Nokre tradisjonar er for gode til å gi avkall på, også i utlendighet under Afrikas sol. Det skal likevel ikkje leggjast skjul på at det til tider kan vera ganske utfordrande å vera vaskeekte norsk nordmann frå Norge, men me gjer nå så godt me kan.
Ta for eksempel pinnakjøt. Det må me jo berre ha på bordet julaftan. Men her finst korkje Fatland eller Nordfjord eller Gilde eller kva dei nå heiter, pinnakjøtleverandørane i gamlelandet. Då er det ikkje anna alternativ enn å gå på marknaden sjølv og kjøpa inn det som trengst for å få det til; altså ein sau.
Som sagt så gjort. På veg ut til Mballang trefte me ein kar på motorsykkel som hadde eit par sauer til sals. Dette var nokre veker før muslimane sin store sauefest, så me fekk dei til ein nokså god pris (trur me). I overkant av 400 kroner for ei jømmer (halvanna år gammal søye) er til å leva med, sjølv om sauene her er både mindre og tynnare enn heime.
Etter nokre veker på gras attmed vulkansjøen på Mballang, var det tid for slakt. Dette fann me ut ville vera ei ypparleg økt i naturfag og mat&helse, så heile skulen blei med når dei firbeinte skulle til pers. (Det er på tide at dei får vita korleis kjøtet kjem på bordet...).
Harald Solås, kjøpar av den andre sauen og habil slaktar, leia seansen. Før både sauer og elevar visste ordet av det, hadde dei (sauene, altså) fått eit solid svimekakk i hovudet av øksa, og flåinga kunne starta.
Vaktmannen (og ein medhjelpar) på Mballang tok føre seg den eine sauen, medan Harald og elevane tok seg av den andre. Det blei utveksla nokre slaktetips på tvers av språk- og kulturgrensene den neste timen. Noko var likt og anna ulikt. Men alle var samde om at skarpe knivar frå Helle og Norge var å føretrekkja framføre machete og andre lokale kuttreiskapar.
Medan me norske forsvann med dei to saueskrottane bak i den eine Landcruiseren, fekk vaktmannen og familien skinna og innmaten. Det meste blir brukt når sau, geit og okse blir slakta i Kamerun.- Nå blir det sauefest hjå oss også! jubla dei, og sikta til muslimane som hadde feira sauefest dagen før.
Nå blir det skikkeleg fest på oss også, nå som pinnakjøtet mest er i boks. Etter ti dagar i saltlake, hang me i dei fleste delene til tørk i går kveld. Berre nakkar og lår får nokre dagar til i saltvatnet før dei blir overletne til tørketida.
Daud sau til tørk, dét er kanskje det næraste me kjem norsk førjulsstemning i Kamerun!
Nå blir det skikkeleg fest på oss også, nå som pinnakjøtet mest er i boks. Etter ti dagar i saltlake, hang me i dei fleste delene til tørk i går kveld. Berre nakkar og lår får nokre dagar til i saltvatnet før dei blir overletne til tørketida.
Daud sau til tørk, dét er kanskje det næraste me kjem norsk førjulsstemning i Kamerun!
Slik såg dei ut med ull og det heile.
Pinnakjøtsjefen Harald Solås er salig i blikket.
Mykje kjøt og lite fett.
Sau i deler.
Parteringskunstnaren i sving...
Ingenting å seia på verken tørk eller temperatur, kl 19 i går kveld.
Et voilà! Det ramlar jo faktisk ikkje ned!! Men kva skulle me gjort utan myggnett og rokkeringar?
Full konsentrasjon før opphenging i det sofistikerte tørkeanlegget vårt.
(NB! Her må ingen tipsa Mattilsynet, dei blir jo opphengde i så mykje, dei òg...)