tysdag 31. mai 2011

Mangooooooooo!


Amalie på mangojakt.

Det rislar og raslar i mest kvart eit tre for tida. Plutseleg stikk det eit mørkt hovud fram mellom greinene før det kjem eit par låge dump på bakken.

Mangotid er klatre-i-tre-tid. Mangotid er festtid for store, men kanskje mest for små. Mangotid er også falle-ned-frå-tre-tid, slik Benjamin gjorde sist fredag, sonen til kokka vår Esther.

Ein dristig krabat som klatra så høgt det gjekk an, og så langt ut på greina som - viste det seg - det ikkje gjekk an.

Han fekk eit stort kutt i leppa ned mot haka, men elles gjekk det godt. Nokre sting på sjukehuset, og vips - så var han klar til både mangofangst og fotballkamp igjen!

Mangosesongen har vart nokre veker alt, sjølv om den første tida nok var prega av kartne frukter med ditto risiko for "kartne" magar også. Men nå er mangoen så å seia eteklar rett frå treet, noko også dei norske ungane veit å setja pris på.

På skulen er det nå mangoslafsing i dei fleste friminutt. Elevane hentar ned mango med ei stang, eller får vaktmeisteren og/eller ein av dei vaksne til å hjelpa seg. Dersom mangoen er litt hard, blir han lagt til modning på ein dertil eigna stad, for eksempel i vindauga (sjå bilete under).

Det finst ikkje mange frukter som kan måla seg med mango, om nokon. Så når me snart vender mangofjesene (ja, etinga set viss merke...) heimover, er det med eit visst sakn etter desse saftige og sabla gode fruktene.

Dei er rett og slett mangooooooooooo!


Mangomodning i klasseromsvindauga.

Ida Kristine tar seg av mangoskrellinga...

...medan Erle kan slafsa i seg godsakene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar