fredag 24. desember 2010

Hjulefeiring

Gode hjul - for å kunna bera heile familien!

Jula i år blir ei slags hjulefeiring. Så snart pinnakjøtet (det heimelaga sådan) er fortært, pakkane pakka opp og bilen pakka igjen, set me nasen mot Atlanterhavet og Kribi andre juledag. Kanskje 14-16 timars kjøring. Men kva gjer vel det når me endeleg skal få sjå hav og bølgjer igjen etter fem månader i innlandet?

I skrivande stund er huset i ferd med å vakna til liv. Hagemannen vår, Gilbert, er ute og rakar lauv. Han har på seg støvmaske, for det ryk godt når riva ruskar i bakken. Etterpå skal han til med vannslangen. Støvet held seg nede eit par timar når oppkjørsel og den nå grassnaue plenen får seg ei spyling.

Under "juletreet" har det vel aldri vore så få julepresangar som i år. Det kjennest faktisk heilt ok. Nå får ungane snakka for seg sjølve, men det har faktisk vore ganske befriande å sleppa unna det som fort blir eit førjulskav i Norge, ikkje minst alt styret med pakkar.

Fire greiner frå sypressen utanfor skulen, surra saman med sterk fiskesen, gjer teneste som juletre i år. Heile sulamitten er plassert i eit melkespann fylt med sand. Ein krok i taket og endå litt meir sen måtte likevel til for at stasen ikkje skal ramla ned. Glitter og raude julekuler i ulike variantar er alt me har av pynt, pluss lys.

Føremiddagen vil gå med til besøk hjå venner og kjente for oss vaksne, medan ungane tar seg ein roleg start på dagen med PS2-speling og TV. Seinare skal me ha fellesvisning av "Tre nøtter til Askepott", før friluftsjulegudsteneste i hagen vår kl 16 for den norske kontingenten.

Ønskjer alle saman ei velsigna og fredfull jul - og alt godt for det nye året.

Jofrid & Trond & Co

Me skal ta bilen til Kribi, altså...

onsdag 22. desember 2010

Den fullkomne lykka


Kamerun er velsigna med mange underfundige folkeeventyr. Her er eitt av dei;

Den fullkomne lykka

Fem rike menn sat rundt vinbolla og radla om kva som kasta skugge over tilværet.
- Barna er mi einaste plage. Dei spring rundt og bråkar verre i huset. Somme gonger går det ut over middagsluren.
- Konene mine blir sjalu på kvarandre og skapar ein dårleg atmosfære.
- Eg har ikkje barn, og eg vil gjerne ha ein etterkommar som kan forvalta rikdommen min.
- Eg har ikkje klart å finna meg ei kone, ingen har passa meg.
- Og eg, eg skulle så gjerne ha vore fødd som prins. Eg mistar gleda når nokon nemner at forfedrene mine var bønder.
Mens dei tatla slik og ruste seg på varm vin, kom det ein gjeng med utsvelta menneske og plyndra dei for alt. Før dei forsvann i skogen, etterlét dei seg nokre løpesetlar kor det stod:
"Vårt einaste problem: Eit husvære, god helse og brød".

Moralen? Kanskje det er å vera takksame for det me har, for det kan forsvinna før me veit ordet av det.
Og at det finst nokre problem som er større enn andre. Trass alt.

God bittelitlejulaftenhelsing frå oss i Ngaoundéré.

måndag 20. desember 2010

På DVD-slepp i Garoua

Sadou Elie (t.v.) og Ousmanou Ibrahim med DVDane - og garayaen.
Nokon av dykk har kanskje lese om Ousmanou Ibrahim tidlegare på denne bloggen, koraneleven som nå er blitt prest. Søndag var det offisiell presentasjon av DVD-en som er blitt laga om livet hans.

Sjølve "sleppet" blei gjort i den største av kyrkjene til Brødrekyrkja i Garoua. Trass i at det hadde vore ei lang gudsteneste om føremiddagen, kom det likevel kring 200 personar for å få med seg denne hendinga.

Elles var det veldig kjekt å treffa igjen gode kollegaer og venner frå åra på Sawtu Linjiila . Ikkje minst Thomas Magadji og Jean Claude Hamadjam som nå begge bur og arbeider i Garoua. Nokre av dykk hugsar kanskje å ha truffe dei i Norge i 2004 og 2005.

Hyggeleg var det også å få møta att Sadou Elie, songevangelisten som med sin garaya (eit slags gitarinstrument) får ei kvar forsamling til å jubla og dansa - om dei vil eller ikkje. Han har også vore Ousmanou sin store støtte etter konverteringa.

Derfor var det naturleg at Sadou, som nyleg er ferdig med presteutdanninga si, leia DVD-sleppet. Då tida kom for takketalar sa Ousmanou følgjande: - Sadou er som ein far, ein bror og ein kamerat for meg. Utan hans hjelp, veit eg ikkje korleis det hadde enda.

Her er nokre bilete:


Ousmanou i god drøs utanfor kyrkja i forkant av sleppet.

Den første DVD-kjøparen fekk også eit handtrykk med på vegen.

Signering høyrer sjølvsagt med på DVD-slepp.

Salet gjekk unna som berre det, og kasserar for dagen - Thomas Magadji -kunne kosta på seg eit stort smil.

Sadou Elie fekk folk på føtene med songen og garayaen sin.

laurdag 18. desember 2010

Historisk "ice breaker" i Kamerun

John Fru Ndi (t.v.) og Paul Piya i gemyttleg prat. Biletet er henta frå nettstaden journalducameroun.com

I 20 år har dei vore to av dei fremste politiske kamphanane i Kamerun. Men aldri i løpet av desse 20 åra har dei truffe kvarandre ansikt til ansikt. Kven snakkar me så om? Jo, Kameruns president Paul Biya og hans sterkaste opponent, John Fru Ndi - leiaren av Social Democratic Front (SDF).

Vekemagasinet Jeune Afrique skriv at av alle toppolitikarar i Kamerun, er det berre Biya og Fru Ndi som aldri har møttest. Ikkje før nå, fredag 10. desember, i Bamenda. Sidan det berre er 10 månader til Kamerun skal ut i eit nytt presidentval (oktober 2011), blei det spekulert i kvifor dei to markante motstandarane endeleg fann tida inne for å møtast.

Møtet kom i stand etter ein invitasjon frå Fru Ndi som saman med SDF har sin politiske base i nordvest-Kamerun kor Bamenda er regionby. Og det var i samband med feiringa av den kamerunske hær sin 50-årsdag i Bamenda at høvet bydde seg. Biya var alt i byen for å vera med på markeringa og fann altså tid til å eit møte med sin hovudopponent gjennom 20 år.

Fru Ndi hadde to hovudsaker på sin agenda: 1) Opposisjonen sin situasjon i Kamerun og etablering av rammene for ein dialog med makthavarane 2) ELECAM - organisasjonen som på uhilda vis skal sjå til at val og folkerøystingar i Kamerun går føre seg etter boka. SDP og Fru Ndi meiner at så ikkje er tilfelle, og at ELECAM er eit verktøy for presidenten og den sitjande regjeringa, utgått av partiet RDPC.

Særleg det siste punktet er eit ømtåleg tema her i Kamerun. Men trass i det, skal møtet, som varte i 35 minutt, ha gått føre seg i hjartelege og avslappa former. Symbolsk nok snakka Biya fransk og Fru Ndi engelsk, så dei måtte ha hjelp til omsetjing. På mange vis representerer Fru Ndi det anglofone Kamerun, og det meste av hans oppslutnad er derfor å finna i den vestlege delen av landet, som grensar mot Nigeria.

Kva blir så konsekvensane av dette møtet?
- Ingenting vil bli som før, uttalar eit anonymt og tidlegare medlem av nasjonalforsamlinga, tilhøyrande SDP, til Jeune Afrique. Han er svært glad for den dialogen som nå er etablert mellom det som truleg blir dei fremste opponentane i presidentvalet. Elles er denne saka omtala på nettstaden cameroononline.org der kommentarfeltet inneheld blanda reaksjonar blant folk.

Men mange er positive til at Fru Ndi og Biya nå snakkar saman, det må jo seiast å vera eit framsteg etter 20 år med avstandsfekting.

fredag 17. desember 2010

Gospel Singers toppa julefesten!

Marit F. Pedersen i duett på "Nå er den hellige timen",  flott framført av både solistar og kor!
Mens fjøslyktene blafra på kanten av bassenget, mens ungane tusla rundt mette og gode av kaker og nissefrakta julesnop, mens foreldrene sat og drøste under ein halvmånefull stjernehimmel, mens alle sat og tenkte at nå var nok ei juleavslutning (ei svært vellukka sådan) i ferd med å renna ut av tida - akkurat då skjedde det som berre kan skje i Afrika og Kamerun:

Syngande og dansande og trommande kom koret Gospel Singers duvande inn døra til biblioteket, stilte seg opp på scenen og gav oss ein "grande finale" på ei allereie flott juleavslutning. Sjølvsagt var det "grand old man" Erik Sandvik som hadde ordna det slik. 

- Eg gjekk innom øvinga deira på veg til juleavslutninga og spurte om dei ikkje ville gi oss norske ein smakebit i løpet av kvelden, fortalde Erik etterpå. Blant mykje anna han må ta på si rikt dekortere misjonærkappe, er opprettinga av Gospel Singers. Og hjartet hans bankar framleis varmt for dette dyktige koret, som fleire gonger har vore i Norge.

Og Gospel Singers tok han på ordet, kom, song og vann "nachspielet" på juleavslutninga med songar på fransk, engelsk og norsk (Nå er den hellige timen). Takk til Gospel og Erik som gav oss denne flotte opplevinga! Til slutt ei rose til eittåring Marit Fauskanger Pedersen: Ho stiller seg opp i koret og dansar og syng som ho aldri skulle ha gjort noko anna, i tillegg til å synga solo/duett! Wow, tøft gjort!!

Her er nokre bilete frå resten av festen, som definitivt også er vel verdt eit par tilbakeblikk:
Jone spelte hovudrolla Artaban i Den fjerde vismann (stolte foreldre!), medan Henrik måtte nøya seg med rolla som kamelpukkel saman med førstekamelpukkelkollega Ask (roller gjennomført med finesse og bravur!).

Velfortent applaus for framføringa av Den fjerde vismann.

Henrik var mus på låven til Nissen. Ei flink mus.

Gruppa "Treige jenter" tok ein "Raske Menn"-variant; juleevangeliet dramatisert på under fem minutt.
Kay, det var bra!

Juletregang rundt mangotreet på skulen.

Sjølsagt kom Julenissen, han måtte berre skifta ut dei slitne
reinsdyra med antilopar då han kom sør for Sahara.

torsdag 16. desember 2010

Gratla med dagen, mormor!


Tante Tin (Aud Karin) og nevø Kolbjørn sluttar seg sikkert også til gratulantane til mormor.

Me har gjort det til ein vane å gratulera besteforeldre her på denne bloggen, og det er ein skikk me har tenkt å fortsetja med.

Idag er det mamma, mormor og svigermor (kjær dame har mange namn) sin tur ut. Kven skulle tru at det er 71 år sidan ho glippa med augene for første gong, i ei aller anna stove på Goddo, Bømlo?

Etter den tid har dei same augene sett mykje rart på sin veg gjennom livet. Noko av det me i familien hugsar best (minus Henrik, han var ikkje fødd då), var den gongen mormor kom og besøkte oss i Kamerun i 2002.
Sprekt gjort av ei sprek dame!

Du er hjarteleg velkommen til å gjera ein ny reise ned til oss her i Kamerun. Uansett: Me ønskjer deg alt det beste på denne dagen!

Varme (ca 18 grader nå i kveldinga) helsingar
Oss fem i Ngaoundéré

måndag 13. desember 2010

St. Lucia-feiring i Kamerun



Tryggast å stå i vindauga...

Det er etterkvart blitt ein tradisjon at norske barn går St. Lucia-tog på stasjonsområdet i Ngaoundéré, men det er sjeldan at toget er så englesterkt som i kveld.

Heile 18 barn var med i prosesjonen som var innom både nasjonalbiskop og generalsekretær, representant Bischler og "grand old man" Erik Sandvik.

Overalt var det glede og varm mottaking. Og bollene, både dei med og utan kanel, fekk bein å gå på.

Teksten til Lucia-feiringa passar jo ekstra godt i Kamerun, der natta verkeleg senker seg svart når ho kjem ramlande i 18-tida:

Svart senker natten seg, i stall og stue

Solen har gått sin vei, skyggene truer


Inn i vårt mørke hus


Stiger med tente lys


St. Lucia, St Lucia.

Ein engel:-)

Mange englar!

Engletog.

På døra til nasjonalbiskopen...

...og generalsekretæren i EELC.

Afrikas flottaste St. Lucia-gjeng? Godt muleg :-) 

søndag 12. desember 2010

"Ousmanou hadde rett"

Dei siste orda Ousmanou sin far sa før han døydde var: "Ousmanou hadde rett".
Nå er livshistoria til Ousmanou blitt film.

Ein god kollega av Trond ved radioen Sawtu Linjiila, fulanien Ousmanou Ibrahim, har nettopp laga ein film som fortel historia om korleis han gjekk frå å vera ein muslimsk koranstudent til å bli den første kamerunske fulanipresten.

Omvendinga i 19-årsalderen gjorde at mora og faren, som begge var muslimar, ikkje ville ha noko meir med Ousmanou å gjera. Dei meinte han hadde brakt stor skam over slekta, som på farsida består av fleire framståande imamar. Ousmanou heldt likevel på sitt, sjølv om han gjentatte gonger blei trua på livet og gjort arvelaus.

Mot slutten av livet til foreldra skjedde det ei forunderleg forsoning med Ousmanou. Då mora låg på dødsleiet, ville ho gjerne ha Ousmanou ved si side. Han kom, og mora fortalde at det følgde med ein hærskare av englar då Ousmanou gjekk inn i rommet. Like etterpå døydde mora.

Då faren vart alvorleg sjuk nokre få år seinare, ville også han at Ousmanou skulle komma heim til dødsleiet. På dette tidspunktet var imidlertid Ousmanou prestestudent i Benin, ca 3000 km unna, utan mulegheit til å komma tidsnok heim. I staden sende Ousmanou bestevenen sin heim til faren.

Kort tid etter døydde faren, med venen til Ousmanou ved sida av seg. Dei siste tre orda faren sa før han anda ut var: "Ousmanou hadde rett".

- I møte med slike teikn frå Gud, er det ikkje muleg å vera likegyldig, seier Ousmanou, som nå har lagt ut mykje av eiga lomma for at flest muleg skal få med seg hans historie på DVD, CD og som brosjyre.

Neste søndag (19. desember) skal Ousmanou ha ei samling i Garoua for å presentera DVD-en for kollegaer, vener og kjende. Filmen (på ca 45 minutt) er laga både på fulani og fransk. I tillegg har produsert ein CD med same historie som ei kort lydbok, også denne både på fulani og fransk.

torsdag 9. desember 2010

Frå neve til neve, frå barn til barn

Pauline (t.v.) og Ida Kristine lempar ferdigpakka posar inn i hjørnet.

Hatten av for elevane våre!

Idag har dei vegd og pakka, knytt og bore - heilt til det nå står 50 velfylte juleposar til barna i kyrkja sitt aidsprosjekt.

100 kg ris, 50 kilo sukker 100 såper, 50 liter matolje og eit par hundre ballongar fann alt sin tilmålte plass i kvar sin pose, takka vera ni ivrige par elevnevar. Flaskene, såpestykkene, sukker- og risposane gjekk frå neve til neve, frå barn til barn, som om dei aldri skulle ha gjort noko anna.

Neste fredag går det også frå neve til neve, frå barn til barn. Då skal elevane dela ut pakkane til barn, som på ein eller annan måte er ramma av aids, på ei tilstelning ved helsekontoret til kyrkja.

Så vil kanskje enkelte seia at det er ikkje store hjelpa, desse 50 posane med litt mat og såpe. Og i den store samanhengen er jo det rett. Men for dei femti som får desse julegåvene, vil det likevel bety mykje. Både for dei, og for familiane som tar seg av barna. Mange er foreldrelause etter at mor og/eller far har døydd av aids.

Men minst like viktig er det for våre barn å få møta ei verkelegheit som er akk så reell, men mest usynleg frå vårt utsiktspunkt i det høge nord. Og det at dei får høve til å gjera ein konkret forskjell, om det så berre er med litt sukker, såpe og ris, så håpar me at dei vil ta med seg denne lærdommen; det nyttar! Det nyttar å bry seg.

Har du lyst til å hjelpa barn som er ramma av aids, kan du klikka på denne lenka her.

Her er nokre bry-seg-bilete frå pakkedagen:

Bjørn og Jone måler opp to kg med ris i kvar pose.

Det same gjer Marianne og Amalie.

Pauline har kontroll på trillebordet.

Sunniva er såpesjef.

Ida Kristine er konsentrert om løkkeknuteoppgåva si.

Sukker.

Ris.

Bomullsolje.

50 sekker med julesløyfe - klar til overrekking neste fredag.

onsdag 8. desember 2010

Fyrer med ved!

Jone nyt varmen frå peisen i kveld. Heilt nedi 14 grader blir det om nettene nå. Kaldt, kaldt!

Hutre, hutre! I natt krøyp temperaturen under 15 grader Celsius, både inne og ute. Kay, det er kaldt! Hjå naboen Slettbakk blir det jamvel meldt om temperaturar heilt nedi 12 grader!!

Ikkje rart at kyrkjearkivaren Thomas Houlpou hadde på seg ein tjukk Marius-genser på veg til jobb idag. For det er kaldt, både for fastbuande og oss innflyttarar.

Det er nå så sin sak med oss nordmenn som er vande med kuldegrader og som bur i gode hus her nede. Noko anna er det for dei som er vande med hardt fysisk åkerarbeid i steikande sol, og som manglar pledd, klede og ved til å varma seg med når kvelden og natta kjem. Dei finst, og det er mange som frys nå.

For to dagar sidan kom det ein blind mann til skulen. Han såg sliten og ustelt ut. Med seg hadde han eit brev der han ba om litt pengar for å kjøpa seg eit teppe å varma seg under om natta. Me gav han ein slant til å handla "couverture" for, og ikkje veit me korleis soga hans fortsette etter at han stabra seg sakte ut av stasjonsområdet.

Den kalde perioden i Ngaoundéré varer gjerne frå slutten av november til uti januar. Temperaturen kan somme netter komma ned i ti grader. Når ein bur i jordhus og sementhus, er det frykteleg kaldt. Klokka sju i dag tidleg var det faktisk 15 varmegrader inne og 18 ute.

Kva gjer så me for å halda varmen? De kan jo ta ein liten kikk på bileta under, men det er jo godt å ha dyner om natta. Og i kveld fyrte me i peisen for første gong i år. God trekk i pipa, noko som tyder på at flaggermusene ikkje har tetta holet heilt igjen.

Men elles er det ikkje så mykje anna enn å gjera som me er vande med frå Norge; å kle seg etter vêr og føreforhold. Akkurat slik som kyrkjearkivar Thomas Houlpou gjorde med sin tjukke og gode strikkegenser.

Litt tempererte foto:

Øvst: minimumstemperatur inne. Nedst: minimumstemperatur ute.

Øvst: innetempen nå kl 20 i kveld. Nedst. utetempen same tidspunkt.

Max temp så langt i desember både inne og ute: 35 grader.

Fotbad er også ei god varmekjelde, iallfall føre peisen, og ikkje minst med høgtlesing frå Knerten.

Ein god "kuldetidsaktivitet": peparkakebaking!
Knasande gode blei dei, peparkapene som Henrik, Jone & co laga i kveld.

tysdag 7. desember 2010

Blåtur med Jeynabu

Svogeren til Jeynabu, Issa, gav oss eit regime med bananar som takk for besøket.

Eg visste berre ein ting: Jeynabu skulle komme og henta meg (Trond) kl 15 for å visa meg åkeren sin, som me har hjulpe henne litt med. Det var det einaste eg visste, og ganske slik viste det seg ikkje å bli.

Jeynabu kom klokka tre. Ho er ei fulanikvinne på 60 år. Muslim, mor og bestemor som tar seg av både eigne barn, barnebarn og barn av sine søsken. Slik det gjerne er i Kamerun og Afrika. Jamvel ei gammal tante har ho nå fått ansvar for.

Jeynabu har vore ein flittig gjest hjå oss. Ikkje minst har var ho ein god språkhjelpar den tida me las fulani.
Sidan den gong har me halde kontakten. Ho er flink til å involvera oss både i gleder og sorger. Og idag var altså turen kommen for å sjå til åkeren hennar, som er ei av gledene i livet.

Me suste av stad i bilen, forbi togstasjonen, forbi universitetet og opp på platået mellom Ngaoundéré og falaisen ned mot Dii-sletta. Der, like før toppen, tok me til venstre ved eit skilt som viste retninga til Margol, ein nokså stor landsby i dette området som fulaniane kallar Cabbal (fjellet).

Margol er ein litt spesiell fulanilandsby. Vanlegvis held fulaniane seg med kveg, men i Margol er det helst åkerbruk det går i. Me blei invitert inn i huset til veslesøstera til Jeynabu. Aminatou heiter ho. Saman med mannen Issa dyrkar ho flittig nokre jordlappar slik at dei greier å halda familien med mat. Både peanøtter, bananar, søtpoteter, manjokk og mais har dei i sortimentet sitt, alt etter sesongane.

Då me sa at me ville sjå til åkeren til Jeynabu, sperra dei augene opp. - Nå? spurte dei og himla med augene. - Det tar jo halvannan time til fots. Natta vil komma ramlande før de er tilbake.

Og er det noko ein fulani helst vil unngå, så er det å få natta ramlande over seg. Dermed enda det heile opp med at det ikkje blei nokon åkertur på Jeynabu og meg. Men ein hyggeleg drøs i saaren til Aminatou og Issa er heller ikkje å forakta.

Dessutan er det kjekt å merka at fulanien (eigentleg burde me skriva fulfulden, det er dét fulaniane - eller eigentleg fulbane - kallar språket sitt) kjem meir og meir tilbake.

Slik sett var det nok meir grøderikt for meg å enda opp med ein kaffikopp og drøs i Margol, enn på åkeren til Jeynabu. Så får heller vekstene der klara seg sjølv til neste gong Jeynabu inviterer til blåtur :-)
Mor Aminatou med sonen Ibrahiima til høgre, og ein nevø til venstre.

Margol ligg ein halvtimes kjøring nordover frå Ngaoundéré, i retning Mbé.

Rett frå åkeren: Issa på dørstokken.

Jeynabu. Dette biletet er tatt heime i huset hennar, i samband med ramadan.