Det er etterkvart blitt ein tradisjon at norske barn går St. Lucia-tog på stasjonsområdet i Ngaoundéré, men det er sjeldan at toget er så englesterkt som i kveld.
Heile 18 barn var med i prosesjonen som var innom både nasjonalbiskop og generalsekretær, representant Bischler og "grand old man" Erik Sandvik.
Overalt var det glede og varm mottaking. Og bollene, både dei med og utan kanel, fekk bein å gå på.
Teksten til Lucia-feiringa passar jo ekstra godt i Kamerun, der natta verkeleg senker seg svart når ho kjem ramlande i 18-tida:
Svart senker natten seg, i stall og stue
Solen har gått sin vei, skyggene truer
Inn i vårt mørke hus
Stiger med tente lys
St. Lucia, St Lucia.
Ein engel:-)
Mange englar!
Engletog.
På døra til nasjonalbiskopen...
...og generalsekretæren i EELC.
Afrikas flottaste St. Lucia-gjeng? Godt muleg :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar