laurdag 18. desember 2010

Historisk "ice breaker" i Kamerun

John Fru Ndi (t.v.) og Paul Piya i gemyttleg prat. Biletet er henta frå nettstaden journalducameroun.com

I 20 år har dei vore to av dei fremste politiske kamphanane i Kamerun. Men aldri i løpet av desse 20 åra har dei truffe kvarandre ansikt til ansikt. Kven snakkar me så om? Jo, Kameruns president Paul Biya og hans sterkaste opponent, John Fru Ndi - leiaren av Social Democratic Front (SDF).

Vekemagasinet Jeune Afrique skriv at av alle toppolitikarar i Kamerun, er det berre Biya og Fru Ndi som aldri har møttest. Ikkje før nå, fredag 10. desember, i Bamenda. Sidan det berre er 10 månader til Kamerun skal ut i eit nytt presidentval (oktober 2011), blei det spekulert i kvifor dei to markante motstandarane endeleg fann tida inne for å møtast.

Møtet kom i stand etter ein invitasjon frå Fru Ndi som saman med SDF har sin politiske base i nordvest-Kamerun kor Bamenda er regionby. Og det var i samband med feiringa av den kamerunske hær sin 50-årsdag i Bamenda at høvet bydde seg. Biya var alt i byen for å vera med på markeringa og fann altså tid til å eit møte med sin hovudopponent gjennom 20 år.

Fru Ndi hadde to hovudsaker på sin agenda: 1) Opposisjonen sin situasjon i Kamerun og etablering av rammene for ein dialog med makthavarane 2) ELECAM - organisasjonen som på uhilda vis skal sjå til at val og folkerøystingar i Kamerun går føre seg etter boka. SDP og Fru Ndi meiner at så ikkje er tilfelle, og at ELECAM er eit verktøy for presidenten og den sitjande regjeringa, utgått av partiet RDPC.

Særleg det siste punktet er eit ømtåleg tema her i Kamerun. Men trass i det, skal møtet, som varte i 35 minutt, ha gått føre seg i hjartelege og avslappa former. Symbolsk nok snakka Biya fransk og Fru Ndi engelsk, så dei måtte ha hjelp til omsetjing. På mange vis representerer Fru Ndi det anglofone Kamerun, og det meste av hans oppslutnad er derfor å finna i den vestlege delen av landet, som grensar mot Nigeria.

Kva blir så konsekvensane av dette møtet?
- Ingenting vil bli som før, uttalar eit anonymt og tidlegare medlem av nasjonalforsamlinga, tilhøyrande SDP, til Jeune Afrique. Han er svært glad for den dialogen som nå er etablert mellom det som truleg blir dei fremste opponentane i presidentvalet. Elles er denne saka omtala på nettstaden cameroononline.org der kommentarfeltet inneheld blanda reaksjonar blant folk.

Men mange er positive til at Fru Ndi og Biya nå snakkar saman, det må jo seiast å vera eit framsteg etter 20 år med avstandsfekting.

3 kommentarer:

  1. Hei!
    Tusen takk for koselig julebrev! Vi er ofte inne på bloggen og leser hvordan det går med dere.
    Det virker som dere har det veldig bra.
    Det har vi også,- men her er det kaldt, ganske så kaldt!!!
    Vi ønsker dere alle en fin julehøytid og et riktig godt nyttår! Julehilsen Helga og Bjørn

    SvarSlett
  2. Hei. Takk for gild julehelsing.Er så glad for at dykk har det bra og trives.I dag snør det tett her,og temperaturen er minus 5.I natt var her 10,9 minus.Det er i meste laget.Me har det varmt og godt inne.Ferdig med det meste til jul.Eg skal jobbe sjølve julahelga,men har mykje fri ellers.Er ofte innom her og les,det er spanande å fylgja med kor dåkke har det.Det er mest så eg kunne ha lyst til å vore med dykk.Det verste hadde nok vore slangane og krypa i mjølet:))Nå vil me ønska dåkke ei skikkelig fin julehelg,og gode ønsker for det nye året.Klem frå Liv og Trygve

    SvarSlett
  3. Hei og takk for helsingar! Me ønskjer dykk ei gledeleg jul heime i Norge, om det er på Tau eller Hjelmeland.
    Jofrid og Trond

    SvarSlett