Han kunne ikkje skjula kor stolt han var, Alexandre, då han fredag ettermiddag kom innom oss. - Nå er huset vårt mest ferdig. Kom og sjå! Saman med Trond drog dei med motorsykkelen til Gambara, eit sørleg område av bydelen Burkina. Der, fint plassert i ei skråning på ei ganske avskjerma tomt, dukka det flotte huset til Alexandre opp.
Nå er det rett nok litt feil å kalla det "Alexandre sitt hus". Han har i desse dagar nemleg betalt brudeprisen, slik at hans utkåra - Fadimato - også må reknast som huseigar. Planen er at huset skal bli innflyttingsklart neste onsdag (10. november). Då vil dei be presten komma nedom for å velsigna både hus og samliv.
Etter tradisjonen (begge er av diifolket) er dei gift når brudeprisen er betalt. Og når presten har fått sagt sitt, er dei klare til å leva som ektepar. Sjølve bryllupsfesten vil dei venta med, til huset står heilt klart og dei igjen er i stand til å leggja av litt pengar.
Alexandre og Fadimato er svært takksame til dei som på ulike måtar har bidratt til både hus og "dotte" (kanskje somme av dei les bloggen?).
Flott såg det iallfall ut der i Gambara - og me kan ikkje anna seia enn lukke til med både hus og ekteskap!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar