fredag 27. mai 2011

Den blå kamerunlista

Okei, her kjem den blå kamerunlista, lista som kjem på bordet når afrikalivet kjennest leit og vanskeleg. Det er sjølvsagt ei uprioritert og subjektiv oppramsing, og den må helst lesast saman med innlegget Ti på topp i Kamerun for balansen si skuld...:-)

1) Sjukdom og død: Det går mest ikkje ei veke utan me høyrer om alvorleg sjukdom og dødsfall blant barn og vaksne som er langt frå gamle. Utilstrekkelighet er kanskje det ordet som dekkjer best vår kjensle i møte med dette. Men les gjerne denne historia for å sjå at av og til kan enkeltmenneske utgjer ein forskjell. Og her kan de lesa om kva som skjedde vidare.

2) Lureriet: Alt for ofte kjem det folk til oss med uærlege hensikter. Me føler oss av og til som nokre seddelpresser som spyr ut 1000-lappar og 10 000-lappar til alle som spør. Av alle dårlege kamerunfølelsar, er den å bli lurt av ein "uverdig" trengande ein av dei mest irriterande.

3) Motorsykkeltrafikken: Okei, det sit langt inne å skriva noko negativt om motorsyklar, men når ein har budd nokre år i Ngaoundéré, er det lett å skjøna kvifor ein gjer det likevel. Motorsykkeltaxiane myldrar rundt ein, foran, bak, over, på sida, under...og det skjer veldig mange ulykker. Skakkgjengde er eit altfor vanleg syn i bybildet, passasjerar eller sjåførar som er blitt kvesta i motorsykkeltrafikken.

4) Criquetar: Desse svarte grashoppene, eller kva dei nå er, som dukkar opp i skiftene mellom regntid og tørketid, og vice verca. Ekle, kvasse, bråkete og noko av det minst hensiktsmessige som er skapt på dyrefronten - ever!

5) Vannstans: Kjensla av å komme tilbake til Ngaoundéré etter ein lang, støvete og slitsom reise - og der ein gler seg noko vannvittig til ein lang og god dusj - for så å oppdaga at alt som finst i dusjen er svarte criquetar og ingenting vatn, det er ei ganske blå kjensle.

6) Straumstans: Skjer som regel dei dagane då det er tomt for stearinlys og parafin til lampane, og det regnar og er blautt og kolsvart ute, alt medan ein høyrer stadig sterkare surkling og stønn frå kjøle- og frysevarene akkompagnert av datamaskinar som lagar "slutt-på-batteriet-lyd". Men det verste er nok at straumstans ofte fører til vannstans (sjå over)...

7) Dørbanking: Når ein ser fram til ein roleg morgon, eventuelt ettermiddag, og folk kjem og bankar på døra (eventuelt klappar i hendene)  med ein slik intensitet at ein skulle tru at verda går under, men så er det berre ei ung jente som vil selja nokre pistrete gulerøter, då blir det fort mørkeblått i heimen.

8) Avtalar: Bluesen syng i sjelestrengene dei gongene du har gjort ein avtale som ikkje blir holdt, eller som blir underlagt eit for oss nokså intrikat fleksitidsystem der faktorar som regndråpar, treffe-kjentfolk-på-vegen, høfleg forseintkomming og andre ærend gjer møtetidspunktet like elastisk som kautsjokk.

9) Pruting: Kjensla av å ha brukt laaaaang tid på å diskutera prisen på ein trekrakk, og når dealen endeleg er settla og du med eitt sit der med ein uggen følelse av å ha kasta bort masse tid på ein gjenstand du strengt tatt ikkje har bruk for og som blei 5000 Fcfa dyrare enn kva doktor Slettbakk betalte, den kjensla må kallast blå.

10) Korrupsjonen: Dei stadige hinta om pengar under bordet, om det er på politistopp langs landevegen, på eit offentleg kontor nedi byen eller ein kjenning som kan tilby ein teneste for ein brøkdel av prisen, er nokså pyton og ei stor svøpe for utviklinga i Kamerun. Viss me skal definera grunntonane i den kamerunske bluesen, har korrupsjonen sin naturlege plass, saman med aidsen og nepotismen.

På toppen av alt ligg Viking, dei mørkeblå, på botn av Tippeligaen. Trøysta får vera at det derifrå berre finst ein veg: oppover.

God helg!

1 kommentar:

  1. Unansett hvor blaa den lista var saa fikk den fram latter og smil, og daa va plutselig ikke tilvaerelsen saa blaa lenger. Veldig festlig og igjenkjennelig alt sammen. Og eg e heilt enig med rangeringen :o) Sandra

    SvarSlett