.

I etterkant av historia snakka Jofrid og venninna saman om korleis noko slikt kan skje. Kva tenkjer mora som truleg aldri får møta barnet sitt og vita kva som skjer med det? Kva slags situasjon er det som har gjort at ho har valt denne løysinga? Og kva slags liv vil barnet få? Me konkluderte iallfall med at Gud ønskjer at dette barnet skal leva vidare.

I verste fall kunne barnet ha blitt liggjande heile natta ute, om det ikkje var for banankjøparen som kom og skulle ha att vekslepengar. For oss er det uansett ein påminnar om kor viktig det er å ha eit godt utbygd helse- og sosialtilbod der ein kan fanga opp situasjonar som denne, og der mor og barn kan få rammer til å leva liva sine saman.

Sjukehuset i Ngaoundéré, som kyrkja driv, er ei viktig brikke i eit slikt tilbod. Her kan kvinner komma og føda i trygge omgivelsar og samstundes få gode råd og vink med seg på vegen vidare.

Samstundes tenkjer me på mora og/eller familien som ikkje ser nokon annan utveg enn å forlata barnet, heilt åleine, midt ute på ein gardsplass, ikkje med anna ein eit handklede som påkledning og ein plastikkpose som madrass. Livet er tøft for mange i Kamerun, og me kan vel knappast ana sorga og smerten som ligg bak ei slik handling.

onsdag 16. mars 2011

Minister-besøk på Sawtu Linjiila

Ein strålande nøgd statsråd Issa Chiroma (t.h.) takkar direktør Yaya Bournang for mottakinga på Sawtu Linjiila.

Onsdag ettermiddag blei siestaen abvroten av ei fæl uling på stasjonsområdet i Ngaoundéré. Først trudde me det var ein ambulanse som hadde forvilla seg inn på "camp norvégien", men det skulle visa seg eit heilt anna - og meir prominent besøk - som braut stilla denne varme ettermiddagen.

I ein kortesje som talte minst 20 bilar (Jofrid telde til 19, men då hadde ho ikkje tid til meir) sat sjølvaste kommunikasjonsministeren Issa Chiroma. Årsak: Han ville besøka radioen Sawtu Linjiila på si rundreise i Ngaoundéré.

Ei stor ære for staben ved Sawtu, sjølvsagt. Men det var berre ei hake; ministeren hadde sagt at han skulle komma 1530 - men klokka var ikkje meir enn passert 14 då kortesjen - med blant anna CRTV på slep - stansa opp føre hovudinngangen til Sawtu.

- Eg stod i dusjen då følgjet med ministeren kom, og du kan tru eg kledde fort på meg då eg høyrde det smelde i bildører utanfor, ler Ousmanou Ibrahim, radioprest og næraste nabo til Sawtu Linjiila.

Sjølve besøket varte ikkje meir enn ein snau time. Undervegs blei minister Chiroma intervjua på direkten av programleiarane på Sawtu, alt medan TV-kameraa til CRTV rulla og gjekk og eit 20 tals fotografer strekte armane så høgt i været dei kunne for å få nokre gullkorn av statsråden.

- Eg er sjølv frå Garoua, fortalde ministeren då han blei intervjua i studio petel (lille studioet). - Og eg var i oppveksten ein trufast lyttar til sendingane frå Sawtu Linjiila. Programma dykkar blir sett stor pris på av mange, og det er ei ære for meg å få komma på besøk her, sa han på fulani.

Det var også ei stor ære for dei tilsette på Sawtu med eit så storfint besøk. Dei skein om kapp med sola der dei sprang rundt i sine finaste antrekk og gjorde alt dei kunne for at det skulle bli eit vellukka besøk, den halvanna time for tidlege ankomsten til tross. Og vellukka blei det, for ministeren tok seg jamvel til til ein liten matbit som damene på studioet hadde stelt i stand, alt medan hans eigen protokollsjef stressa rundt og sa at nå var det på tide å komma seg av stad - for laamiidoen (kongen av Ngaoundéré) venta på han.

Besøket var rett nok ikkje berre ein rein høflegheitsvisitt, men også for å markera at 2011 er eit valår i Kamerun (presidentval). Derfor har minister Chiroma sett seg føre å besøkja dei største mediehusa i Kamerun for å oppfordra til sakleg og roleg dekning under valkampen.

Samstundes var ingen av oss som var til stades i tvil om at ministeren hadde ei heilt genuin interesse av å besøka Sawtu Linjiila. Og det er i alle tilfelle ei fjør i hatten for den driftige staben at deira stasjon blir rekna som eit av dei viktigaste mediehusa i Kamerun, og det av ein minister som sjølv er muslim!

Her er nokre fleire bilete frå ministerbesøket:

Radioprest Ousmanou Ibrahim (t.h.) intervjuer statsråd Issa Chiroma (t.v.) på direkten.

Direktør Yaya Bournang forklarer kva slags programprofil har. Her i store studio, ministeren til høgre.

Damene på Sawtu hadde stelt i stand god mat, og her ventar dei spent på om ministeren tar seg tid til å smaka på godsakene.

Og det gjorde han. Her er det programsjef Asta Sabya som får æra av å servera statsråden.

Ein stor augneblink for bibliotekar Djoubérou André. Det er ikkje kvar dag at han har ministerbesøk på biblioteket sitt, men det skjedde idag!

- Men, måleriet er jo finare enn kva eg er i verkelegheita! utbraut Chiroma til lattersalver frå dei frammøtte. Det er kunstnaren Remy Namkoissé som har laga maleriet. 

Eit foto "en famille" høyrer med når det er celebert besøk. Her er fleire av dei Sawtu-tilsette saman med ministeren og følget hans framfor bibliotekbygningen.

fredag 11. mars 2011

Mintest Njell Lofthus

Koret Les Amis de Daniel leia an i utgangsprosesjonen i samband med minnemarkeringa.

Fredag ettermiddag arrangerte universitetsmenigheten i Ngaoundéré ein gudsteneste til minne om tidlegare kamerunmisjonær Njell Lofthus som døydde 2. mars 2011.

Saman med kona Ingrid tok Njell Lofthus initiativ til at menigheten på Dang, kor universitetet ligg, skulle få ei ny og større kyrkje. Under arbeid med kyrkja den 25. oktober 2006 fall Njell og skada seg stygt. Han blei lam frå brystet og ned som følgje av ulukka.

Det forhindra likevel ikkje Ingrid og Njell i å reisa til Kamerun i februar 2008 for å ta del i innviinga av den nye kyrkja. Ho har sitjeplass til ca 1000 personar, men på det jamne er dei mellom 1200 og 1500 til stades på gudsteneste kvar søndag, fortalte dei under minnegudstenesta idag.

Det blei ei flott og enkel markering der presten Gadji heldt ein andakt, koret Les Amis de Daniel song og ein representant frå menighetsrådet (Teufieme Chelgomta Epemetus) presenterte livshistoria til Njell. Trond kom med ei helsing på vegner av familien til Njell - og det heile blei avslutta med ein utgangsprosesjon i sørgetakt som er vanleg i samband med gravferder i denne delen av Kamerun.

- Sjølv om kista med Njell ikkje er her, er me saman i sorga og vil markera dette med ein utgangsprosesjon som om gravferda fann stad her, forklarte prest Gadji før prosesjonen starta. Til saman var det kring 400 personar til stades under gudstenesta.

I andakten la han vekt på det vitnesbyrdet Njell Lofthus gav, ikkje gjennom flotte ord og fagre løfter, men gjennom konkret og hardt arbeid.

- De som sit her idag, de er framtidas advokatar, legar, lærarar og økonomar. Følg eksempelet til Njell Lofthus; vær uthaldande i nestekjærleiken sin teneste. Lev ikkje unyttige liv, men lev dei i teneste for Gud, var hovudbodskapen til Gadji.

Her er nokre fleire bilete frå minnegudstenesta, samt ein liten filmsnutt frå utgangsprosesjonen:

Presten Gadji leia minnemarkeringa.

