søndag 31. oktober 2010

Ja, det finst slangar i Kamerun

Kva type er dette, mon tru? Foto: Harald Solås
Dette er ikkje meint som skrekk og advarsel, men berre ei tørr konstatering av fakta: Ja, det finst slangar i Kamerun. Dette grøne eksemplaret låg i sola og koste seg på ein stein på Ngaoundéré-toppen då me besteig landemerket med skulen for nokre veker sidan. Me har ennå ikkje klart å identifsera kva type det er, men lengda var mellom halvannan og to meter og den var ganske så tynn. Fargen ser de jo sjølve:-) Så langt dette året har me sett ein håndfull levande slangar, pluss eit par døde. Trond er den av oss i familien som har vore i nærast kontakt slangar så langt; først trødde han mest på ein gulbrun slange (ukjent type) på joggetur i retning Apefjellet. Og under ein fotoseanse med familien Solås på veg sørover frå Garoua, var han berre nokre centmeter frå å trø på ein annan. Men det er ingenting å slå i bordet med i forhold til prest Tom Tomren. I går (laurdag) var han ute i same joggeløypa som Trond, og sneia borti ein kryssande slange med foten. Men det gjekk godt, bortsett frå at slangefobien har gode kår etter slike opplevingar...Me for trøysta oss med at det etter sigende berre er ein norsk misjonær som i løpet av 85 år er blitt biten av slange i Kamerun. Og ho skal ha overlevd.

laurdag 30. oktober 2010

Kunst på kamerunsk

Dette maleriet kjøpte me av Béro for nokre veker sidan - og ikkje på utstillinga i går.
Béro heiter ein av fleire dyktige kunstnarar som held til i Ngaoundéré. I går opna han ei kunstutstilling på Det fransk-kamerunske kultursenteret i byen.

Det er tredje gongen han har ei salsutstilling her, ei fjør i hatten for den talentfulle malaren! Han har utstilt 23 bilete med "Harmoni" som tema.

Béro (eller Eric Bidzogo som er hans eigentlege namn) varierer mellom fleire teknikkar, blant anna brukar han aske iblanda maling på dei fleste maleria.

Dei som tar turen til Tau neste år, får sjå iallfall seks nye Béro-måleri på veggane! (Les: ja, det blei litt handel i går:-)

PS1! Etter det me forstår, skal det vera muleg å få tak i Béro-måleri i Norge også, nærare bestemt på Nedstrand hjå Janne Iren Eide som har eit samarbeid med kunstnaren.

PS2! Skal leggja ut eit par bilete til, bl a av kunstnaren sjølv, når nettforbindelsen blir betre.

torsdag 28. oktober 2010

Kvifor skapte Gud criquetar?

Fotogene, ikkje sant?

Akkurat nå er det vårt store teologiske spørsmål. I skrivande stund forsøker ei av desse svarte grashoppene å komma seg inn vindauga på kontoret. Dunk, dunk, dunk.... Dumme som fy (korleis i all verda har ho tenkt å komma seg inn eit lukka vindauge?) - i tillegg til å ha ein paradoksal evne til å komma seg inn i husa likevel. Noko av det me hugsar best frå første økt i Kamerun for ca 10 år sidan, var ein morgon Trond skulle på jobb på radiostudioet. Då var rutinen slik at Jofrid sto klar med sopelimen når ytterdøra skulle opnast. Denne gongen var det 40-50 svarte grashopper som ville inn, medan husbonden ville ut. Sopelimen fekk anten sveipt dei vekk eller dunka dei flate i bislaggolvet. Ikkje eit vakkert syn, akkurat. Det er morgonar me minnest med gåsehud. Og nå er det altså criquetsesong igjen, i skiftet mellom regntid og tørketid. Då kjem dei i svermar - inn under senger, bak skap, inn i dusjen og inn i myggnettingen - akkompagnert av eit evinneleg gnikk og gnål. Det er derfor ikkje utan grunn av me stadig vender tilbake til spørsmålet: Kvifor skapte Gud criquetar? Finst det eit sakleg argument der ute? Er det teologisk grunnlag for å hevda at Vårherre rett og slett kan ha hatt ein dårleg dag på jobben?

onsdag 27. oktober 2010

To Allah yidi!

Sannu, sannu! Eller "hei, hei" som me ville ha sagt på norsk. Fulanien kling over alt rundt oss. Verdas vakraste språk er det ein lingvist ved Universitetet i Oslo som meiner. Og det er me jo helt samde i, etter nynorsken, vel og merka...

Sannu, sannu var dei første orda me lærte på fulani. Og framleis brukar me orda dagleg, om det er å helsa på kokka eller på folk med peanøttbører på veg heim frå åkeren. Men litt fleire ord på fulani har me nå fanga opp i tidas fylde.

Ikkje minst takka Djidda Esaï (biletet) som var Trond sin fulanilærar for ti år sidan. Esaï er blind. Han såg til han kom i tolvårsalderen, men ein sjukdom gjorde han heilt blind på begge augene. Esaï var tidlegare muslim, men blei kristen og gjekk på bibelskulen på Meng då me trefte han første gongen. Det var også der han "privatpraktiserte" som fulanilærar.

Sidan den gongen har me halde kontakten, gjennom gleder og sorger. Mest det første, faktisk. Esaï klarte å gjera seg ferdig med bibelskulen og fekk seg jobb i ein menighet i Maroua. Og for eitt år sidan blei han gift med Jeynabu Therese.

Det var derfor ekstra kjekt at me fekk høve til å treffa Esaï og Therese i haustferien. Dei såg ut til å ha det godt. Nå drøymer dei om å få kjøpt seg ei tomt slik at dei kan få bygd seg eit hus med jordmurstein. Pengane er ennå ikkje på plass, men dei håpar at det ordnar seg på eine eller andre måten. Eller som Esaï sjølv seier: To Allah yidi - om Gud vil.

tysdag 26. oktober 2010

Landsbylegen i sving


I går ettermiddag (tysdag) fekk me oppleva vår eigen landsbylege i full sving. Rune Slettbakk er i Kamerun saman med familien sin dette året for å læra fransk, men han lar ikkje eit godt høve gå frå seg om han kan ta med seg legeveska si ut i broussen for å praktisera litt. På biletet er det jenta til katekisten i Koma-landsbyen, ca halvanna times gange frå Ngaoundéré, som fekk ein legesjekk (faren står bak). Ho var heldigvs frisk, bortsett frå litt snue. Rune delte også ut malariabehandling, antibiotika og fekk jamvel konstatert eit sannsynleg astmatilfelle i løpet av den korte tida han hadde til rådvelde. Mest merksemd fekk han likevel då ein ung herremann kom og ba om hjelp mot hovudverken sin. - Er det din pose som ligg der, spurte legen og viste til ein plastikkpose med nokre "pølser" med sprit i. Jo, han måtte jo innrømma det, og jo, han drakk nå iallfall tre til dagen. - Slutt med spriten så forsvinn nok hovudverken også, skal du sjå! Det klare rådet framkalte både humring blant tilskodarane til "legetimen" og eit par beskjemma nikk frå pasienten. Men landsbylegen var ikkje strengare enn at han gav han eit brett med smertestillande til å bøta på verken når den var som verst. Målet for Koma-turen var elles å overlevera nokre bilete frå besøket skulle gjennomførte i slutten av august. Det var stas. men størst lukke gjorde nok den tydelege landsbylegen!

søndag 24. oktober 2010

Kjensla av ein lommetjuv i buksa

Om lag slik kjennest det å ha ei lommetjuv-hand i bukselommen.
(Denne krabaten blei for øvrig foreviga på rommet i Campement de Rhumsiki).

Å reise i Afrika generelt - og kanskje i Kamerun spesielt - byr alltid på overraskingar. Det fekk me til fulle oppleva på vår haustreise i Nord-Kamerun for litt over ei veke sidan. Me har delt litt bilete på bloggen tidlegare, men her kjem det som skjedde før og etter knipsa - med andre ord; det som ikkje kan festast til andre minnebrikker enn dei me har i topploket. Første del i reisedagboka har me kalla:

Kjensla av ein lommetjuv i buksa

Familiane Solås (far Harald, mor Ragnhild, Erle, Bjørn og Ask) og Hjorteland (far Trond, mor Jofrid, Amalie, Jone og Henrik), samt volontørane Marit og Benjamin forlèt stasjonsområdet like før klokka halv ni laurdag morgon med asfaltkjøring, fuglar (vel, helste Harald :-), Garoua og fotball i blikket. Ca 280 kilometer på nokså gode vegar skal tilbakeleggast på drøye fem timar slik at me kjem tidsnok til dagens store høgdepunkt, fotballkampen mellom Kamerun og Kongo. Dette er nok "once in a lifetime" for oss fotballinteresserte, og det er ikkje fritt for at me har skrøyta litt om storhendinga både i denne og andre kanalar. Og prikken over i-en; kanskje me får møta storscoraren Eto'o, Kamerun sin kaptein, og spydpiss på årets Champions League-vinnar Inter Milan. Han skal etter sigende bu på anten vårt eller eit anna hotell.

