laurdag 4. desember 2010

Solbjørg Pilskog 80 år

Solbjørg Pilskog fekk flotte klesplagg av perefolket, her representert ved prest Bakari Etienne.
Laurdag 4. desember runda kamerunmisjonær Solbjørg Pilskog - frå Hareid - 80 år. Og kva var vel meir naturleg enn at det var perefolket, som hareidsdølen har jobba med og blant i ei årrekkje, som stelte i stand festen.

Den norske kontingenten var også invitert til feiringa som fann stad i Ngaoundéré, nærare bestemt i lokala til skuleadministrasjonen til Den evangelisk-lutherske kyrkja (EELC).

Perefolket hadde laga til tradisjonell festmat til ære for jubilanten. Her var både karpefisk og kylling, kosskoss og steikebananer. I tillegg fekk ho overrekt flotte klesplagg, i tillegg til mange gode ord. Dei norske gjestene bidrog også - med kakemat og helsingar.

Bakari Etienne, pensjonert prest i Gadjiwan - kor Solbjørg har sin base - kunne fortelja om ei dame som med stor kjærleik utøvde - og utøver - sine sjukepleiar- og misjonæroppgåver på Peresletta. - Og ho kjem igjen og igjen, noko som er litt av ein prestasjon i seg sjølv, når me veit kor dårleg vegen frå Ngaoundéré er, sa Bakari.

Solbjørg har sidan 1998 reist for eiga rekning til Kamerun. I oktober, like sikkert som tørketid følgjer regntid, kjem Solbjørg til Gadjiwan i vinterhalvåret. I tørketida er vegane framkommelege både for vaksinering og evangelisering, begge deler ein like naturleg del av Solbjørg sitt virke og vitnesbyrd.

Når festlighetene er over i Ngaoundéré for denne gong (for me håpar jo på fleire runde feiringar:-), drar Solbjørg strake vegen heim til Gadjiwan. Der ventar sjukestova og medarbeidarane hennar. "Daada maanga", som er fulani for "den store mor" som mange kallar henne, veit at oppgåvene framleis er mange og store. Og ho har tenkt å yta det ho kan, så lenge ho har krefter og helse til det.

Me sluttar oss til gratulantane og ser fram til 90-årsfeiringa!

Då perefolket baud opp til ringdans, lét ikkje Solbjørg seg be to gonger!

Solbjørg omslutta av kamerunske og norske venner.

Etter ha ha sunge Joyeux anniversaire til jubilanten, var det tid for lysblåsing.

1 kommentar:

  1. Hipp hura for Solbjørg, daada manga! Hilsn Åse og Per Gunnar

    SvarSlett