tysdag 7. desember 2010

Blåtur med Jeynabu

Svogeren til Jeynabu, Issa, gav oss eit regime med bananar som takk for besøket.

Eg visste berre ein ting: Jeynabu skulle komme og henta meg (Trond) kl 15 for å visa meg åkeren sin, som me har hjulpe henne litt med. Det var det einaste eg visste, og ganske slik viste det seg ikkje å bli.

Jeynabu kom klokka tre. Ho er ei fulanikvinne på 60 år. Muslim, mor og bestemor som tar seg av både eigne barn, barnebarn og barn av sine søsken. Slik det gjerne er i Kamerun og Afrika. Jamvel ei gammal tante har ho nå fått ansvar for.

Jeynabu har vore ein flittig gjest hjå oss. Ikkje minst har var ho ein god språkhjelpar den tida me las fulani.
Sidan den gong har me halde kontakten. Ho er flink til å involvera oss både i gleder og sorger. Og idag var altså turen kommen for å sjå til åkeren hennar, som er ei av gledene i livet.

Me suste av stad i bilen, forbi togstasjonen, forbi universitetet og opp på platået mellom Ngaoundéré og falaisen ned mot Dii-sletta. Der, like før toppen, tok me til venstre ved eit skilt som viste retninga til Margol, ein nokså stor landsby i dette området som fulaniane kallar Cabbal (fjellet).

Margol er ein litt spesiell fulanilandsby. Vanlegvis held fulaniane seg med kveg, men i Margol er det helst åkerbruk det går i. Me blei invitert inn i huset til veslesøstera til Jeynabu. Aminatou heiter ho. Saman med mannen Issa dyrkar ho flittig nokre jordlappar slik at dei greier å halda familien med mat. Både peanøtter, bananar, søtpoteter, manjokk og mais har dei i sortimentet sitt, alt etter sesongane.

Då me sa at me ville sjå til åkeren til Jeynabu, sperra dei augene opp. - Nå? spurte dei og himla med augene. - Det tar jo halvannan time til fots. Natta vil komma ramlande før de er tilbake.

Og er det noko ein fulani helst vil unngå, så er det å få natta ramlande over seg. Dermed enda det heile opp med at det ikkje blei nokon åkertur på Jeynabu og meg. Men ein hyggeleg drøs i saaren til Aminatou og Issa er heller ikkje å forakta.

Dessutan er det kjekt å merka at fulanien (eigentleg burde me skriva fulfulden, det er dét fulaniane - eller eigentleg fulbane - kallar språket sitt) kjem meir og meir tilbake.

Slik sett var det nok meir grøderikt for meg å enda opp med ein kaffikopp og drøs i Margol, enn på åkeren til Jeynabu. Så får heller vekstene der klara seg sjølv til neste gong Jeynabu inviterer til blåtur :-)
Mor Aminatou med sonen Ibrahiima til høgre, og ein nevø til venstre.

Margol ligg ein halvtimes kjøring nordover frå Ngaoundéré, i retning Mbé.

Rett frå åkeren: Issa på dørstokken.

Jeynabu. Dette biletet er tatt heime i huset hennar, i samband med ramadan.

2 kommentarer:

  1. Hei! Takk for fin blogg, som eg les med stor iver. Når eg las om Jeynabu, så lurte eg på om det var henne, som gjekk mykje hos meg og. Bildet viser at det er henne. Ofte kom ho med suppe på døra. Mange gode minne om henne. Meinar me traff henne i 2003, då me var ute i februar. Ha ei fin adventstid! Guds velsignelse over liv og teneste! Helsing Kjellaug Aase Fyllingsnes

    SvarSlett
  2. Hei! Eg skal fortelja Jeynabu at du har lagt inn ei melding. Ja, ho er ei flott dame som stiller opp både for familien sin og andre. Ønskjer deg og dine ei fin adventstid og jul!
    Trond

    SvarSlett