laurdag 28. august 2010

Jubelbrøl for fotballseier



Jubelbrølet kunne sikkert høyrast heilt nord til Sahara; om drotten var god bar det kanskje heilt til Europa. Det gjekk iallfall ikkje stilt for seg då Inter Milan (Burkina-utgåva av laget - Burkina er ein bydel i Ngaoundéré) vann feriecupen i fotball etter ein durabeleg finale mot motstandarlaget frå den "norske" bydelen, quartier norvégien. Sidan me dagleg har lånt ut vår Adidas-fotball til denne turneringa (den ballen er visst god), blei faren i huset invitert til å ta avspark og helsa på alle spelarane før kampen. Det syntes han jo var stas. Etterpå var det å innta ærestribunen som bestod av tre kvite plaststolar saman med resten av VIPane; ein representant for bydelssjefen frå Quartier Norvégien (ein muslim med namn Souleymanou) og tannlege Oumarou Salomon. Medan heftige rytmar dunka ut av ein alt ferdigsprengd høgtalar, måtte det straffespark-konkurranse til for å skilja dei to laga. Det stod 0-0 etter ekstraomgangar, og i straffethrilleren var det altså Inter Milan som trakk det lengste strået. Dette var finalen i noko som blei kalla feriecupen. Arrangør har vore ei lokal KRIK-liknande gruppe som høyrer til ungdomsarbeidet i kyrkja her. Eit flott tiltak som skulle kronast med fotokavalkade på storskjerm i den gamle stasjonskyrkja nå i kveld. Her er nokre av bileta som vil bli viste:

Laget frå quartier norvégien:

Inter (ikkje frå Milan) men frå Burkina:

Mørk mold tente som linjemarkering:

Yaggoné gjorde ein god jobb som dommar:

Keeperen til quartier norvégien ryddar opp i stor stil:

Del to i keeper-opprydding:

Det siste og avgjerande straffesparket - biletsekvens:





Så glade kan ein bli av ein fotballseier:

fredag 27. august 2010

Å falla i Koma


I dag fall me alle mann, i både bokstaveleg og overført forstand. Nokre snofla og skrubba kne og albuar på veg til Koma (uttale: kåma) andre fall for den fantastiske mottakinga me fekk. Her representert ved presten Ousmanou Emmanel og to av barnebarna.

Koma er ein landsby som ligg ca 5 km søraust frå Ngaoundéré. Her bur det ca 150 innbyggjarar som er av folket samba. Dette er eigentleg ei folkegruppe som høyrer til i Polifjella, lenger nordaust i Kamerun. Men i 1982 drog fire menn og seks kvinner frå dette fjellområdet for å slå seg ned utanfor Ngaoundéré. Heimstaden i fjellet heiter også Koma; namnet blei med andre ord med på lasset. Koma-folket er drivande dyktige jordbrukarar. I den rike jorda i Marsa-disktriktet gror det meste, som søtpotetene til denne dama me møtte på vegen opp.


I dag var Den norske skulen i Kamerun på besøk i Koma. Ja, ikkje berre skulen var på tur - fleire av foreldra hadde også tatt seg tid til å gå den flotte turen frå Burkina-bydelen til Marza-sletta, der Koma ligg. Heile landsbyen var på beina for å ta imot oss. Då me gjekk siste biten av stien i retning av skulen der landsbybuarane var samla, blei me tatt imot med song. Entréen var det lite å seia på, med andre ord. Målet med turen var å gjera elevane kjent med korleis livet i ein tradisjonell kamerunsk landsby artar seg. Me fekk også ei kort innføring i kva dei dyrkar i åkrane sine; maniokk, søtpotet, peanøtter, mais, gulrøtter og sukkerrøyr. Under er det lærar Harald som hjelper Ida Kristine over ein bekk på vegen.



Me fekk også tid til å spela ein vennskapleg fotballkamp mot landsbyen. Resultatet blei vel som det måtte bli; 2-0 siger til Koma over DNS. Men me var ikkje dårlegare taparar enn at me forærte kampballen til fotballgjengen i landsbyen. Håpar dei får glede av den nokre månadar. På bileta er det kånå Jofrid (over) og doktor Rune (under) som representerer dei norske fargane på ein framifrå, men akk, utilstrekkeleg måte.

Med oss på niste fekk me nokre lengder med sukkerrøyr. Det kom godt med som motivasjonsfaktor og energikjelde før me skulle ta til på siste stigning opp til "skaret" - eller fjellpasset - som skil Marza-sletta og bydelen Burkina i Ngaoundéré. Litt maniokk, søtpotet, peanøtter og gulrøtter fekk me også med som niste. Dei skal tena som ingrediensar til ei grønsakssuppe elevane skal laga i mat og helse-timane på måndag. Ferske råvarer rett frå den grøderike Marza-molda - betre kan det knappast bli:-)


Me takka skikkeleg for oss og lova å komma tilbake om ikkje så lenge. Her er det landsbysjefen som tar imot ei lita gåve frå DNS Kamerun. Me syslar også med ein idé om å invitera landsbyen ned på ein skuleførestilling, når det nærmar seg jul.

Litt fleire bilete frå turen:








onsdag 25. august 2010

Eksklusiv musikktime



Det er ikkje alle forunt å få ein forrektige musikar på besøk i musikktimen. Men på Den norske skulen i Kamerun var det akkurat det som skjedde då Alex Maïgari tok ein musikktime for alle dei ni elevane på måndag. Me har nemnt Alex tidlegare på denne bloggen, og me kjem sikkert til å nemna han igjen. Denne gongen var det ein bytehandel i beste kamerunske kremmarånd som la grunnlaget for musikkstunda med elevane; Alex ville bruka bassengområdet ved DNS som lokalitet for ein musikkvideo. Fint! sa me. Men då vil me ha deg som musikklærar for ein time. Den eine timen kan fort bli fleire. For elevane må nok finpussa på Alex sin song "Praise the Lord" før ei eventuell framføring. Så kanskje det blir fleire stunt-musikktimar med Alex utover hausten? Følg med, følg med:-)

Legg ved ein liten snutt som bonusspor:

måndag 23. august 2010

Mamma har bursdag!


Mammaen vår har bursdag i dag! Kven kunne vel tru at ho fyller 39 år??? Skypen har mest ikkje stått stille idag, som de kan sjå:-)
Nå skal me ha fest med kanelboller og muffins (dei har Amalie laga).
Kaffi og brus blir det også.
En nyaaman juulde boddum (nå skal det feirast, betyr det - på fulani).

søndag 22. august 2010

Framleis liv i kyrkjebladet

Det er kjekt å sjå at Den evangelisk-lutherske kyrkja (EELC) greier å halda liv i kyrkjebladet l'Evangéliste Luthérien. Trond var med og starta dette bladet i 2001 saman med journalistkollega Hamadjam Jean Claude. Nå er det presten Maïna Martin som har ansvar for bladet. Her om dagen fortalde han at dei nå har byrja å bruka katolikkane sitt trykkeri i Ngaoundéré. EELC sitt trykkeri er dessverre blitt stengt. Men for kyrkjebladet sin del, har det gitt eit heilt klart løft å byta trykkeri. Det kjem ut annakvar månad og har eit opplag på 550 kopiar. Redaktør Maïna fortel av alle kopiane blir revne vekk, så han ønskjer nå å auka opplaget. Den ferskaste utgåva (nr 3-2010) kom frå trykkeriet i sist veke. Her kan ein blant anna lesa om eit møte som samla over 100 kristne landsbysjefar - og om fulanien Bello som som er i ferd med å få utdanning som kyrkjearbeidar (katekist). Det er også eit godt intervju med Jean Koulagna, som leiar presteskulen i Meiganga. Viss me får tid, skal me omsetja nokre drypp på bloggen med nokre av dei mest interessante tinga. Ønskjer du å støtta arbeidet som EELC gjer med blant anna kyrkjebladet og kommunikasjon, er det berre å klikka på denne setningen:-)

laurdag 21. august 2010

Watch out! Danger!!

Henrik og Ask (begge 5) er i ferd med å gjera stasjonsområdet utrygt! Utstyrt med kvar sin sprettert og småstein kan både tjuvraddar og andre inntrengjarar berre halda seg vekke. Det er vaktmann Jerôme som har laga "våpena". Eigentleg burde ikkje "våpen" stå i hermeteikn, for då eg testa spretterten, fauk steinen vel hundre meter - over fotballbanen og i retning av misjonærprest Tomren sitt hus... Eg høyrde ikkje noko knas, men Jerôme har laga eit heidundrande leiketøy som ungane har det mykje kjekt med (inklusive farane...:-)

fredag 20. august 2010

Skuleklokka ringjer!

Med Tottenham-slips og finskjorte kunne me onsdag ringja inn til den første skuledagen i Kamerun. Det blei ein fin dag der både elevar og lærarar blei betre kjende med kvarandre og med skulen. Fotoseanse blei det også tid til; både gruppebilete med alle ni elevane - og med alle inklusive oss vaksne med.
Nå stundar det mot helg her i Ngaoundéré. Jofrid, Henrik og eg skal ein tur ned i byen for å visa eittåringane Marit og Benjamin litt rundt. Bytting av gassflasker og matinnkjøp står på programmet. Og kanskje nokre grillspyd med oksekjøt marinert i peanøttsaus...(Jofrid sin favoritt:-) Kva helga vil bringa, veit me ikkje ennå, men det kan godt bli ein tur til Koma-landsbyen, sørvest av Ngaoundéré. For neste fredag drar heile DNS Kamerun opp der for å vitja landsbyen og elevane på skulen, og då er det greitt at dei veit at me kjem. God helg til alle!

tysdag 17. august 2010

Skulestart!

I morgon skjer det; Den norske skulen opnar dørene for skuleåret 2010/2011!
Dagen i dag har gått med til planlegging og klasseromrydding. Bøkene er også komme på plass, det aller meste på nynorsk. Det nye av dette året er at alle ni elevane har nynorsk som hovudmål, trass i at det står i vedtektene til DNS at det er ein bokmål-skule...Me syslar derfor med planar om å senda ut ei pressemelding til Dag & Tid, Nationen og andre nynorskmedier om at nynorsken inntar stadig nye bastionar, nå sist DNS i Kamerun:-)

I kveld er det utrygt å sitja med dataen kopla til straumnettet. For ute glimtar det støtt og stadig i lyn som flerrar regntidsmørkret. Eit syn - og ei lydoppleving!

Medan Henrik, Jofrid og eg skal innta kveldsmaten, har Jone og Amalie tatt turen opp til eittåringane Benjamin og Marit for å spela Alias og Amigos. Det blir sikkert stas!

Då er det berre å ønskja elevar og lærarar lukke til med skulestarten i morgon - og med resten av skuleåret.

A demain!

søndag 15. august 2010

Gitarist på gudsteneste

I dag var eg og Harald Solås på fulanigudsteneste i sjukehuskapellet. Klokka åtte møtte me opp, og medan folk fylte opp kyrkjebenkane, song Maïgari Alex flotte lovsongar på fulani. Her er ein smakebit:
Er han ikkje dyktig? Eg har telefonummeret dersom nokon vil hyra han til speleoppdrag...:-)

fredag 13. august 2010

Fulani-dåp i Ngaoundéré

Onsdag morgon tok NMS-representant Erik Bischler med alle dei nye norske utsendingane for å helsa på kyrkjeleiinga i Den evangelisk-lutherske kyrkja i Kamerun (EELC). Etter andakt, song og presentasjonar var det ein av prestane i EELC som tok ordet: - Fredag blir de alle invitert til dåp. Då er det ein fulani som skal døypast.

Klokka åtte i dag tidleg traska eg av stad til EELC-hovudkontoret. Dette ville eg få med meg. Det er ikkje ofte folk frå fulanistammen, som dei aller fleste er muslimar, blir døypte. For det er eit stort steg å ta. Mange blir utstøytte frå familien sin og gjort arvelause, om dei konverterer. Andre blir utsett for grov vald - og jamvel drepne. For ikkje så lenge sidan vart ein annan kristen fulani drepen av klanen sin, fordi han valde å la seg døypa. På grunn av faren for represaliar valde EELC å gjera dåpen så diskret som muleg i samband med morgonandakten på hovudkontoret.

Den unge mannen blei døypt. Namnet hans kan eg ikkje skriva, av omsyn til hans sikkerhet. Dåpen blei ein stilfull seanse på klingande fulani. Biskopen i EELC, Nyiwé Thomas, var også til stades. Etterpå var det applaus og varme handtrykk til den døypte.

Elles byrjar livet her i Ngaundéré å komma inn i ein slags rytme. Denne veka har gått med til innføringskurs (for alle vaksne) og skuleplanlegging (for Trond og dei to andre lærarane på Den norske skulen). Skulestart blir onsdag 18. august. Det gler med oss til! Håpar også dei ni elevane ser fram til skulestart, sjølv om dei gjerne skulle ønskt at ferien varte nokre veker til...

I huset har Atta Esther (kokka vår) tatt regien. Ho bestemmer middagsmenyen kvar dag, så me er like spente kvar gong me set oss til middagsbordet klokka 13 (presis) for å sjå kva godt ho har laga til oss. I dag var det nydeleg kylling med saus og ris. I forgårs var det poteter, kjøtkaker og brun saus. Og i går hadde ho forsyne med trylla fram heimelaga iskrem!

Me lir med andre ord inga naud i matvegen. For nokre dagar sidan kom det ein jegar på døra med ein bakpart av antilope. Og i dag klarte Esther å få tak i ein stor kapteinfisk (sjå biletet - Henrik syntest iallfall fisken var knallstor:-).



Den skal fileterast i morgon - og skal nok gi oss ein fem-seks middagar i vekene framover.

Nå ser store og små fram til helg. Det har vore ein hektisk, men god start. Dersom ikkje den lunefulle regntida vil noko anna, tar me sikte på å bestiga Ngaoundéré-fjellet på søndag. Det er landemerket her i byen. Ngaoundéré betyr "navlefjellet" på språket mbum. På toppen står det ein stor stein som liknar på ein struttenavle, derav namnet.

PS! Eit lite bonusspor til slutt; ein filmsnutt tatt med kameraet ut togvindauga like før me kom fram til Ngaoundéré sist søndag. Gir iallfall ein liten smakebit av korleis togturen var!

tysdag 10. august 2010

To skritt fram og eitt tilbake

To skritt fram og eitt tilbake. Det får vera ein førebels diagnose av tilstanden i Ngaoundéré og Kamerun anno 2010 i forhold til 2003. Førsteinntrykka fortel kanskje ikkje heile sanninga, og nyansane er det så som så med - men noko seier dei likevel.



På tilbakeskrittskontoen:
1) Flyplassen i Ngaoundéré er stengt for rutefly. Konsekvens: Tungvint å reisa frå sør til nord, og vice-versa. (På biletet er det dei to eittåringane Marit Fauskanger Pedersen og Benjamin Røen som trekkjer litt frisk luft på den 16 timar lange togturen fra Yaoundé til Ngaoundéré).
2) Måtte senda nokre fraktlister til Yaoundé med fax (ja, du leste rett!) idag. Konsekvens: 17 av 20 sider kom fram, mottakaren hadde då gått tom for papir. Men nå skal visst tønnene og bøkene til Den norske skulen snart vera på veg.
3) Det er framleis svært vanskeleg å finna seg arbeid. Konsekvens: Stadig fleire startar med sin eigen kommers, om det er sal av peanøtter eller elektroniske artiklar frå Nigeria. Tiltakslysta er det iallfall ikkje noko å seia på!

På framstegskontoen:
1) Internett blir stadig meir utbygd - i store delar av landet. Sit sjølv og bloggar på ei linje med god adsl-hastighet. Konsekvens: Det er kjekt å blogga når farten er god;-)
2) Tryggleikssituasjonen er betre. Konsekvens: Å dra på lalengre reiser for å utforska Kamerun, blir endå kjekkare.
3) Kyrkja (Den evangelisk-lutherske - EELC) ser ut til å veksa med uforminska styrke. Ikkje berre i Adamaoua-provinsen, som tradisjonelt har vore EELC sin "heimebane", men i store delar av Kamerun. Konsekvens: Det er stort behov for leiartrening og organisasjonsutvikling, for det er jo slik når noko veks fort; det blir veksesmerter.

Og søppelet som er borte frå gatene i Ngaoundéré nemnde eg i forgårs. Men det er ikkje eit framsteg - meir som eit middels stort mirakel å rekna...

søndag 8. august 2010

Godt å vera tilbake

Det har gått sju år sidan me var i Kamerun som familie sist. Ikkje så lang tid, kanskje, men mykje har endra seg på desse åra. Mest merkbart er fråveret av søppel. Medan ein før måtte svinga utanom stinkande båshaugar i vegbanen, framstår nå Ngaoundéré som ein innbydande by med sitt mylder av fotgjengarar, motorsyklar og tallause handelsboder - det heile presentert på så å seia gullreine vegar.

På sjølve stasjonsområdet der me skal bu, er det derimot ikkje skjedd store endringar. Det einaste er at me skal bu i eit anna hus enn sist - elles er det meste ved det same. Aller kjekkast er det å få helsa på gamle kjente, så som vaktmeister Philip og brødbakaren Soulange.

For Jone og Amalie har det nok vore ein spesiell dag å kjenna lukter og høyra lyder som gir gjenklang ein stad i minnet. Dei seier sjølve at dei ikkje hugsar stort (var fire og seks år då me reiste til Norge), men det vil nok komma nokre "déjà vu"-opplevingar etter kvart. Også for oss vaksne er det litt spesielt å vera tilbake som familie på ein stad der dei to eldste hadde dei fleste av sine første barneår. Her er det mange gode minne som poppar opp. Det blir nok tur til Kaffisteinen med det første - eit ynda turmål i "gamle dagar".

I morgon kjem kokka vår, Esther, for å hjelpa oss med matlaging og husreingjering. Me gler oss til å helsa på henne igjen - og til å få så god hjelp i huset. For oss vaksne byr morgondagen på innføringskurs (det har skjedd ein del administrative endringar på feltet som me må få med oss), medan ungane skal ha aktivitetsdag.

Nå er det på tide å runda av for kvelden. Har nokre timar med svevn å ta att etter togturen (sjå biletet som Amalie tok av den trøtte gjengen) og då er det greitt å komma i seng før midnatt...

Vel framme i Ngaoundéré

Litt før klokka ni var ein tre dagars reise frå Tau via Stavanger, Oslo, Brussels og Yaoundé kommen til ein ende. Gleda var stor då me skimta Ngaoundéré-toppen frå togvindauga (bildet er tatt før avgang frå Yaoundé) og me kunne gå ut av kupéane etter femten timer på skinner. I det heile har heile turen gått på skinner. Då me kom fram til huset me skal bu i, og kor eg skriv dette innlegget frå, stod det blomar på bordet. Nå skal me ha oss ein middag saman med resten av reisefølget på i alt 17. Lenger rapport kjem i kveld:-)
Trond