Årets og fjorårets gåveresultat (tavla) blei presentert av leiaren i menighetsrådet (t.v.).
Idag har heile familien Hjorteland vore på hausttakkefest i sjukehuskapellet. Det blei ein festprega føremiddag som varte i fire timar og vel så det. Og ein må vel til Afrika for å oppleva følgjande på ein søndagsgudsteneste:- Ein mann som dansar inn med ei levande and som presten tar imot (som også tar eit par dansesteg med anda). Kor anda enda, vitast ikkje, men ho såg ut til å ta det heile med forbausande ro.
- To kor (La voix de l'Espérence og Péniel) som forsøker å overgå kvarandre i song, rytme og intensitet, med Femmes pour Christ som eit habilt "tredjekor".
- Barn og vaksne, unge og gamle - alle i sin finaste stas - og alle i festhumør på dette som er årets store kyrkjehappening.
- Misjonærar som syng (med enkelte ukoordinerte røyrsler som akkompagnement) "Jeg løfter mine øyne opp mot fjellene, hvor skal min hjelp komme fra" (dei som såg oss dansa lurte sikkert på det same, men applausen runga likevel).
- Den store finalen der resultatet blir avslørt (det er mest som Melodi Grand Prix, berre at musikken er betre her). Korleis gjorde vår gruppe det i år i forhold til i fjor? Og "slo" me dei gruppene det er naturleg å samanlikna seg med? Og ja, for dei som lurer på det, årets misjonærar var "betre" enn fjorårets misjonærar - med ca 7000 Fcfa, eller ca 85 kroner...
Presten i menigheten, Doudet Luc, tok mot slutten av gudstenesta brodden av det som eventuelt måtte finnast av usunne konkurranseelement, og poengerte at; "av ditt eige gir me deg tilbake".
Noko som sanneleg også blei gjort. Til saman kom det inn over 1,4 millionar Fcfa, mellom 17 000 og 18 000 norske kroner. Eit flott resultat, men litt bak fjoråret då det kom inn nær 1,7 mill.
Men det går endå ei veke før den endelege oppteljinga blir gjort, så det er ennå håp om at fjoråret blir slått. Til slutt nokre bilete frå dagens feststund:
Oppdaget bloggen deres nå i kveld!-og har lest så øynene har blitt store og våte! Det er og blir noe spesielt med Kamerun, selv om det er veldig spennende å være her i Mali!
SvarSlett