Alt går etter planen. Nesten. Me kjem fram til Relais St. Hubert, hotellet, før klokka to. Kampen skal ikkje byrja før kl 1530. Like etter kjem Jean Claude Hamadjam og Thomas Magadji, to tidlegare kollegaer av Trond til hotellet. Dei har med seg billettar - åtte stykke til 5000 Fcfa (60 kroner) stykke. Dei nest dyraste plassane. Prisane varierte frå 1000, 2000, 5000 og til 10 000 Fcfa. - Me må skunda oss, seier Jean Claude og ser på klokka. - Ryktene vil ha det til at det alt er smekkfullt på tribunane, så me får berre komma oss av stad. Me parkerer flesteparten av ungane og kåner ved bassengkanten og drar av stad. Me parkerer bilen hjå nokre andre kjenningar frå Ngaoundéré, Francois og Ruth Gazawa. Dei bur like attmed stadion og me tenkjer det er tryggast å setja bilen heime hjå dei.
Klare for kamp, Jone og Trond. Stadion i bakgrunnen.

Det er ikkje fritt for at me vekkjer oppsikt der me kjem traskande, eit følgje på ni personar, korav dei fem einaste kvite som er å sjå på heile stadionområdet. Spania har nyleg tilsett ein spanjol som landslagssjef (Clemente), men han er nok opptatt med oppladning saman med spelarane før kampen. Den gloheite Garoua-lufta er lada av fotballfeber. Kremmarar fallbyr fotballdrakter og supporterutstyr frå kvar ein ledig plett utanfor stadion. Og innimellom siktar lommetjuvane seg inn mot det ikkje ganske usynlege følget som manøvrerer seg fram i retning inngangen for 5000 Fcfa.

- Dessverre det er heilt fullt de kan ikkje komma inn. Sveitten renn frå panna til funksjonæren som bemannar denne dagens Perleport.
- Fullt? Me har jo åtte billettar og ingen av oss har funne plassane våre? Jean Claude og Thomas forsøker etter beste evne å få mannen til å opna stengselet, men til inga nytte. Det blir snakka om at det er blitt produsert falske billettar i stor stil til kampen, og at mange har komme seg inn ved hjelp av desse. Dermed er stadionet alt på bristepunktet, sjølv om mange (deriblant oss) står på utsida med ekte billettar.

Med eitt får Thomas auge på ein kjenning som står vakt innafor stengselet. I full uniform og alpelue kjem han bort og helsar hjarteleg. Det viser seg at han er av same etniske gruppe som Thomas og Jean Claude, og dei kjenner kvarandre frå tida då han var kommandant på dii-sletta, eit distrikt som ligg mellom Ngaoundéré og Garoua.

- Følg etter meg, så skal eg få dykk inn på stadion. Høglydt og med brystkassen fram trampar han seg veg som ein annan hanefar med oss som kaklande høns etter. Me blir først beordra til å venta utanfor det som ser ut til å vera ein av nødutgangane (som for oss tydelegvis skal tena som nødinngang), men der viser det seg (etter eit kvarters venting) at vedkommande som har nøkkelen til hengelåsen er sporlaust borte. Eit ikkje ganske urimeleg tips går ut på at han har funne seg ein plass på innsida av stadion for å få med seg kampen, noko som det går an å ha ei viss forståing for. Men sikkerhetsmessig er det jo ein smule betenkeleg (for å seia det mildt) at mannen som skal låsa opp viss det blir bråk eller brann på stadion, ikkje er å oppdriva.

