fredag 17. desember 2010

Gospel Singers toppa julefesten!

Marit F. Pedersen i duett på "Nå er den hellige timen",  flott framført av både solistar og kor!
Mens fjøslyktene blafra på kanten av bassenget, mens ungane tusla rundt mette og gode av kaker og nissefrakta julesnop, mens foreldrene sat og drøste under ein halvmånefull stjernehimmel, mens alle sat og tenkte at nå var nok ei juleavslutning (ei svært vellukka sådan) i ferd med å renna ut av tida - akkurat då skjedde det som berre kan skje i Afrika og Kamerun:

Syngande og dansande og trommande kom koret Gospel Singers duvande inn døra til biblioteket, stilte seg opp på scenen og gav oss ein "grande finale" på ei allereie flott juleavslutning. Sjølvsagt var det "grand old man" Erik Sandvik som hadde ordna det slik. 

- Eg gjekk innom øvinga deira på veg til juleavslutninga og spurte om dei ikkje ville gi oss norske ein smakebit i løpet av kvelden, fortalde Erik etterpå. Blant mykje anna han må ta på si rikt dekortere misjonærkappe, er opprettinga av Gospel Singers. Og hjartet hans bankar framleis varmt for dette dyktige koret, som fleire gonger har vore i Norge.

Og Gospel Singers tok han på ordet, kom, song og vann "nachspielet" på juleavslutninga med songar på fransk, engelsk og norsk (Nå er den hellige timen). Takk til Gospel og Erik som gav oss denne flotte opplevinga! Til slutt ei rose til eittåring Marit Fauskanger Pedersen: Ho stiller seg opp i koret og dansar og syng som ho aldri skulle ha gjort noko anna, i tillegg til å synga solo/duett! Wow, tøft gjort!!

Her er nokre bilete frå resten av festen, som definitivt også er vel verdt eit par tilbakeblikk:
Jone spelte hovudrolla Artaban i Den fjerde vismann (stolte foreldre!), medan Henrik måtte nøya seg med rolla som kamelpukkel saman med førstekamelpukkelkollega Ask (roller gjennomført med finesse og bravur!).

Velfortent applaus for framføringa av Den fjerde vismann.

Henrik var mus på låven til Nissen. Ei flink mus.

Gruppa "Treige jenter" tok ein "Raske Menn"-variant; juleevangeliet dramatisert på under fem minutt.
Kay, det var bra!

Juletregang rundt mangotreet på skulen.

Sjølsagt kom Julenissen, han måtte berre skifta ut dei slitne
reinsdyra med antilopar då han kom sør for Sahara.

3 kommentarer:

  1. Så kjekt å lesa om juleavslutninga de har hatt. Godt han er fornøyd han som fekk æra av å vera kamelpukkel....

    SvarSlett
  2. Så kjekt å sjå kossen dåkke har det! Takk for koseligt julabrev i posten.
    Hilsen Familien Bjørkeli på Karmøy'ne :)

    SvarSlett
  3. Hei til dokke i gamlalandet! Kjekt at de er innom bloggen av og til. Når det gjeld kamelen, låg det ei stund an til å bli ein dromedar. Men etter litt godsnakking om kva karrieremuligheiter som ligg innan kamelpukkelfaget, fekk me på plass to velvillige pukkelhåver...
    Gledeleg jul frå oss i Kamerun!
    Jofrid og Trond

    SvarSlett