Sjølv om det var fredag ettermiddag, fyltest universitetskyrkja etter kvart opp med kring 400 deltakarar.

Koret Les Amis de Daniel song.

Medlem i menighetsrådet, Teufieme Chelgomta Epemetus, presenterte livshistoria til Njell.

Ved hovudinngangen har menigheten hengt opp ei tavle der dei takkar familien Lofthus og andre som har bidratt til bygginga av den nye universitetskyrkja, som ber namnet til Njell Lofthus.

Samfunnsbyggjaren Njell Lofthus

Menighetsprest Jean Henri Balomog overrekte Njell Lofthus ei gåve på vegner av
menigheten under innviinga av universitetskyrkja i februar 2008.

Denne treffande tittelen har me henta frå bloggen til tidlegare redaktør og styreleiar i Kirkens Nødhjelp,Thor Bjarne Bore, som har skrive eit flott minneord om tidlegare kamerunmisjonær Njell Lofthus og mykje av det arbeidet han har stått for.

Heile minneordet til Bore kan du lesa her.

Det var mange her i Kamerun som mottok bodskapen om Njell sin bortgang i sist veke med stor sorg. Idag, på gravferdsdagen til Njell Lofthus (gravferda finn stad frå Røyken kyrkje), vil det vera ei minnegudsteneste i universitetskyrkja i Ngaoundéré klokka 16.

Som sikkert mange av dykk kjenner til, gjorde, Ingrid og Njell Lofthus ein stor innsats for å få bygd ei ny kyrkje til studentmenigheten, eit flott gudshus i lokal utforming som stod ferdig til innviinga i februar 2008. Denne kyrkjelyden er nå, etter det me forstår, den største kyrkjelyden i Den evangelisk-lutherske kyrkja i Kamerun (EELC). Kring 1500 deltar på gudsteneste kvar søndag.

Under byggjearbeidet på studentkyrkja fall Njell ned og øydela ryggen. Men rullestol og smerter forhindra ikkje Njell og Ingrid i å ta turen til Kamerun ein siste gong for å vera med på innviinga. Og det var ein sterk augneblink då det under innviinga blei kunngjort at universitetskyrkja skulle bera Njell Lofthus sitt namn.

Me kjem til å delta på minnegudstenesta ute ved universitetet i ettermiddag, og me håpar at me kan leggja ut nokre bilete her på bloggen ut på kveldinga ein gong.

fredag 4. mars 2011

18 meter med radiomast

- Eit av våre største ønske akkurat nå er å byggja på radiomasta med 18 meter, seier
direktør Yaya Bournang - her avbilda i Store studio.

Nå skal det handla om radio, og om korleis 18 meter med ekstra radiomast kan skaffa nokre tusen fleire lyttarar. Men mest skal det handla om dei tøffe og flittige folka som jobbar på Sawtu Linjiila - Radio Evangeliets Røyst - her i Ngaoundéré.

For dei som ikkje veit det; Sawtu er ein radio som blei starta i 1966 for å senda program til dei ca 20 millionar fulaniane i Vest- og Sentral-Afrika på deira eige språk. 70 % av programma er allmenne og handlar om alt frå kyr, jordbruk og dyrking av peanøtter, til aidsførebygging, barnehelse og malaria. 30 % av programma er "kristne" (i den grad radioprogram kan vera det).

Fredag blei eg (Trond) kalla inn til eit møte med radioleiinga for å diskutera nokre av utfordringane framover. Og eg synest jo det er litt stas å få lov til å bidra litt på det som var min arbeidsplass frå 1999-2003.

Eg er dessutan imponert over den utviklinga dei har vore gjennom dei siste åra, ikkje minst at dei nå sender fleire timer direkte kvar dag over sin eigen FM-sendar i Ngaoundéré - i tillegg til å halda oppe produksjon og kvalitet til kortbølgesendingane som blir sendt i opptak frå Tyskland. Knallbra!

Men det er likevel tøffe tider. Luthersk Verdsforbund (LVF), som er den største økonomiske bidragsytaren til Sawtu, har varsla kutt på 10 % i overføringane frå og med dette året. Dette gjeld rett nok alt arbeidet som LVF støttar rundt om i verda, og ikkje berre Sawtu.

Men for Sawtu sin del må kutta takast av driftsbudsjettet - sidan sendekostnadene (kortbølgesendingane frå Tyskland) ikkje kan reduserast, og det blir vanskeleg å få til utan at det merkest.

Likevel; staben er full av pågangsmot. Dagens møte handla først og fremst om framtidsplanane deira - offensive sådanne. Og eg gjengir frimodig "ønskelista" deira over utstyr dei treng i månadene og åra framover:

8 fint brukte pcar (gjerne portable, med 1-2 Gb ram og 100-120 Gb harddisk)


4 nye serverar, stasjonære, på 1000 Gb (1 Tb) kvar


5 par nye headsett til dei to studioa


1 teknikar som kan komma på besøk ei vekes tid og kursa produsentane i redigeringsprogrammet
Adobe Cool Edit


18 meter med radiomast til ein kostnad på ca 4000 kroner.

Dette siste punktet håpar dei å få gjort noko med så snart som muleg. To fjellparti stengjer for FM-sendaren som Sawtu sender frå idag. Masta er 24 meter høg, men med 18 meters ekstra høgde vil radiobølgjene komma over fjellkanten og nå landsbyar og småbyar som ligg så langt som 100 km i luftlinje unna.

Seksjonen på 18 meter mast kan produserast lokalt, her i Ngaoundéré. I grunnen er det berre pengane som manglar, og dei er jo ikkje lette å finna når budsjetta blir kutta. Men som så ofte i Afrika; det blei vel ei råd, på den eine eller andre måten...

God helg!

torsdag 3. mars 2011

Støtt døveskulen i Kamerun!

Lærar Eliane Djobdi (fremst) saman med 25 av elevane og dei tre andre lærarane.

Elevar og lærarar ved Den norske skulen i Kamerun (DNS) har lyst til å hjelpe døveskulen her i Ngaoundéré. Dette er det einaste skuletilbodet for tunghøyrte og døve i heile Adamaoua-regionen, og me på DNS vil gjerne utfordra alle til å gode gåver til dette viktige arbeidet.

Døveskulen manglar både stolar, bord, eige skulebygg, lærarar med utdanning, transportmiddel, ja rett og slett det meste ein skule treng for å fungere. Når hjula på skulen går rundt likevel, er det først og fremst takka gode eldsjeler og lærarar som strekkjer seg så langt dei klarer for å gi eit godt skuletilbod til ei utsett gruppe.

På døveskulen er det 28 nå innskrivne, men berre 25 elevar kjem kvar dag. (Dei tre resterande bur for langt vekke til å komma dagleg, men dei kjem innom av og til.) Av dei 25 elevane er det 4 jenter og 21 gutar, alle i aldersgruppa 6 – 20 år. Skuledagen varer frå 0730 til kl 12 kvar dag, bortsett frå laurdag og søndag.

Om det er nokon elevar som ikkje har fått anna undervisning før, uansett alder, må dei starte i første klasse, sjølv om dei f eks er 16 år. På skulen er det berre fire lærarar som har ansvar for to klassar kvar. Lærarane heiter Eliane Djobdi, Maléko Ismaël, Ratouma Angèle og Mme Noupeye. Ingen av dei har fått spesiell utdanning i døveundervisning.

I dag, 3. mars, var elevrådet (Marianne og Amalie) og rektor ved DNS (Trond) på besøk på døveskulen. Der kunne me sjå at dei trengte ein heil del, det sat mange rundt kvart bord, og stolane dei brukte har dei lånt av DNS.

Prisen for stolar og bord er for øvrig 60NOK per stol og 200NOK per bord. Målet er å få inn minst 123 000NOK til døveskulen, men me treng hjelp frå dykk der ute. Har du lyst til å gi en pengegåve til døveskulen?

Send pengar til kontonummer 8220 02 85030 og merk med prosjektummer 621 498. I tillegg til stolar, bord og anna utstyr vil pengane gå til løn, husleige og andre naudsynte utgifter i prosjektet.

Meir info finn du på desse nettsidene.
Amalie og Marianne har tatt initiativ til ein innsamlingsaksjon for Døveskulen i Kamerun. Under er nokre bilete frå skulen som blei tatt torsdag 3. mars:





tysdag 1. mars 2011

Idool - den vakraste landsbyen

Hovudinngangen til chefferiet.

Idag, tysdag, har me vore på skuletur til fulanilandsbyen Idool. Denne landsbyen har guvernøren (fylkesmannen) kåra til den vakraste i heile Adamawa-regionen. Sjå på bileta under, så vil de forstå kvifor.

Idool er kjent for å ta vare på den tradisjonelle fulanikulturen, særleg når det gjeld byggeskikk og dekor. Landsbyen blei oppretta i 1958 etter at styresmaktene hadde bede fleire mindre landsbyar om å slå seg saman til ein større nær hovudvegen.

Året etterpå planta landsbybuarane heile alléar med eucalyptus-tre. Desse svaiar i dag 30-40 meter høge og trekkjer til seg fukt frå bakken slik at klimaet i landsbyen er betre eigna for folk enn for innsekter (mygg). Og for oss gav dei idag svalande skugge i den steikande sola.

Det var landsbysjefen sjølv (Jawru Idool) som viste oss rundt i landsbyen. Han syntest det var står stas å få norske gjester igjen. Norske misjonærar har hatt tett kontakt med Idool opp gjennom åra, ikkje minst Den norske skulen. Så besøket vårt føydde seg inn i ein god og lang tradisjon, og me blei bedne om å føla oss som heime.

Me fekk komma inn i chefferiet (høvdingesetet) kor me blant anna fekk helsa på mora til landsbysjefen. Etterpå avla me skulen i landsbyen ein visitt. Her går det over 400 elevar, som utgjer nær ein femdel av alle som bur i Idool (ca 2000). På skulen manglar dei eit gjerde ut til hovudvegen, noko som har resultert i fleire påkjørslar med påfølgande beinbrot. Men nå har dei planar om å få opp eit gjerde, med litt finansiell assistanse frå sine norske kollegaer.

Etter omvisninga blei me påspandert god mat med ris, kjøtsaus, mais-kosskoss, avocado, baobab-saus, appelsin, brus og te. Afrikansk gjestfridom i praksis - nok ein gong. Det at landsbysjefen er muslim, og besøket kristne, har ingenting å seia, snarare tvertimot. - I denne landsbyen er muslimar og kristne som brødre og søstre, slo landsbysjefen fast, då nokon brakte religion på banen.

Ekskursjonen idag blei ein litt utvida skuletur sidan eit reisefølge (Husebys, familien til Ragnhild Huseby Solås) frå Norge var med, pluss at Jofrid og Henrik ville ha med seg denne opplevinga. Undervegs blei det også tid til ein mat- og fruktstopp i Tellofossen (ja, nokre av oss stod helste i fossen...).

Henrik påstod for øvrig at han kunne høyra susen frå fossefallet over sju kilometer før me var framme ved kaskadene, så hørselen er det ikkje noko gale med på den karen, nei...

Her er nokre bilete:
To glade laksar i fossen.
 Tørsteslukkar...
Maen ser ut til å vera beinare enn skiltet...

Koranskulehytta på chefferiet som barna brukar når dei resiterer og skriv av Koranen.

Dei fleste dekorasjonane er laga av naturmaling, bortsett frå blå- og grønfargane.

Tavlene til koranskuleelevane.

Og her ei litt meir forseggjort tavle med eit avsnitt frå Koranen skrive på adjamiya, det arabiske skriftspråket.

Dottera til landsbysjefen (Houmma, 3 år) viser fram skrivesakene til koranskuleelevane.

Etter omvisninga var det duka for eit nydeleg festmåltid.

Landsbysjefen sa at Idool nærast var som ein "norsk" landsby å rekna, og då passa det godt at me hadde med oss eit norsk flagg i gåve.