Kommandaten er likevel ikkje den som gir seg i første sving. Med myndig røyst og eit kroppsspråk som får folkemengda til å laga ein ørliten passasje (sjå føre dokke Moses og Rødehavet :-), begir me oss til ein annan inngang. Me kjem så langt som til trappa i tunnelen som går opp på tribunen. På ny får me beskjed om å venta, og kommandaten forsvinn i folkehavet på tribunen for å brøyta seg plassar til oss. Det er det siste me ser av han. Borte er han og borte blir han.

I mellomtida får me imdlertid stifta bekjentskap med andre "hjelparar", personar som gjerne vil letta børene våre litt - lommetjuvane. Trond merkar ein neve (som ikkje er hans) smyga seg ned i høgre framlomme kor det kompakte fotoapparatet ligg. Akkurat i tide får Trond tatt om lommen sin slik at han ikkje blir eit kamera fattigare. Men neven sin eigar er det ikkje sjanse å identifisera der me står som sild i tønne i tunnelen. Det krelar rundt oss. Det er varmt. Og me byrjar å veksla mindre karslege blikk.

Ute byrjar det å drype nokre dråpar frå oven. Trengselen aukar (om muleg) på, og me innser at me står særs utsett til - i ei sluse mellom folkehavet på tribunen og ei einsleg dør som leiar til utsida av stadion. I mellomtida er både Harald og Jean Claude blitt merksame på ein person som har følgt etter oss på dei ulike etappane me har gjort i og utanfor stadion. Jean Claude er ikkje i tvil om kva vedkommande er ute etter og gir i tydeleg ordelag uttrykk for at han berra har det med å forsvinna.

Regndråpane stansar like brått som dei starta, varmen held kroppstemperatur, folk er i fotballekstase, og her står me og kjem oss verken fram eller tilbake. Det er på tide å ta ei avgjerd. Ei upopulær, men akk så naudsynt avgjerd. Me må gjera tilbaketog slik at me ikkje risikerer å bli trampa ned av folkemassen. Me kavar oss bort til døra, kor folk pressar på for å komma inn. Og den eine etter den andre greier jammen meg å bryta seg gjennom ordensmakta sin nokså halvhjerta forsvarsring. Plopp, plopp, plopp - demningen kjennest ut til å vera i ferd med å bresta. For kvar mann som pressar seg inn, kjem det tre nye til som prøver seg. Me slit rett og slett med å komma oss ut! Mens dette skjer, kjenner Trond ein ny neve, denne gongen i den venstre framlommen. Men heldigvis har han tømt alt av verdisaker og anna oppi sekken, som i tillegg har fått plass på magen, så det er ei nokså skuffa lommetjuvhand som forsvinn like fort som ho kom.

Endeleg! Thomas og Jean Claude har fått vaktene merksame på at me vil ut, og me får klemt oss ut som ei gjenstridig tannkremtube. På utsida ventar fleire som gjerne vil ha hendene sine i lommane våre, men me klarer å komma oss av stad utan tap av verdisaker. Ein nokså bedugga kranglefant gjer rett noko eit forsøk der han først går forbi oss, tar så ein elegant sving (som hovmesteren i Grevinna og hovmesteren) og lest som han krasjar med Trond. Høgre neven hans er på veg ned i ein lomme, men forsøket er for openberrt til at det kan lukkast, og me ristar han av oss.

Klare for TV-kamp, Harald, Jone, Thomas, Jean Claude, Benjamin og Marit. Heime hjå Gazawas.

Det var derfor ein nokså letta gjeng som kunne setja seg heime i tunet til Francois og Ruth for å sjå kampen på TV. Sjølvsagt var me skuffa over at me ikkje kom oss inn på kamp, det skulle berre mangla, men me var mest glade for at me kom oss heilskinna frå stadionområdet og at ingenting var blitt stole. Det viste seg også at kampen var blitt framskunda frå 1530 til 15 (sic!), visstnok fordi det kongolesiske laget var redde for at det skulle bli regn seinare på ettermiddagen. Det kan for ordens skuld nemnast at det går nokre skotår mellom kvar gong arrangement i Kamerun startar før tida. Men etter, derimot...

Me inviterte våre kamerunske kampfeller til hotellet for å sjå andre omgang. Me ville få bilen ut av stadionnabolaget før stadionportane blei opna og folk og motorsyklar og bilar ville fylla vegane til trengsel. Hotellet låg likevel ikkje lenger vekke enn at me kunne høyra jubelen heilt bort då Kamerun skåra utligningsmålet (1-1 - eit elegant sjølvmål). Så nært det kjentest, men likevel så fjernt. Etterpå fekk me også vite at Kamerun sitt landslag budde på nabohotellet (Hôtel Benoué), ca ein halv kilometer frå der me var. Så dermed røyk også sjansen for å møta Eto'o "live". (Seinare på kvelden havna me i familien Hjorteland rett nok på Hôtel Benoué, men det er ei anna historie som må skrivast ein annan kveld.

Fellesnemnaren er likevel; å reisa i Afrika generelt - og i Kamerun spesielt - byr alltid på overraskingar.

Eit hyggeleg middagsbesøk


Inna, Antoinette og Christine kom med herleg mat til oss i går.
Laurdag opplevde me noko særs hyggeleg: Hawa, ho som var kokka vår sist gong me var i Kamerun, hadde laga middag til oss. Maten blei levert på døra av dottera Christine og hennar barnebarna Antoinette og Inna. Sistnemnde er Jofrid fadder for. Nydeleg pistasjsaus med kjøt og grønsaker, ris, maiskosskoss og injam kom rykande på bordet. Eit herremåltid i ordets rette forstand! Tusen takk til Hawa og jentene hennar - det er Kamerun på sitt mest gjestfrie og smakfulle:-)

onsdag 20. oktober 2010

Makkala - ein enkel delikatesse


Makkala er ein typisk kamerunsk godsak som Amalie og
Jone (og Henrik!) har lagt sin elsk på. Bland litt mjøl, vatn, salt og gjær i ei bolle. Lat stå til heving ein halvtime. Lag små boller av deigen ved hjelp av ei skei og legg dei i ei gryte med varm olje. Makkalaene er ferdige når dei har fått ein gyllenbrun farge. Dei er aller best varme, innrulla i eit tynt lag med sukker. Lykke til!
I går kveld laga Jone og Amalie makkala til filmkvelden dei skulle ha saman med eittåringane (volontørane) og dei andre ungane på sin alder. Kvar ein smule forsvann visst, men mor og far i huset fekk forhandla til seg to makkala kvar før ungane forsvann ut dør. Dei smakte fortreffeleg!

Oppskrift makkala:
1 l mjøl
1 spiseskei tørrgjær (eller tilsvarande mengde med ferskgjør)
Vatn (pass på at deigen ikkje blir for tynn)
1 ts salt

torsdag 14. oktober 2010

I skuggen av eit teaktre

Dette er eit baobabtre, altså...

Det er ikkje så mange slags syslar som er aktuelle når temperaturen har passert 35 grader i skuggen - og framleis er på veg oppover - enn å sitja i skuggen under eit tre. Me er i Maroua, den nordlegaste storbyen i Kamerun, og har funne oss skugge under eit teaktre på campen der me bur. Jofrid og Amalie har tatt med seg nokre andre i reisefølget på den store, tradisjonelle marknaden i byen. Me andre ser på fuglar, har gøymeleken eller legg inn nokre nye ord på bloggen i mellomtida. Dette er nest siste dag på vår haustreise i Nord-Kamerun. Me drar sørover mot Garoua og Ngaoundéré i morgon. Treng nok helga til å vaska klede og fordøya inntrykk - før det er kvardag og ny arbeidsveke på måndag. Legg ved nokre bilete frå dei siste par dagane på tur.
Eselfrakt i Kapsiki.


Vevar i Romsiki.

Pottemakar i Romsiki...

...og pottene

Ein stolt pottekjøpar (pluss ein hatt).

Den lokale mølla i Romsiki - kor hirsen blir til mjøl.

tysdag 12. oktober 2010

Spektakulære Romsiki



Plutseleg fekk me nettdekning her i Romsiki i Nordvest-Kamerun! Då må me nytta høvet til å leggja ut nokre bilete frå det som somme meiner er verdas mest spektakulære fjellandskap. Etter eit døgn her må me mest seia oss samde. Straumen får me frå eit aggregat. Kor nettdekninga kjem frå, veit kanskje berre Vårherre, men me takkar og bukkar. Me har nett inntatt eit herleg måltid med kylling, ris, pommes frites og spaghetti på Campement de Rhumsiki, kor me bur. Etablissementet ligg nydeleg til i lia tvers ovafor grensa til Nigeria og den høgaste toppen her i Kapsiki-distriktet - Zivi. Idag gjekk me faktisk til Nigeria, alle kjempers fødeland - også mamma Jofrid sitt fødeland. For første gong sidan returen i 1973 sette ho sine kvite bein på nigeriansk jord. Artig! I morgon ber det vidare til Maroua, den nordlegaste storbyen i Kamerun, så ber det sørover til Ngaoundéré torsdag eller fredag.
På framkomstmiddelet skal storfolk kjennast

Kongen på haugen


Kvifor er husbonden så beskyttande?

Amalie og Jone måler krefter med Kapsiki - og toppen Zivi.

Zivi



Baobaben klorer seg fast i Kapsiki også, som så mange stader i Afrika elles.

Om me fekk møtt Eto'o på fotballkamp? Det skal me fortelja meir om i eit anna innlegg... 

torsdag 7. oktober 2010

Haustferie med landskamp i fotball

Kanskje, bare kanskje, skal Kamerun sitt landslag og superstjerna Eto'o bu på same hotell som oss i Garoua.
I norsken fekk Jone i oppgåve å skrive eit brev om kva han skal gjera i haustferien. Han valde då å skriva til klassen sin på Tau (6A), og med samtykke frå forfattaren publiserer me brevet her på bloggen vår:

Til 6A

Me skal til Garoua, Maroua og Romsiki i haustferien. Det er nord for Ngaoundere, der eg er nå. I Garoua skal me sjå ein landskamp mellom Kamerun mot Kongo. Eg håper Kamerun vinn. Me skal bu på eit hotell  i Garoua. Pappa seier at me kanskje kommer til å kjøre 100 mil på heile turen. Frå Ngaoundere til Garoua til Maroua og til Romsiki og tilbake igjen til Ngaoundere. Me skal kjøre gjennom savannar, då håper eg at me får sjå løver og andre dyr. I Maroua skal me besøke eit kjempestort marknad der dei sel blant anna sablar (ein slags type sverd ) og masse anna. Og der skal me bu i ein leilegheit. I Garoua er det veldig varmt. Nokon meiner til og med at Garoua er verdas varmaste by. Natt og dag er det av og til over 30 grader.

I Romsiki er det veldig spesielle fjellformasjonar. Me skal gå ein tur til Nigeria ( mamma blei født i Nigeria ). Bare å gå over grensa då. Me skal og gå på ein fjelltur. I Romsiki er det veldig høge fjell. På det hotellet me skal sove på i Garoua, skal kanskje Kamerun sitt landslag og sove på eller Kongo sitt landslag. Bare kanskje. Det hadde vert tøft.

Helsing Jone

PS: Kva skal de gjere i haustferien?

tysdag 5. oktober 2010

Lyden av rennande sisterne om morgonen

Ei syngande sisterne. Illustrasjonsfoto.

Gløym sikadane sin song, gløym saftig mango i tørketida og gløym motorsykkelfridom på savannestiar: Få ting (akkurat i dag - ingen!) slår lyden av ei rennande sisterne om morgonen. Det skal ikkje meir enn to dagar utan vatn før ein kan slå fast det. Samstundes som ein undrar seg over korleis folk klarer seg med rennande vatn i kranen. Kanskje ikkje så dum erfaring å ta med seg, når ein veit at vatn blir ein stadig meir verdifull og knapp ressurs på denne kloden vår?
 Me var heldigvis så framsynte at me hadde ei tønne med vatn ståande i tilfelle vasstans. Men mange ting blir så mykje meir tungvint. Og ein dusj om morgonen kan me berre sjå langt etter. Det trudde me også var tilfellet i morges, der me låg og kvidde oss til kattevask med klut i kaldt regntidvatn. Heilt til sisterna byrja å synga den vakraste song av dei alle; nå er vatnet tilbake!

søndag 3. oktober 2010

Diamantfeber

Utvinninga av diamantar skal nå starta ved Mintom, søraust i Kamerun (sjå kart).
I 2007 hevda kamerunske styresmakter (ifølgje tidsskriftet Jeune Afrique) at dei hadde gjort eit funn av det som truleg er verdas største urørte diamantførekomst i den austlege regionen av landet. Nå, i midten av september, er funnet blitt stadfesta ved at eit kalklag på ca 350 millionar kubikkmeter er blitt avdekka, eit kalklag som visstnok skal skjula eit ukjent tal med diamantar - fortsatt ifølgje Jeune Afrique. Nå har styresmaktene bestemt at det skal etablerast ein stort anlegg for produksjon av klinker, som er ein naudsynt bestanddel i sement. Kamerun har per idag to sementfabrikkar, men begge er avhengige av importert klinker for å kunna produsera. Men med funnet av diamanter blir det altså nye tider. Under uroen i Kamerun i 2008, var det blant anna dei høge sementprisane demonstrantane reagerte på. Prisane er framleis høge, men med klinkeranlegget trur økonomiminsteren, Christian Abolo, at prisane vil gå ned og at diamantgruvene vil gi "enorme arbeidsmuligheter" for kamerunarar. I same rennet har styresmaktene vedtatt å leggja asfalt på ein av vegane i området, nemleg mellom Sangmélima og Ouesso (sistnemnde stad ligg i Kongo). Så får me berre håpa at diamantane finst der dei skal finnast. Og at sementprisane går tilstrekkeleg ned til at vanlege folk får råd til skikkelege husvære. Då kan det berre vera godt med ein liten dose diamantfeber:-)

laurdag 2. oktober 2010

Bavianar liker ikkje croissantar

I dag fann me ut at bavinanar (blant anna den på biletet) ikkje liker croissantar. Eksperimentet blei spontant og uvitenskapeleg gjennomført på veg til Garoua. Hypotesen var at bavianar er altetande, og viss det stemmer, ville dei sikkert ha ein croissant med smør. Målet var sjølvsagt å lokka dei ned frå greinene og ut i vegen slik at me kunne foreviga våre nære artsfrendar på nært hald. Dette siste gjekk forsåvidt etter planen; nokre av bavianane kom ut or buskaset, men snudde like fort då dei såg kva me hadde kasta ut til dei. Hypotesen blei dermed avkrefta, og me slår med eit visst empirisk grunnlag fast at bavianar likar ikkje croissantar!
For øvrig blei turen til Garoua ei påminning om at det skjer mange ulykker på denne strekninga. Nokre bilete under vil understreka det. Men turen blei også ei stadfesting av at Kamerun er eit land i stor endring. Mange stader såg me sveitte manneryggar grava grøfta der fiberkabelen frå sør til nord skal gå. Den skal sikra hurtig og stabilt internett over store delar av landet. Det er kinesarane som står bak, sjølvsagt. Kina har nå eit stort engasjement i Afrika, ikkje minst i Kamerun. Det er blant anna Kina som står bak den fabelaktige søppelhandteringa i Ngaoundéré. Kva dei krev i gjenyting for desse tiltaka, vil nok framtida gi svar på. Her er nokre glimt frå laurdagens tur-retur, Ngaoundéré-Garoua, gjennomført av Harald og Trond, og med Anne Karin Kristensen og Sigurd Haus som hyggeleg reisefølge eine vegen:
 
Her har nok sjåføren tydd til siste bremsealternativ ned falaisen mot Dii-sletta; å skrubba lastebilsnuten mot murkanten. Ulykka må nok ha skjedd i morgontimane laurdag. Me veit ikkje om det var personskadar.
Fiber til folket! Det blir grove og grove langsetter store delar av traseen frå Ngaoundéré til Garoua. Eller som Senterpartiet ville ha sagt det: Breiband til distrikta!

 Her har nok ikkje sjåføren av kassebilen sett lastebilen som stod parkert i vegkanten, og i stor fart brast inn i denne. Følgjene må ha vore fatale.
Med ein croissant i munnen, men det varte ikkje lenge...
Tussi stod langs vegen, men Ole Brumm var nok opptatt med honningjakt.
Afrikansk idyll.

Like a bridge over troubled water...

36 grader i skuggen og desse sprekingane langar ut med gode bører på hovudet attmed Benoué-floden, like utanfor Garoua.

Det har komme mykje regn i nordlege delar av Kamerun i år, og Benoué duvar breiare og meir vassrik enn kva eg nokongong har sett henne før.

Me fekk kjøpt oss flotte graskar i nærleiken av Gamba. Pris: Ca 12 kroner for to store eksemplar.

I mangel på vaskemaskin og tørketrommel...

Siste solglimt laurdag den 2. oktober 2010 på diisletta...