søndag 21. november 2010

Julegåver til Kamerun

Radioprest Ousmanou Ibrahim (t.v.) og direktør Yaya Bournang har lyttarar over store deler
av Vest- og Sentral-Afrika. Og kanskje ein givar til frå Norge?
Nei, det handlar ikkje om at me i familien Hjorteland vil ha julegåver frå Norge (det vil me jo sjølvsagt også!). Men i desse førjulstider vil me gjerne slå eit slag for gåver som kjem andre til gode - og som varer lenger enn til påske.

Me er derfor så frimodige at me her vil komma med tre julegåvetips til Kamerun. Tre gode prosjekt som alle treng glade givarar. Klikk på lenkene i teksten, så får du vita korleis du kan gi årets mest meiningsfulle julepresang:

1) Sawtu Linjiila - Radioen Evangeliets Røyst som sidan 1966 har sendt programmer på fulani til Vest- og Sentral-Afrika. Her jobba Trond også i åra 1999-2003. 60% av programma er allmenne og tar for seg helsespørsmål (blant anna opplysning om aids), jordbrukstips, familierådgiving og mange, mange andre tema. 40% av programma har kristent innhald og består av andaktar, musikk og historiske tilbakeblikk. Vil du støtta dette arbeidet, kan du klikka på denne setningen - Sawtu Linjiila er ein del av prosjektet Gi evangeliet vidare.

2) Kamp mot HIV/aids i Kamerun - dette er eit prosjekt som har to føremål: 1) Å informera om HIV/aids, slik at flest muleg veit korleis dei kan unngå å bli smitta. 2) Å gi konkret hjelp til dei som er smitta og sjuke. Framleis dør mange av aids i Kamerun, me har sjølv opplevd på nært hald dødsfall som følge av aids denne hausten. Men dette prosjektet viser at det nyttar å ta opp kampen.

3) Bli med på eit annleis byggeprosjekt - å byggja ei kyrkje i Kamerun. Her handlar det ikkje om å byggja eit konkret bygg med tak og fire vegger, men å byggja gode leiarar, god økonomiforvaltning, god personalhandtering og god samhandling mellom alle nivå i kyrkja. I eit land der korrupsjonen florerer, jobbar kyrkja mykje med å bevisstgjera tilsette og frivillige om openheit og gode rutinar. Den evangelisk-lutherske kyrkja (EELC) tel idag ca 250 000 medlemmer og veks så fort at det til tider opplevest som ho har veksesmerter. Nok ein grunn til å bli med på prosjektet Bygg leiarskap i Kamerun.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar