tysdag 30. november 2010

Daud sau til tørk


Nokre tradisjonar er for gode til å gi avkall på, også i utlendighet under Afrikas sol. Det skal likevel ikkje leggjast skjul på at det til tider kan vera ganske utfordrande å vera vaskeekte norsk nordmann frå Norge, men me gjer nå så godt me kan.

Ta for eksempel pinnakjøt. Det må me jo berre ha på bordet julaftan. Men her finst korkje Fatland eller Nordfjord eller Gilde eller kva dei nå heiter, pinnakjøtleverandørane i gamlelandet. Då er det ikkje anna alternativ enn å gå på marknaden sjølv og kjøpa inn det som trengst for å få det til; altså ein sau.

Som sagt så gjort. På veg ut til Mballang trefte me ein kar på motorsykkel som hadde eit par sauer til sals. Dette var nokre veker før muslimane sin store sauefest, så me fekk dei til ein nokså god pris (trur me). I overkant av 400 kroner for ei jømmer (halvanna år gammal søye) er til å leva med, sjølv om sauene her er både mindre og tynnare enn heime.

Etter nokre veker på gras attmed vulkansjøen på Mballang, var det tid for slakt. Dette fann me ut ville vera ei ypparleg økt i naturfag og mat&helse, så heile skulen blei med når dei firbeinte skulle til pers. (Det er på tide at dei får vita korleis kjøtet kjem på bordet...).

Harald Solås, kjøpar av den andre sauen og habil slaktar, leia seansen. Før både sauer og elevar visste ordet av det, hadde dei (sauene, altså) fått eit solid svimekakk i hovudet av øksa, og flåinga kunne starta.

Vaktmannen (og ein medhjelpar) på Mballang tok føre seg den eine sauen, medan Harald og elevane tok seg av den andre. Det blei utveksla nokre slaktetips på tvers av språk- og kulturgrensene den neste timen. Noko var likt og anna ulikt. Men alle var samde om at skarpe knivar frå Helle og Norge var å føretrekkja framføre machete og andre lokale kuttreiskapar.

Medan me norske forsvann med dei to saueskrottane bak i den eine Landcruiseren, fekk vaktmannen og familien skinna og innmaten. Det meste blir brukt når sau, geit og okse blir slakta i Kamerun.- Nå blir det sauefest hjå oss også! jubla dei, og sikta til muslimane som hadde feira sauefest dagen før.

Nå blir det skikkeleg fest på oss også, nå som pinnakjøtet mest er i boks. Etter ti dagar i saltlake, hang me i dei fleste delene til tørk i går kveld. Berre nakkar og lår får nokre dagar til i saltvatnet før dei blir overletne til tørketida.

Daud sau til tørk, dét er kanskje det næraste me kjem norsk førjulsstemning i Kamerun!
Slik såg dei ut med ull og det heile.
Pinnakjøtsjefen Harald Solås er salig i blikket.

Mykje kjøt og lite fett.

Sau i deler.

Parteringskunstnaren i sving...

Ingenting å seia på verken tørk eller temperatur, kl 19 i går kveld.

Et voilà! Det ramlar jo faktisk ikkje ned!! Men kva skulle me gjort utan myggnett og rokkeringar?

Full konsentrasjon før opphenging i det sofistikerte tørkeanlegget vårt.
(NB! Her må ingen tipsa Mattilsynet, dei blir jo opphengde i så mykje, dei òg...)

søndag 28. november 2010

Ny biskop i Ngaoundéré

André Djedou (t.h.) blir innsett som regionbiskop av nasjonalbiskop Nyiwé Thomas (t.v.).
I midten: Denis Bétaré Ndoé, dagens liturg.

André Djedou blei søndag føremiddag innsett som biskop i Sentralregionen i Den evangelisk-lutherske kyrkja i Kamerun (EELC). Det blei ein høgtidleg seanse i Tusenårskatedralen i Ngaoundéré. Blant anna var guvernøren i Adamawa-regionen til stades. Det same var samtlege prestar i EELC som soknar til dette bispedømmet, i tillegg til eit tusental andre gudstenestegjengarar.

Det har vore en del uro knytt til denne innsettinga. Blant anna blei det utført hærverk på lydutstyr og anna i Tusenårskatedralen for eit par dagar sidan. Førebels veit ein ikkje kven som står bak, men det har bidratt til ei spent stemning i førekant av det som skulle vera ein stor festdag. Faktisk er det ikkje gudstenester andre stader i dette bispedømmet idag, dette for å gi bispeinnsettinga ei eksklusiv ramme.

Frå norsk hald har misjonsprest Tom Tomren vore sterkt delaktig i utforminga av gudstenesta. Representant Erik Bischler skulle også ha ei helsing på vegner av NMS. I tillegg dukka tidlegare misjonsprest Jan Erik Askjer ganske så uventa - men desto meir gledeleg - opp, og han deltok i utdelinga av nattverd. I skrivande stund er ikkje gudstenesta heilt ferdig, men ut frå det som eg (Trond) fekk med meg, blei det ein velregissert og verdig seanse. Ikkje minst heldt nasjonalbiskop Thomas Nyiwé ei flott preike.

Her er nokre fleire bilete:


Forbønshandling for den nye biskopen.

Det blei etterkvart mykje folk i den flotte Tusenårskatedralen.

Etterpå vanka det gratulasjonar frå høg og låg til André Djedou.

Tom Tomren deler ut nattverd saman med kollega Alix Elogo.

Jan Erik Askjer var også med på nattverdutdelinga.

NMS-representant Erik Bischler fekk plass på fremste benk.

fredag 26. november 2010

Skorpion på leirskule


Autsj! Ein skorpion kom ut av bålet. Den fekk snart eit ublidt møte med glørne.

Å ha leirskule på Mballang, på kanten av vulkansjøen, det er ganske kult det!
I ettermiddag var det ein glad og trøtt gjeng som kom tilbake til Ngaoundéré etter å ha opplevd både skorpion og sjokoladebanan....

Her er eit lite utdrag frå Amalie sin "rapport" som ho skal senda heim til venninner:

I dag kom me heim i frå Mballang, ein liten plass ved sida av
Mballang –sjøen, ein vulkansjø. Sjøen er full av bakteriar som
øydeleggjar hjernen og hjertet, så me kunne ikkje bade der,
men i staden tok me båten ut til Slangeøya (Den hemmelighetsfulle øya).
Det er ei lita øy som ligg nære kanten på andre sida av sjøen. Og etter mange turar fram og tilbake, var det godt å sette seg ved bålet.
Der steikte me grillspyd og bananar med sjokolade, nam.
Alle var litt forsiktige når dei satt seg med bålet den kvelden, for
kvelden før hadde det komme ein stor skorpion kravlande ut av
bålet, men me greidde å drepe han og setje han på eit glas.
Utanom det så gjekk leirskulen ganske udramatisk for seg.

Under er nokre fleire bilete frå turen. God helg til alle!


I mangel på akebakke og snø...


Båten er nå tett som ei potte, litt silikonfugemasse gjorde susen.


Skovask på Mballang-vis.


Fiskelukke utan fiskelukke...

Mr. Strongman slår til igjen.


Overnatting i bukkarouen, med utsikt over innsjøen,


Grasbrann og Mballang, fin utsikt for Amalie - i retning Ngaoundéré.
Kanoen blei flittig brukt både til vanns og til lands.

søndag 21. november 2010

Julegåver til Kamerun

Radioprest Ousmanou Ibrahim (t.v.) og direktør Yaya Bournang har lyttarar over store deler
av Vest- og Sentral-Afrika. Og kanskje ein givar til frå Norge?
Nei, det handlar ikkje om at me i familien Hjorteland vil ha julegåver frå Norge (det vil me jo sjølvsagt også!). Men i desse førjulstider vil me gjerne slå eit slag for gåver som kjem andre til gode - og som varer lenger enn til påske.

Me er derfor så frimodige at me her vil komma med tre julegåvetips til Kamerun. Tre gode prosjekt som alle treng glade givarar. Klikk på lenkene i teksten, så får du vita korleis du kan gi årets mest meiningsfulle julepresang:

1) Sawtu Linjiila - Radioen Evangeliets Røyst som sidan 1966 har sendt programmer på fulani til Vest- og Sentral-Afrika. Her jobba Trond også i åra 1999-2003. 60% av programma er allmenne og tar for seg helsespørsmål (blant anna opplysning om aids), jordbrukstips, familierådgiving og mange, mange andre tema. 40% av programma har kristent innhald og består av andaktar, musikk og historiske tilbakeblikk. Vil du støtta dette arbeidet, kan du klikka på denne setningen - Sawtu Linjiila er ein del av prosjektet Gi evangeliet vidare.

2) Kamp mot HIV/aids i Kamerun - dette er eit prosjekt som har to føremål: 1) Å informera om HIV/aids, slik at flest muleg veit korleis dei kan unngå å bli smitta. 2) Å gi konkret hjelp til dei som er smitta og sjuke. Framleis dør mange av aids i Kamerun, me har sjølv opplevd på nært hald dødsfall som følge av aids denne hausten. Men dette prosjektet viser at det nyttar å ta opp kampen.

3) Bli med på eit annleis byggeprosjekt - å byggja ei kyrkje i Kamerun. Her handlar det ikkje om å byggja eit konkret bygg med tak og fire vegger, men å byggja gode leiarar, god økonomiforvaltning, god personalhandtering og god samhandling mellom alle nivå i kyrkja. I eit land der korrupsjonen florerer, jobbar kyrkja mykje med å bevisstgjera tilsette og frivillige om openheit og gode rutinar. Den evangelisk-lutherske kyrkja (EELC) tel idag ca 250 000 medlemmer og veks så fort at det til tider opplevest som ho har veksesmerter. Nok ein grunn til å bli med på prosjektet Bygg leiarskap i Kamerun.

laurdag 20. november 2010

Kyllingmysteriet cirka 16 % løyst


Her er det dokumentert: 40 stk (16 %) av totalt 250 kyllingar er nå på plass i hønsahuset i Bamyanga.
Plutseleg var 40 av dei 250 sakna kyllingane på plass på farmen i Bamyanga. Halvanna månad forseinka ser det kanskje ut til at det kan bli ei løysing på mysteriet med dei forsvunne kyllingane.

Kva har så skjedd? Jo, ein av initiativtakarane til prosjektet har - av ukjente årsaker - ikkje betalt ut pengar til vedkommande som sel kyllingar. Om han har brukt desse pengane sjølve, om det har vore ei sjuk mor eller andre ting som har gjort innhogg i kyllingkapitalen, kan me bare spekulera i.

Det me veit, er at vedkommande gjer alt han kan for å unngå oss. Idag var det avtalt eit møte i Bamyanga kl 1630. Her møtte Trond og to kamerunarar som også mislikar denne affæra. Men den mistenkte møtte ikkje opp. Me hadde håpa at han ville gripa dette høvet til å leggja alle kort på bordet, noko han altså ikkje gjorde.

Me har likevel ein fornemmelse av at han merkar presset, og at han nå gjer alt han kan for å få fleire kyllingar i hus. Blant anna er hans overordna i kyrkjedistriktet blitt informert om saka, og dei har sagt at dei vil forfølgja den vidare.

Det same vil Herrenes detektivbyrå. 16 % er ingen løysingsprosent å skrøyta av...

torsdag 18. november 2010

Jo visst var Tarzan i Kamerun...

...bare ikkje så langt nord som til Tellofossen. Herrenes detektivbyrå har nå fått assistanse av Mma Ragnhild Solås (lærarkollega ved DNS), som - på eit kart over Kamerun - kom over denne denne opplysningen.

I 1982 blei nemleg filmen The Legend of Tarzan - Lord of the Apes spelt inn ved Mont Cameroun, som for øvrig er rekna som eit av Vest-Afrika sitt høgaste fjell med sine ca 4100 meter.

Det må ha vore litt av ei innspeling, for undervegs vakna nemnleg fjellet til liv (Mont Cameroun er ein vulkan). Seks gonger har Mont Cameroun hatt utbrot dei siste 100 åra, sist gong i 1999.

Korleis vulkanutbrotet i 1982 påverka filmprosjektet, vitast ikkje. Men filmen kom visstnok ut i 1984 og oppnår nå ein skår på akseptable 6,1 av 10 oppnåelege poeng på The Internet Movie Database.

Antakeleg er dette ein må-sjå-film for dei av oss som synest lokale "locations" er kjekt. I tillegg er det nok eit argument for å gjera alvor av draumen om ein gong å bestiga Mont Cameroun.

Kvart år er det eit bakkeløp opp til toppen som samlar løparar frå heile verda. Rekorden er på ca 4 timar og 45 minutt. Kva bestetida er ned, står det ingenting om. Men Tarzan-film-teamet var nok raske ned lianane (eller var det liene?) i 1982...

onsdag 17. november 2010

Ein annleis "sauefest"


Alt som kunne gi inntekter, gav inntekter (som svampkasting, her representert ved far og son Bischler). Heile 292 500 Fcfa fekk elevrådet inn på misjonstivoliet i løpet av onsdag ettermiddag og kveld. Vel blåst, elevråd! Pengane skal gå til eit prosjekt som hjelper barn som er ramma av HIV/aids. Klikkar du på lenka, kan du også "joina" elevrådet sin hjartesak!

Det var ikkje måte på kva festligheter elevane hadde funne på. Størst lukke (og gru) gjorde nok spøkelseshuset. Biblioteket blei i mørkninga omgjort frå ein triveleg leseplass til ein skummel labyrint der det meste kunne henda.

Men også kiosksal , lykkehjul, pil og bue-skyting, sprettert-skyting og "Meisternes meister" stod på programmet. Ein fulani som tilfeldigvis gjekk forbi helste oss med "bonne fête". Han trudde nok at det norske miljøet i Ngaoundéré feira sauefesten, som muslimane har feira idag, 17. november.

Men "sauefesten", den skal DNS ta morgon! Då blir det skuletur til vulkaninnsjøen Mballang kor to jømrar (halvanna år gamle sauer) ventar på å bli pinnekjøt. Men det er ei anna soge. Igjen; gratla til elevrådet for eit flott tivoli!

Marianne og Amalie var primus motorar for tivoliet. Godt å vera i gang etter mange timar med førebuingar.

Amalie er spent like før kiosksalet brakar laus.

Henrik styrte lykkehjulet på ein slik måte at alle opplevde lykke (les: vann slikkepinne).

Jone og Theodor i afrikansk vannstafett (må bera vannkoppen på hovudet).

Kristin med utsøkt vannberar-teknikk!

Familien Slettbakk har gjort desse trippelvinga slikkepinnfuglane med agurkskrott til ein ettertrakta spesialitet. Dette må rett og slett vera Årets fugl?

tysdag 16. november 2010

Saft suse!

Jone har gjennomført ein saftig snuoperasjon.

Me kan i kveld beretta om ein saftig snuoperasjon. Det er gjerne slik, at det er mange ting ein må venna seg til når ein kjem til Kamerun. Follere-saft er ein av dei.

For Jone har folleresaft-pendelen mildt sagt svinga - som punktvis skildra under - frå me kom 8. august til me idag skriv 16. november:

1) Likar overhovudet ikkje lukta eller smaken av folleresaft.

2) Likar ikkje særleg smaken av folleresaft.

3) Folleresaft er kanskje ikkje særleg ringt, men heller ikkje særleg godt.

4) Skal me ikkje ha folleresaft til laurdagsgrauten?

5) Eg kan godt laga folleresaft til grauten - den safta er jo sååå god!

Dermed har Jone etterkvart utnemnt seg sjølv til offisiell saftkokar i familien Hjorteland. I kveld skal han i elden (eller over elden, me kokar på gass) igjen. I morgon skal elevrådet arrangera eit storstilt misjonstivoli til inntekt for aidsprosjektet. Og Jone sitt bidrag blir fersk saftvare frå follerebladene.

Her er oppskrifta til ein god liter saft:

Folleresaft

Ein neve med tørka follereblader

Ein liter vatn

Sju spiseskeier sukker

Kok opp og kjøl ned

Held til ca fire liter med utblanda saft.

måndag 15. november 2010

Målte krefter med Tison-innsjøen

Lac Tison (Tison-innsjøen) har vore ein ukjent plett for oss i familien Hjorteland. Heilt til i går ettermiddag, då me tok turen til denne perla som ligg berre 15 km utanfor Ngaoundéré. Her målte me krefter både med humpete brousseveg dei siste kilometrane, samt med fisk og anna som bydde seg fram undervegs. (Prøv forresten å gjera det same med ein like tjukk pinne i Norge, som Jone gjer på biletet!). Amalie og Trond hadde rett nok blitt sendt som rekognoseringstroppar laurdag ettermiddag, for å sjå om Lac Tison kunne vera ein brukande stad å nyta helgefreden. Og konklusjonen var: Definitivt!

Saman med familien Solås tok me med oss middag frå restauranten Le Meilleur (Coffee Shop) og fortærte denne medan me nytte utsikta over innsjøen. Turiststyresmaktene har bygd ein flott campement i lia ovanom innsjøen. Her sat me på terrassen og såg på fiskevak og fugleflaksing i og rundt vassflata. Og i søraust såg me støvråket frå Meiganga-vegen - eit sikkert teikn på at tørketida nå er godt i gang.

Førebels er det helst ikkje annan aktivitet ved Lac Tison enn det som høner og kyr kan bedriva, noko som for så vidt kan vera betydeleg... Planen er visstnok å opna ein restaurant her og ta imot ulike grupper med besøkande. Denne staden har heilt klart potensial ut frå beliggenhet med utsyn i nær sagt alle himmelretningar. Me kjem iallfall til å gjera vendereis med det første, så skal me alltids klara å syta for forsyningane sjølve. Ikkje minst agn til fiskekrokane...sjå bileta under:


Fem stolar på deling til ti personar går heilt greitt når ein er ved Lac Tison.
Campementet sett frå andre sida av innsjøen, ca 250 meter borte.

Heimelaga fiskestang med...eh...tyggegummi som agn. Fiskelukka blei deretter.

- Trur du fiskane i Kamerun like tyggis, pappa?
- Son, det er berre ein måte å finna det ut.

Mr. Strongman I

Mr. Strongman II

Mr. Strongman III

Mr. Strongman IV

...and Miss Strongwoman I - Erle Huseby Solås.

Heimtur på biltaket; Amalie og Erle.

Heimtur på lasteplanet; Henrik, Ask, Jone og Bjørn.

Heimtur for sola. PS! Ho kom att idag:-)

PS! Pinnen som Jone og Erle brukte krefter på, er nok ein slags liane.

søndag 14. november 2010

Av ditt eige gir me deg tilbake

Årets og fjorårets gåveresultat (tavla) blei presentert av leiaren i menighetsrådet (t.v.).
Idag har heile familien Hjorteland vore på hausttakkefest i sjukehuskapellet. Det blei ein festprega føremiddag som varte i fire timar og vel så det. Og ein må vel til Afrika for å oppleva følgjande på ein søndagsgudsteneste:

- Ein mann som dansar inn med ei levande and som presten tar imot (som også tar eit par dansesteg med anda). Kor anda enda, vitast ikkje, men ho såg ut til å ta det heile med forbausande ro.

- To kor (La voix de l'Espérence og Péniel) som forsøker å overgå kvarandre i song, rytme og intensitet, med Femmes pour Christ som eit habilt "tredjekor".

- Barn og vaksne, unge og gamle - alle i sin finaste stas - og alle i festhumør på dette som er årets store kyrkjehappening.

- Misjonærar som syng (med enkelte ukoordinerte røyrsler som akkompagnement) "Jeg løfter mine øyne opp mot fjellene, hvor skal min hjelp komme fra" (dei som såg oss dansa lurte sikkert på det same, men applausen runga likevel).

- Den store finalen der resultatet blir avslørt (det er mest som Melodi Grand Prix, berre at musikken er betre her). Korleis gjorde vår gruppe det i år i forhold til i fjor? Og "slo" me dei gruppene det er naturleg å samanlikna seg med? Og ja, for dei som lurer på det, årets misjonærar var "betre" enn fjorårets misjonærar - med ca 7000 Fcfa, eller ca 85 kroner...

Presten i menigheten, Doudet Luc, tok mot slutten av gudstenesta brodden av det som eventuelt måtte finnast av usunne konkurranseelement, og poengerte at; "av ditt eige gir me deg tilbake".

Noko som sanneleg også blei gjort. Til saman kom det inn over 1,4 millionar Fcfa, mellom 17 000 og 18 000 norske kroner. Eit flott resultat, men litt bak fjoråret då det kom inn nær 1,7 mill.

Men det går endå ei veke før den endelege oppteljinga blir gjort, så det er ennå håp om at fjoråret blir slått. Til slutt nokre bilete frå dagens feststund: