måndag 15. november 2010

Målte krefter med Tison-innsjøen

Lac Tison (Tison-innsjøen) har vore ein ukjent plett for oss i familien Hjorteland. Heilt til i går ettermiddag, då me tok turen til denne perla som ligg berre 15 km utanfor Ngaoundéré. Her målte me krefter både med humpete brousseveg dei siste kilometrane, samt med fisk og anna som bydde seg fram undervegs. (Prøv forresten å gjera det same med ein like tjukk pinne i Norge, som Jone gjer på biletet!). Amalie og Trond hadde rett nok blitt sendt som rekognoseringstroppar laurdag ettermiddag, for å sjå om Lac Tison kunne vera ein brukande stad å nyta helgefreden. Og konklusjonen var: Definitivt!

Saman med familien Solås tok me med oss middag frå restauranten Le Meilleur (Coffee Shop) og fortærte denne medan me nytte utsikta over innsjøen. Turiststyresmaktene har bygd ein flott campement i lia ovanom innsjøen. Her sat me på terrassen og såg på fiskevak og fugleflaksing i og rundt vassflata. Og i søraust såg me støvråket frå Meiganga-vegen - eit sikkert teikn på at tørketida nå er godt i gang.

Førebels er det helst ikkje annan aktivitet ved Lac Tison enn det som høner og kyr kan bedriva, noko som for så vidt kan vera betydeleg... Planen er visstnok å opna ein restaurant her og ta imot ulike grupper med besøkande. Denne staden har heilt klart potensial ut frå beliggenhet med utsyn i nær sagt alle himmelretningar. Me kjem iallfall til å gjera vendereis med det første, så skal me alltids klara å syta for forsyningane sjølve. Ikkje minst agn til fiskekrokane...sjå bileta under:


Fem stolar på deling til ti personar går heilt greitt når ein er ved Lac Tison.
Campementet sett frå andre sida av innsjøen, ca 250 meter borte.

Heimelaga fiskestang med...eh...tyggegummi som agn. Fiskelukka blei deretter.

- Trur du fiskane i Kamerun like tyggis, pappa?
- Son, det er berre ein måte å finna det ut.

Mr. Strongman I

Mr. Strongman II

Mr. Strongman III

Mr. Strongman IV

...and Miss Strongwoman I - Erle Huseby Solås.

Heimtur på biltaket; Amalie og Erle.

Heimtur på lasteplanet; Henrik, Ask, Jone og Bjørn.

Heimtur for sola. PS! Ho kom att idag:-)

PS! Pinnen som Jone og Erle brukte krefter på, er nok ein slags liane.

1 kommentar: