søndag 29. mai 2011

Ein fin søndag i Tello

Harald Solås lossar ein Honda 125 cc av lasteplanet.

Med ein motorsykkel tjora fast på lasteplanet drog det søndags morgon - i sjutida - ein Toyota HiLux av stad frå stasjonsområdet med adresse kyrkja i Tello Centre. Målet var å delta på opningsgudstenesta av det (nesten) ferdige kapellet i landsbyen som ligg ca to timars kjøring frå Ngaoundére - søraustleg retning.

Taket på det nye kyrkjebygget har familien Tomren gått i bresjen for, medan landsbyen sjølv har stått på for å få midlar til nye veggar. Gudstenesta var også eit farvel med misjonsprest Tom S. Tomren som har hatt sitt virke i denne menigheten - og i dette nye kyrkjedistriktet - dei siste åra. Familien Tomren reiser heim til Norge i sommar etter fire år i Kamerun.

Motorsykkelen på HiLuxen hadde familien Solås skaffa til veges til prostiet i og rundt Tello. Fleire av kyrkjelydane i området ligg avsides til, og ein motorsykkel er det mest sneddne framkomstmiddelet for å nå fram til desse. Doningen blei for øvrig behørig beden for og vigsla til teneste - inni kyrkja (sjå bilete under).

Både nasjonalbiskop Nyiwé Thomas og landsbysjefen var til stades på gudstenesta som varte i ca 3,5 timar. Sistnemnde fekk stor jubel då han med glimt i auga "forlangte" at golvet måtte sementerast - og dét innan ein månad! For det gjenstår både støyp på golvet og sementpuss på veggane før bygget er heilt ferdig. Og då blir det nok ein ny opningsfest!

Her er nokre fleire bilete frå dagen i Tello Centre:

Prosesjon før offisiell opning av kyrkjebygget. Nyiwé Thomas går føre Tom S. Tomren.

Nasjonalbiskop Niywé og prest Tomren klyppar snora.

Kyrkja har fått eit solid tak med takstolar i raudt tre og dekke av bølgeblekk.

Nyiwé innvia mellom anna døypefonten - ein fin kasserolle - under gudstenesta.
Arkivar Thomas Holpou gjer opptak.

Også tromma, keybordet og kollektfata blei vigsla.

Familien Tomren samla utanfor det nye kyrkjebygget etter gudstenesta.
Frå venstre: Trude, Sunniva, Kristin, Tom, Marianne og Pauline.

Motorsykkelen blei trilla inn i kyrkja - og Harald Solås beordra oppå - til stor jubel blant dei frammøtte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar