fredag 12. november 2010

Damenes detektivbyrå


Det er vel eit teikn på at leseprosjektet har slått an når friminutta blir brukte til å lesa vidare på serien om Damenes detektivbyrå. Her frå gårsdagens fruktpause under mangotreet.

Det berre måtte bli slik: Damenes detektivbyrå er tema for storskulen sitt leseprosjekt ved DNS Kamerun denne hausten. I tre veker til ende skal dei fem elevane på 5., 6. og 8. trinn fordjupa seg i Mma Ramotswes små og store mysterier, dama som fekk det føre seg å starta Damenes aller første detektivbyrå i byen Gaborone i Botswana.

Kick off var i går, torsdag, og elevane kasta seg med stor leselyst over bøkene. Jamvel friminutta blei brukte første dagen. Med det lesetempoet elevane legg opp til, vil dei seks (6!) bøkene me har bestilt vera ferdigleste før me får sukk for oss...:-)

Det er mykje som er likt mellom Kamerun og Botswana, og i tillegg til god litteratur, er håpet at elevane skal bli litt betre kjent med begge desse landa undervegs i leseprosjektet.

Me har også ein aldri så liten draum om å komma i kontakt med forfattaren av denne serien, skotten Alexander McCall Smith, slik at elevane kan få senda han nokre spørsmål (på engelsk) via e-post. Men så langt har det ikkje lukkast oss å få tak i e-post-adressa hans, men me gir ikkje opp ennå.

Ein ting som iallfall er sikkert, og det er at elevane skal få ein aldri så liten smak av rooibos-te i løpet av desse vekene, Mma Ramotswes favorittdrikk.

Det kan for skams skuld nemnast at det nystarta Herrenes detektivbyrå førebels ikkje er komme synderleg langt med saka Den forsvunne kyllingfarmen. Me håpar derfor at leseprosjektet og Mma Ramotswe kan gi oss nokre gode råd og tips til korleis saka skal gripast an. Kanskje er det berre litt rooibos-te og kvinneleg intuisjon som må til?

1 kommentar:

  1. Hei, det er veldig kjekkt å følge med på det dere forteller. Men skulle hatt kontakt, kan du sende meg en mail Trond?
    Anita

    SvarSlett