onsdag 1. desember 2010

Slike studentar vil me gjerne ha!

Gunn Helen og Kåre Gilje frå Gilja og Universitetet i Stavanger har hatt lærarpraksis i fem veker ved Den norske skulen i Ngaoundéré nå i haust. Og det har vore eit særdeles hyggeleg bekjentskap både for oss lærarar, elevar og etter eige utsagn også for dei to.

På biletet er dei framfor Tellofossen, ca. ein times kjøring frå Ngaoundéré, på veg til leirskule i Meiganga. Det som kanskje sit best igjen frå akkurat den turen, ikkje minst i studentmiljøet i Meiganga, er den fabelaktige fotballspelaren frå Norge (Kåre) som skåra to mål i "landskampen" mellom Kamerun og Norge som enda 2-2.

Me ved DNS er storleg imponerte over den innsatsen, kunnskapen, fleksibiliteen og kreativiteten Gunn Helen og Kåre har lagt for dagen under praksisopphaldet. Sjølv om det berre er to snaue veker sidan dei reiste, er dei alt saknelege. Heldige er dei elevane som får dei to til lærarar.

Og me ved DNS seier gjerne ja takk og amen til andre praksisstudentar av det kaliberet!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar