søndag 27. juni 2010

Kamerunsk midtsommarfest

I går fekk me besøk av gode kamerunvenner og feira midtsommarfest til langt på kveld. Sjursens på seks personar kom med båt frå Karmøy, medan Gramstads (fire denne gongen) og Sundnes Drønens (fire) bila seg høvesvis frå Ålgård og Stavanger.

Sommarfesten er blitt ein årleg happening for oss tidlegare kamerunmisjonærar som bur i rogalandsområdet, og som var i teneste i åra rundt årtusenskiftet. I tillegg til den endå meir tradisjonsrike julefesten i den Sundnes Drønenske heim på Våland, har også me mannfolk ein viss kontakt gjennom misjonsforeninga Soobaajo og andre meir røykfylte samkome.

Kjekt å halda kontakten på denne måten, både for barn og vaksne. På bildet er det Mikael som er rask fart tilbake til fastlandet etter ein forholdvis kort dypp i Bjørheimsvatnet (kanskje 12 grader). Neste år har Sjursen sagt at dei vil arrangera sommarfest, så då får me satsa på å komma oss heim frå Kamerun i tide:-)

søndag 20. juni 2010

Tid for tønner

Den siste veka har me pakka så mykje me kan av kler, sko, tannkrem, leiker, datautstyr og mykje, mykje meir som me skal senda som flyfrakt. Stova vår har til tider sett ut som ei blanding av prøverom, Claes Ohlsson og ein rotete garasje...Tysdag var me på Kverneland utanfor Sandnes og henta blå plasttønner til å pakka i. Berre velvilje hjå Sandnes Ullvare (som nå heiter Sandnes Garn) då me spurte etter tønner. Takk for god service! Planen er å få sendt ca 160 kilo med bagasje eit par veker før me sjølv tar vengene fatt. Henrik (snart fem) kunne nok godt ha tenkt seg ei tønne til å leika med. Han får trøysta seg med at tønnene (forhåpentleg) er på plass når me kjem til Ngaoundéré. Der kan dei tena både som leikehytte og oppsamlingsreservoir for regnvatn.