laurdag 30. april 2011

The lion sleeps tonight


Nei, dei blei ingen løver denne gongen. Men påskesafarien hadde mykje anna å by på, ein lettbeint krokodille til dømes, foreviga av Jone rett nedanfor hytta der me budde.

I staden for kvikklunsj, skiturar og kakao, blei det elefantar, takgrindturar og kald drikke i Boubandjida denne påska. Temmeleg varmt på dagtid, 40-45 grader i skuggen, og det blei sagt at varmen var grunnen til at løvene heldt seg i skjul.

Men ei uforgløymeleg naturoppleving var det, og veldig kjekt å reisa på tur saman med familiane Solås og Madland!

Her er eit lite fotopotpurri frå utfluktene våre i påska (og eit par bilete frå ein tur i januar):

Bubale (Klara Ku...)

Civette (kom smygandes om kvelden rett nedanfor campementet)

Damalisque

Eland de Derby (kan bli over 900 kg tung - den største antilopetypen i området)

Elefantmor og -barn

Sjiraff

Marabou (som kan ha eit vingespenn på nær 2,5 m)

Dyretransport som me møtte på veg heim til N'déré

Cob de Buffon

Cob des roseaux

Cob Defassa

Guib harnaché

Ourébi (eller Bambi, som me kallar han...)

Bambi i farta (knipsa av Amalie frå biltaket)

Bubalar som knovast

Bavian

Batelleur (trur eg...men blir gjerne korrigert:-)

Hesteantilope (hippotrague)

Singe Rouge (raud apekatt på norsk)

Vortesvin

søndag 24. april 2011

Lille Trond døypt påskedag

Dåpsbarnet Laliga Trond Samuel saman med "maraine" Jofrid.

Hans fulle namn er Laliga Trond Samuel, og i motsetnad til sin noko eldre namnebror er ikkje "petit Trond" meir enn tre månader gammal. Han kjører ikkje motorsykkel heller - ennå...

I dag blei Laliga (som er stammenamnet hans på samba) døypt under påskedagsgudstenesta som var på sjukehuset. Me (Jofrid og Trond) var fadrar og heile familien blei inviterte heim til foreldra Phillip og Emilienne.

Phillip, som er vaktmeister på skulen, har ein gut frå før (Meyer, ti år) som han fekk saman med si første kone Christophe. Ho var passedame for Jone og Amalie dei tre første åra våre i Kamerun, og det var ei stor sorg for oss alle då ho brått døydde i august 2002.

Phillip gifta seg året etter med Emilienne, men det har ikkje lukkast før nå - nær ni år seinare - å få ein ny verdsborgar inn i familien.

Og av alle dagar i året, er vel ingen betre enn påskedag til å feira livets seier over døden. Jofrid bar Laliga til døypefonten medan prest Doudet Luc utførte dåpshandlinga. Ei stor oppleving både for foreldre og fadrar.

Heime hjå Phillip og Emilienne i Burkina var det flott oppdekking med maiskosskoss, steikebananar, pistasjesaus, røykt fisk og brus. Vener og naboar kom stadig innom og tok del i festmåltidet, som blei avslutta med bøn for den nydøypte.

Me vil med dette ønskja alle ei velsigna påske!

Phillip, dåpsbarnet og mor Emilienne under gudstenesta.

Stolte passejenter ville gjerne ha sin del av Laliga.

Namnebrødre, men der stoppar også likskapane...Amalie tygg popcorn i hjørnet.

Brødrene brothers knaskar i seg smultboller og andre godsaker.

Bordet er dekka til dåpsfest.

Vel heime igjen blei det opning av påskeegg for Henrik og søskena. Ein stor del av innhaldet er det familien Madlands som har besørga. I kveld drar dei heim til Norge etter to veker i "gamlelandet" Kamerun. Kjekt besøk både for oss norske og dei mange kamerunarane som har eit forhold til Astrid, Bjarte, Kristin og Elias.

søndag 17. april 2011

Bispefest i Garoua


På kyrkjetrappa etter innsettinga. Telessam Adolphe med ein N på bispekappa.
Nasjonalbispen Thomas Nyiwé til høgre for han.

Saman med 1222 andre (ja, alle blir talt med på gudsteneste i Kamerun) fekk Trond med seg ei storslått bispeinnsetting idag. Telessam Adolphe heiter den nye - og første - biskopen i den nordlegaste regionen til Den evangelisk-lutherske kyrkja i Kamerun.

Det blei masse pomp og prakt, slik det gjerne blir når kamerunarar steller i stand til fest. Høgdepunktet var då alle 1223 (minus ein nokså pinglete nordmann) song og dansa i ein stadig meir intens og rytmefull seanse. Taket letta og blei blåst til himmels. Sånn kjentest det iallfall ut. Då går i grunnen fem og ein halv time fort...

Biskop Adolphe har mellom anna tatt mastergraden sin i Stavanger på Misjonshøgskulen, så nokre av dykk kjenner han kanskje frå den tida (2002-2004).

Elles er det rimeleg varmt i Garoua for tida. Over 40 grader i skuggen i helga og høg luftfuktighet. Sveitten rann i strie straumar under bispefesten. Heldigvis klarte eg å lura med  innhalvannan liter vatn, så det blei litt påfyll midt oppi væsketapet. Kleda var så blaute etter dei fem og ein halve timane at eg kunne vri dei.

Derfor var det godt å komma til Ngaoundéré og kjenna den friske lufta etter det lette regnet som har falle i dag. Ikkje store mengder, visstnok, men nok for å kjøla ned lufta for ein stakkar etter bispemaratonen i Garoua.

Kjekt var det også å ha lag med Jean Claude Hamadjam på vegen heim. God drøs og gode maissekkjøp gjorde at dei 280 km gjekk som ein røyk, sjølv om bilen me hadde mangla air condition...

I juni skal kona til Jean Claude, Evelyne, forsvara oppgåva si på sjukepleiarskulen. Me er inviterte til Garoua for å bli med på feiringa. Det blir i så fall vår siste tur til nord i denne omgang. For tida går så altfor fort; om to månader er me heime i Norge igjen.

Festen er i ferd med å ta av...

...mens sjåføren av denne lastebilen nok ikkje kan ha hatt det særleg festleg. Kontaineren låg på andre sida av vegen. Det ser ut som om kjøretøyet har blitt kasta rundt etter å ha mista det eine framhjulet.

søndag 10. april 2011

Kamerunflokken anno 2011

Den norske kamerunflokken anno 2011. Frå venstre bak: Erik Sandvik, Øystein Hellevik, Brit Hodne, Kristin Tomren, Trude Tomren, Marianne Tomren, Benjamin Røen, Elisabeth Huseby, Erik Bischler, Marit Fauskanger Pedersen, Trond Hjorteland, Solbjørg Pilskog, Jofrid Vik Hjorteland, Ragnhild Huseby Solås, Rune Slettbakk, Amalie Hjorteland, Svein Malmbekk, Jone Hjorteland, Sølvi Malmbekk og Sandra Bischler. Framme frå venstre: Bjørn Solås, Aaron Bischler, Pauline Tomren, Erle Solås, Olaug Slettbakk med barna Elise, Ingrid Linnea og Ida Kristine, Sunniva Tomren, Theodor Bischler, Ask Solås, Henrik Hjorteland og Samuel Bischler. (Harald Solås og Tom Tomren er ikkje med på dette biletet).

Litt av ein gjeng! Her har me heile den norske kamerunflokken anno 2011 samla på eitt breitt (minus Tom Tomren og Harald Solås) i forbindelse med ein temadag me hadde i sist veke.

Temaet var afrikansk spirirualitet og trolldomstru (for oss vaksne), medan ungane bl a hadde filmdag og pizzasnurrar. Dessverre blei foredragshaldar Ngah Joseph sjuk - han har skrive bok om temaet - men me fekk sjå ein tankjevekkande film om afrikanske barn som blir stempla som "trollbarn".

Dette er eit forholdsvis nytt fenomen som ikkje verkar vera så veldig kjent i Kamerun, men som er utbredt i bl a i Angola og Benin. Enkelt sagt blir barn - av ulike grunnar - skulda for å vera berarar av trolldom, og dermed skuld i mykje av det elendet som finst.

Om eit barn blir født med setet eller beina først, eller har ein eller annan skavank, er det framleis ein skikk somme stader å tilleggja desse barna ein trolldomsfunksjon. I nokre tilfelle blir desse barna drepne i bestialske rituale. Det er nærliggjande å samanlinkna dette med heksebrenninga i Norge.

Sjølv om slike groteske skikkar ikkje virkar å vera særleg utbredt i Kamerun i 2011, kunne veteranmisjonær Solbjørg Pilskog (med 50 års kamerunjubileum i år) fortelja at tilsvarande overtru var utbredt her også, og dét ikkje langt tilbake i tid.

Overtrua lever også den dag i dag i Kamerun, og me møter henne i ulike variantar mest dagleg. Å kasta trolldom på nokon (eller trua på at nokon gjer det) og oppsøkja marabouar (trollmenn) er ganske så utbredt, også blant kristne.

Ok, det får vera vårt lille livsteikn med eit litt tematisk forteikn denne søndags ettermiddagen. Nå ventar middag her heime saman med familien Madland som skal ha påskeferien sin her i Ngaoundéré.

tysdag 5. april 2011

Ville matprisar!

Det er billeg med mat i Norge i forhold til mange andre land, som f eks Kamerun. I Norge ville kjøtet ha kosta 1750 kr kiloen om me hadde hatt kamerunsk lønsnivå.

Denne tittelen har me rett og slett stole frå ein tankevekkande artikkel som den eine "eittåringen" i Kamerun, Marit Fauskanger Pedersen har skrive. Ho har rett og slett funne ut at dersom kjøtet i Noreg hadde kosta like mykje i forhald til løningane som det gjer i Kamerun, ville kiloprisen i Noreg vore, hald deg fast,
1750 kr!!

Og folk som klagar over at maten er dyr i Norge?

Heile artikkelen om ville matprisar kan du lesa ved å klikka her.

Og har du lyst å læra meir om likt og ulikt mellom nord og sør i verda, vil me anbefala alle å gå inn på den nye nettsida (lansert av NMS i dag, 5. april) som heiter http://www.who-cares.info/. Der finn de masse tankevekkande og oppdatert stoff om nord-sør-spørsmål - som matprisartikkelen til Marit.

Det er bare å ta ein kikk!

søndag 3. april 2011

Litt drivstoff for ei ny veke

Detaljutsal av bensin, parafin og diesel. På brukt emballasje, som matoljeflaskene fremst.

- Mallam, eg vil gjerne snakka litt med deg.

Jofrid og eg står midt i helgeoppvasken då den unge fulanien kjem på døra.

"Å snakka" er som regel einsbetydande med å be om pengar.


Eg tørker av meg på hendene og me set oss på benken ute, som me gjer så ofte når det kjem folk på døra for "å snakka". Etter dei vanlege fulanihelsingane, som gjerne tar eitt minutt eller to, kjem historia hans. Me kan kalla han "Ibrahiim":

- Eg er blitt tatt hand om av folka på radioen (Sawtu Linjiila) etter at eg blei kristen. Men nå har eg ikkje nokon jobb. Då eigaren av gateverkstaden, der eg jobba, såg at eg ikkje ba slik som muslimar gjer, fekk eg sparken.

- Eg har leita overalt etter ny jobb, men ingen vil ha meg. Det er ikkje lett å vera kristen mekanikar når mest alle verkstadeigarane er muslimar.

Heime har han ei ung kone som heller ikkje har arbeid. Barn har dei ikkje. Likevel; det trengs midlar til hushaldet.

Men Ibrahiim er ikkje den som gir opp. For å skaffa pengar vil han selja bensin til motorsykkeltaxiane i byen. Så han ber om eit lån på 10 000 Fcfa (ca 120 kroner), slik at han får ein startkapital på 20 liter bensin.

- Kor mykje vil du tena på det? spør eg då eg gir han pengane.

- ca 1700 fcfa (20 kroner), svarer han.

- Nå skal eg selja bensin på dagtid, og gå på franskskule på kveldstid. Målet mitt er å få plass på ein bibelskule til hausten, og då må eg kunna nok fransk. Sjukehuspresten har hjulpe meg med pengar til franskkurset, fortel han.

Det kjem fleire som Ibrahiim på døra i løpet av ei veke. Som så ofte er det vanskeleg å vite kven som er "verdig trengande" og kven som er "luringar".

Ibrahiim har greie referansar, blant anna sjukehuspresten, så me gir han eit lite lån, sjølv om me ikkje kjenner han særleg godt.

Så når ei ny veke nå startar opp, er det med eit nytt lite bensinutval ein eller anna stad langs dei støvete Ngaoundéré-vegane. Grønn væske i brukte matoljeflasker.

Det er bare å beundra pågangsmotet til folk som Ibrahiim. Og kanskje la oss smitta litt av ein slik stå-på-vilje når me skal kasta oss ut i kvardagen igjen.

Me ønskjer alle ei fin veke!