søndag 12. desember 2010

"Ousmanou hadde rett"

Dei siste orda Ousmanou sin far sa før han døydde var: "Ousmanou hadde rett".
Nå er livshistoria til Ousmanou blitt film.

Ein god kollega av Trond ved radioen Sawtu Linjiila, fulanien Ousmanou Ibrahim, har nettopp laga ein film som fortel historia om korleis han gjekk frå å vera ein muslimsk koranstudent til å bli den første kamerunske fulanipresten.

Omvendinga i 19-årsalderen gjorde at mora og faren, som begge var muslimar, ikkje ville ha noko meir med Ousmanou å gjera. Dei meinte han hadde brakt stor skam over slekta, som på farsida består av fleire framståande imamar. Ousmanou heldt likevel på sitt, sjølv om han gjentatte gonger blei trua på livet og gjort arvelaus.

Mot slutten av livet til foreldra skjedde det ei forunderleg forsoning med Ousmanou. Då mora låg på dødsleiet, ville ho gjerne ha Ousmanou ved si side. Han kom, og mora fortalde at det følgde med ein hærskare av englar då Ousmanou gjekk inn i rommet. Like etterpå døydde mora.

Då faren vart alvorleg sjuk nokre få år seinare, ville også han at Ousmanou skulle komma heim til dødsleiet. På dette tidspunktet var imidlertid Ousmanou prestestudent i Benin, ca 3000 km unna, utan mulegheit til å komma tidsnok heim. I staden sende Ousmanou bestevenen sin heim til faren.

Kort tid etter døydde faren, med venen til Ousmanou ved sida av seg. Dei siste tre orda faren sa før han anda ut var: "Ousmanou hadde rett".

- I møte med slike teikn frå Gud, er det ikkje muleg å vera likegyldig, seier Ousmanou, som nå har lagt ut mykje av eiga lomma for at flest muleg skal få med seg hans historie på DVD, CD og som brosjyre.

Neste søndag (19. desember) skal Ousmanou ha ei samling i Garoua for å presentera DVD-en for kollegaer, vener og kjende. Filmen (på ca 45 minutt) er laga både på fulani og fransk. I tillegg har produsert ein CD med same historie som ei kort lydbok, også denne både på fulani og fransk.

3 kommentarer:

  1. Kanskje vi etterhvert kunne fått tekstet denne filmen til norsk og brukt denne i infoarbeid i Norge

    Jan Einar Holsen

    SvarSlett
  2. Hei Jan Einar! Ja, det er muleg. Nå er nok filmen først og fremst retta mot fulaniar og ein vestafrikansk kontekst, men eit utdrag kunne absolutt blitt presentert i Norge.
    Ønskjer deg og dine ei velsigna jul!
    Trond

    SvarSlett
  3. frysning i nakken, og tåre i augekroken....

    SvarSlett