tysdag 28. september 2010

Klart for ein heilt vanleg dag

Klokka er kvart over sju onsdag morgon. Det er klart for ein heilt ny dag her i Kamerun.
Jone og Henrik inntar frukosten ved spisebordet, Jofrid smører seg niste på kjøkkenet og på badet gjer vår nyslåtte tenåring seg klar for å møta verda utanfor, onsdag 29. september 2010.
Ein heilt vanleg kvardag for oss i Ngaoundéré ser om lag slik ut:

Kl 7: Frukost
Kl 0730: Skulestart for dei to eldste og pappa i huset
Kl 8: Mamma og Henrik går på jobb og i barnehagen
Kl 1015: Storefri på skulen under mangotreet (sesongen har ennå ikkje starta, men me får likevel fersk frukt kvar dag). Her kjem gjerne Henrik og dei tre andre barnehageungane for å eta nista si også. Eit av dagens høgdepunkt.
Kl 13: Middag - nærast eit "hellig" tidspunkt her på misjonsstasjonen i Ngaoundéré!
Kl 13-15: Tradisjonelt ei tid for siesta - men dei eldste får gjerne unna leksene då, og pappa tar seg ei økt på skulen
Kl 16-18: Ei god tid for å få unna arbeid og fysiske sysler; då slepp varmen taket litt etter litt.
Kl 1830: Mørket fell som eit teppe over byen.

Etter dette er det faste "programmet" vanlegvis slutt.

Men særleg ein ting må nemnast spesielt: Er det tysdagar, startar barneklubben opp kl 16 og varer til 19. Den er det dei to jentene i 8. trinn, Marianne og Amalie, som står for. Eit kjempetiltak! Ungane som går i klubben må betala ei lita avgift, og overskotet skal gå til eit aidsprosjekt.

Elles susar dagane av stad med alle dei aktivitetane som ikkje kan festast i ein timeplan. Men det får bli ein annan gong, for nå ringjer skuleklokka!

måndag 27. september 2010

Bææææ

Bææææ! Saman med familien Solås har me gått til innkjøp av to sauer som skal bli til herleg pinnakjøt når det stundar mot jul. Handelen blei gjort på laurdag medan me var på Mballang, ca 20 km utanfor Ngaoundéré. Dei skal få gå og beita på Mballang til midten av november. Då blir det slakting som ein del av leirskuleopphaldet for elevane ved skulen. Namn har dei ikkje fått endå. Kanskje like greitt å lata dei forbli namnlause, når gryta ventar der framme om eit par månader...:-) Sauene kosta ca 450 kroner per stykke. Det er snakk om halvanna år gamle søyer, til info for spesielt interesserte...

laurdag 25. september 2010

På fisketur i vulkanen...


Det er ikkje kvar dag ein kan seia å ha vore fisketur i vulkanen, men idag er det jammen santen ikkje langt unna. NMS disponerer eit enkelt, men flott feriehus ved kanten av Mballang-sjøen. Denne innsjøen har fylt igjen det som for svært lenge sidan var eit vulkankrater. Me (Harald Solås og Trond) hadde med oss jegaren og kjentmannen Roger på turen. Han kunne fortelja - med glimt i auget - at ingen nokon gong har kunna måla djupna av Mballang-sjøen. - Ein gong kom ein amerikanar her og hadde med seg 1000 meter med line. Men same kor langt han søkkte tauet nedi vatnet, så ville det ikkje ta botn, sa han. Om det er sant eller ikkje, aktar me å finna ut når skulen skal ha leirskuleopphald på Mballang i midten av november. Me får satsa på å ta med oss 1500 meter med sterk sen... Av fangstresultat kan nemnast at Harald fekk tre karper (to av dei var rett nok små, men likevel) og underteikna ingen. Men eg var god til å ro, og trur de ikkje me fekk start på påhengsen som var der ute også. Motoren var nok i betre stand enn båten, for då me kom til land var vassnivået innabords faretrugande høgt. Trur ikkje det blir båttur med elevane i den farkosten, nei...
God helg!


torsdag 23. september 2010

"Løysing" på dagens dilemma

Ok, her er "løsyinga": Eg valde å gi den 14 år gamle skuleguten dei 500 kronene for at han skulle få behalda skuleplassen sin, slik eg skreiv om for eit par dagar sidan. Ikkje har eg fått sjekka med skulen han går på om historia er sann, ikkje har eg komme i kontakt med personar som kan gå god for han. Og eg handlar på tvers av det som er vår felles, uskrivne policy. Men eg valde å la tvilen komma han til gode og følgja det som Drillo yndar å kalla "magekjensla". Han virka så overbevisande (eller så er det kanskje berre eg som er lettlurt?) Vel, vel - det får det bli opp til Vårherre å vurdera om det var rett eller gale. Uansett er det ikkje mange kronene for oss nordmenn, men for folk i denne delen av Kamerun er det ei trekvart månadsløn...
Takk til de som har kommentert dilemmaet, anten på e-post eller i kommentarfeltet på bloggen! 

onsdag 22. september 2010

Projet rentable

Gruppa bak kyllingfarmprosjektet, frå venstre: Géneviève, Maximilien, Dandi, Alice, Avon, Philomène, Sarah og Modibo (førenamna). I bakgrunnen bygningen som skal husa 200 kyllingar.  
I ettermiddag besøkte me eit såkalla "projet rentable". Det var leiinga i ungdomsrørsla i kyrkja, JEELC, som inviterte oss opp til ein av dei nye bydelane i Ngaoundéré - Mbamyanga - der dei hadde kjøpt ei tomt og sett opp eit enkelt hønsehus. "Projet rentable"? spør du kanskje. Jau, det er eit prosjekt som skal gi avkastning. Ungdomsrørsla håpar at oppdrett av kyllingar - fortrinnsvis til kjøtproduksjon - skal gi klingande mynt i ei elles slunken kasse. Nå er det langt frå alle "projet rentable" som gir avkastning, så dei har eit langt lerret å bleika - ungdommane - før dei er komne så langt at kyllingfarmen kastar av seg. Men me har lyst til å ønska all muleg lykke til på vegen. For det er iallfall ein ting som heilt sikkert; det blir inga avkastning for den som ikkje prøver. Den 3. oktober er det offisiell opning, vonaleg med 200 fjortendagars gamle kyllingar på plass!

Denne krabaten er nok berre nokre dagar gammal, men  har alt funne sin plass på kyllingfarmen.

tysdag 21. september 2010

Gå til mauren og bli vis...


...heiter det. Heime hjå oss er det motsett; me treng ikkje å gå til mauren - den kjem til oss. I strie straumar. Her ein kveld strødde me litt sukker på kjøkkenbenken. Målet var å knipsa dei brune, flittige gjestene våre på nært hald. Og ganske rett. Morgonen etter stod det to krabatar og svaia i sukkerrusen. Eg fekk tatt to-tre raske bilete før dei oppdaga faren og pilte av stad ned i ei glipe som det finst mange av på kjøkkenet vårt. Mange slags gjester har me også. Kakerlakkar er ikkje eit uvanleg syn, og på rommet til Amalie har ei firfirsle installert seg. Folk som har budd i dette huset før, har jamvel hatt besøk av slangar. Me får håpa at dei held seg unna. I sist veke blei det tatt ein ny slange i hagen vår. Den andre på halvannan månad. Kva type det var, veit me ikkje. For då me skulle sjekka det ca 40 cm lange kadaveret, hadde mauren (ja, han er flittig) forsynt seg så grådig alt, at skinnet var ugjenkjenneleg. Men heller ein flittig maur enn ein giftig slange!

måndag 20. september 2010

Dagens dilemma


Skal, skal ikkje?

Ein ung gut på 14 år står utanfor døra vår. Eg kjenner han ikkje, men bodskapen hans er klar:
Dersom han ikkje greier å skaffa 40 000 Fcfa i skulepengar til i morgon, mistar han plassen sin.
Altså; dersom eg gir han dei 500 kronene som summen i Fcfa representerer, så vil han framleis ha skuleplass.
Men det er fleire haker ved dette: Eg kjenner han som sagt ikkje, eg veit altså ikkje om det er ein lukkejegar som har blinka seg ut ein naiv nordmann som mål for eit aldri så lite lureri. Dessutan har me ein uskriven policy på at me helst ikkje skal gi ut pengar til folk me ikkje kjenner.

Eg ber derfor om å få sjå karakterboka som bevis på at han faktisk er innskriven på den vidaregåande skulen han påstår å gå på. Karakterboka kjem opp - med gode skussmål i alle fag, inklusive orden og oppførsel. Og her han står føre meg, virkar han å vera sanninga sjølv. Ein dønn ærleg 14-åring som ikkje veit anna råd enn å gå på døra vår for å be om hjelp. Kva skal eg gjera?

1) Vil eg ha på meg at det var eg som stansa utdanningsvegen for denne ungdommen, fordi eg ikkje ville gi han dei 500 kronene? Helst ikkje... 
2)Men på den andre sida: Er det ikkje betre å hjelpa dei mange me kjenner som me med visse veit har trong for pengane? Det er jo lett å kjøpa seg reint samvit for 500 kroner og så aldri sjå vedkommande igjen.
Spørsmål som dette møter me fleire gonger i veka. Kven skal me hjelpa - og kven skal me ikkje? Behovet er utømmeleg - me greier uansett ikkje å hjelpa alle som ber om det. Og kva hjelp er det som verkeleg hjelper?
Kva ville du som les dette ha gjort i tilsvarande situasjon? Gitt han pengane - eller sendt han av stad med uforretta sak?

Trond

søndag 19. september 2010

Tenåring i huset


Dagen i dag er ein stor milepæl i den hjortelandske heim. Som den aller første av ungane har Amalie gått inn i tenårene sine rekker. Me gratulerer alle saman! Kor alle desse 13 åra er blitt av, veit me ikkje. Det kjennest mest som igår at me heldt deg i nevane våre for første gong. Og nå er du plutseleg ein tenåring...Då passar det med eit bilete frå London-turen i sommar - med godjenta vår framfor Big Ben - tikk, takk ...:-)

laurdag 18. september 2010

Den største gleda ein kan ha...


...er å kjøra motorsykkel! (Her må det presiserast at det er far i huset som er forfattar, men begge sønene vil skriva under på det). Me har gått til innkjøp av ein TVS 125 ccm (truleg ein indisk modell, skrudd saman i Nigeria), den mest vanlege motorsykkelen her nede. Ein firtaktar med herleg lyd og passe fart. Slår kanskje ikkje ein BMW GSA ned i støvlane (eller kva, Harald??) men godt er det likevel å få litt luft under vengene . I går var far i huset ein kosetur bortover Ballangvegen. Sykkelen oppførte seg eksemplarisk på jordvegen, og me kom opp i ein fart av imponerande 55 km/t i oppoverbakke! Henrik likar å ta ei økt oppå tanken, men då inne på stasjonsområdet. Jone vil helst kjøra sjølv, men det skal me ikkje skriva noko om her på bloggen. God helg til alle!
Far & søner Hjorteland

laurdag 11. september 2010

Fantastisk FANTASIA!

Me er akkurat tilbake frå ei fantastisk oppvising i hestekunst og tradisjonell feiring. Det var laamiidoen i Ngaoundéré (biletet) som inviterte høg og låg til fest utanfor lamidatet i samband med id og avslutninga av ramadan. Fantasia blir festivitasen kalla. Her er nokre lågoppløyselege bilete som gir nokre glimt av det me fekk sjå - nedst er det Eivind Saaghus som blir intervjua av CRTV - Kameruns svar på NRK:

fredag 10. september 2010

Muslimsk "julaftan"


I ettermiddag blei me inviterte heim til Jeynabu (biletet) og barnebarnet hennar Koulsami. Dei er muslimar, og dagen idag er ei av dei største høgtidene i islam. For etter nær ein månad med fasting frå soloppgang til solnedgang (ramadan) var endeleg dagen kommen då dei igjen kunna nyta vått og tørt i dagslys. Denne festen blir kalla id. I fem dagar til ende skal muslimane i denne delen av Kamerun feira at fastetida er over. Og som ved kristne høgtider er det sosialt samvær og bordsete som pregar feiringa. Hyggeleg var det iallfall å bli invitert heim til Jeynabu og Koulsami for å sjå korleis dei markerer denne høgtida.

onsdag 8. september 2010

Radiokjendis klar for Mali

Modibbo Atouva Daniel er eit kjent og kjært namn for dei utallige lyttarane i Vest- og Sentral-Afrika som har følgt radiosendingane til Sawtu Linjiila dei siste 30 åra. Atouva har vore sjølvaste radiopresten og den personen lyttarane gjerne skreiv til når dei tok kontakt med studioet. Eg skriv dette i fortid, for Atouva blei pensjonist i sommar. Men tru ikkje at han ligg pålatsida av den grunn. I desse dagar drar han og kona til Mali på eit to års-engasjement for arbeidet blant fulaniar der. Sprekt gjort, og fantastisk spennande! Det er nok mange fulaniar i Mali som vil nytta høvet til å få ein prat med sjølvaste modibboen frå Sawtu Linjiila. God tur - og lukke til!

PS! Atouva har fått ein etterfølgar som radioprest på Sawtu Linjiila. Han heiter Ousmanou Ibrahim og er den første kamerunske fulanien som er blitt prest. Han skal me presentera litt seinare på bloggen.

måndag 6. september 2010

Damer med tæl!


Satou Marthe (t.v.), Abou Christine og Iyawa Madeleine tar nokre elegante dansesteg til ære for fotografen (Trond) i samband med eit intervju til Misjonstidende. Intervjuet kjem på trykk i oktobernummeret, så det er berre å følgja med:-) Kan røpa såpass at Christine er hovudperson i intervjuet, ei dame med mange jarn i elden. Men det kunne fort ha gått annleis. I 2002 blei ho overfalt og nær stukke til døde med kniv. Ho overlevde - med eit nødskrik. Nå, åtte år seinare, er ho meir i farten enn nokongong. Og mellom alle syslene i kyrkja, tener ho til livets opphald som sekretær på eit muslimsk collège...meir om denne fargerike dama får du i Misjonstidende!

laurdag 4. september 2010

Ramadan-feiring 11. september

Avslutninga på årets ramadan (muslimane sin fastemånad) fell i år på 11. september. Dei siste vekene har me snakka med fleire muslimar som har slite seg gjennom varme dagar utan mat og drikke. Først når sola går ned, kan dei ta til seg noko næring. Då kan dei til gjengjeld ha etegilde til langt på natt - og heilt til sola står opp dagen etter. Men så er det på 'an igjen med ein ny faste-dag. På biletet ser me muslimar i Burkina-kvartalet under fredagsbøna. Me passerte tilfeldigvis forbi på bønetidspunktet, og fekk sjå eit mektig skue når fleire hundre menneske bøygde seg i takt mot Mekka. I Ngaoundéré er det ca 60 % muslimar og 30 % kristne. I det store og heile er det ein fredeleg sameksistens, også i den stadig veksande bydelen Burkina der det kanskje er halvt om halvt med kristne og muslimar. Id heiter den festen som markerer slutten på ramadan. Det er mest som julekvelden for kristne.

fredag 3. september 2010

Slik har me det!

Velkommen til ein heime hjå-reportasje frå Kamerun! Bileta er tatt av Jone og Amalie.
I huset vårt, som er kalka kvitt både på innsida og utsida, er det fire soverom, ei stove, eit bad, eit kjøkken, ei bod og ein veranda.





I hagen er det ein bukkaro, ein sandkasse og ca eit halvt mål med plen. Inntil nyleg var det også ein kobraslange i hagen, men den tok hageguten vår - Gilbert - livet av, etter at han (Gilbert) først vart biten i handa. Det enda med motgiftsinjeksjon på sjukehuset og to vekers sjukemelding. Men nå er Gilbert tilbake i jobb, og takk for det!



Me har også ein velbrukt garasje og ei sitjegruppe på framsida av huset. Den er god å ha når det kjem besøk - og me ikkje er heime. Då er det ikkje uvanleg at folk ventar både ein og to timar på benken i hagen før me kjem heim.


Bilen, ein Toyota Landcruiser 2000-modell, har kjørt ca 140 000 km på kamerunske vegar av diverse kvalitet. Det ber nok doningen litt preg av, ikkje minst luktmessig. Me kallar det brousse-lukt; ein odørmiks av raud jord, regntidslekkasje i bilen og fleire års oppsamling av støv. Ein og annan sveittedæsj av slitne sjåfør- og reiseryggar kan me vel også ana frå bilsetene...:-)
Til slutt kan nemnast svømmebassenget, som ikkje tilhøyrer "vår" konsesjon, men som berre ligg 20 meter frå huset vårt. 12,5 meter langt, og svalande godt når varmen tar tak.
Me lir altså inga naud på bu-fronten - om nokon skulle ha trudd det:-)
God helg!

PS! Denne "gjesten" har me også i huset vårt, nærare bestemt på rommet til Amalie...ein god myggjegar er alltid god å ha:-)

torsdag 2. september 2010

Sykkelguten



Først av alt: Straumstansen som me melde om i går, er det førebels ikkje blitt noko av. I mellomtida får me blogga for fulle mugger...
Dagens nyhende får vera at Henrik (5) verkeleg har fått dreis på syklinga etter han kom til Kamerun. Nå i ettermiddag tok han runde på runde på fotballbanen saman med storebror Jone. Stor stas! Stolt som ein hane sykla han den vesle vegstumpen opp til huset vårt, før han tok ein elegant sving i tunet og gjekk av sykkelen -smilande frå øyre til øyre. Henrik helsar spesielt til Magnus som har gitt han den kule "edderkoppsykkelen". Den funkar kjempegodt!

onsdag 1. september 2010

Straumstans i tre dagar

I dag melde radioen at det blir straumstans på dagtid i tre dagar framover; torsdag, fredag og laurdag. Me får håpa at det ikkje blir meir, men me får likevel ha straum morgon, kveld og natt. Så eitt og anna blogginnlegg skal det vel bli ei råd med...



Nå har me vore snart fire veker i Kamerun. Det har kakka på døra i eitt sett om ettermiddagane. Koseleg med besøk! Her ein ettermiddag kom leiargruppa ved Sawtu Linjiila på besøk. (På biletet er den den nye direktøren Yaya Brunei som prøver seg bak spakene ein søndags morgon.) Ei gild stund! Me drøste om turar me hadde hatt og løgne episodar frå tida då Trond jobba på radiostudioet. I løpet av dei siste åra har radioen skaffa seg sin eigen FM-sendar i Ngaoundéré og sender mange timar direkte kvar dag. Imponerande kva dei har fått til med begrensa midlar! Nå har dei eit ønske om å byggja på masta der sendaren er festa, slik at radiobølgjene kan nå endå lengre ut på Adamawaplatået. I tillegg blir programma sende frå eit titals andre FM-radioar i Kamerun og Tchad, samt frå ein kortbølgesendar i Tyskland. Den er så kraftig at Sawtu Linjiila stadig mottar brev frå radioentusiastar frå så langt vekke som Kanada og Japan!

Det får vera alt i denne omgang. Nå skal Jofrid på møte i ei Femmes pour Christ-gruppe. Me andre får ta oss ein tur ut i den lumre ettermiddagsvarmen, før neste regntidsskyll veltar inn over oss.