onsdag 1. juni 2011

"Med mine eigne pengar!"

- Eg har kjøpt 'an med mine eigne pengar, altså!

Me har ein gut som snart er seks år og som veit å områ seg. Namnet på krabaten treng kanskje ikkje nemnast, men det kan vera verdt å merka seg at det betyr "Heimens herskar".

Her i dag fekk han det føre seg at han ville ha ei lommebok, helst i krokodilleskinn, for det hadde han sett andre som hadde. Ein brukt Pringles-boks har gjort nytte som skattkammer fram til nå, men på lommeboka skal jo storkarar kjennast, må vita.

Far og storebror drog til byen og fekk tak i lommebok, berre i pytonskinn rett nok, men stor nok til å romma dei ca 3000 Fcfa (snautt 40 kroner) minsten har spart opp i løpet av året. Nøgd og glad over den nye "pengebingen" telte vår lille Skrue myntar og sedlar og iverksette neste prosjekt: Å få tak i bankkort...

Det kunne me dessverre ikkje hjelpa han med, iallfall ikkje nå, men kva er nauda når andre fristande tilbod kjem og bankar på døra?

Som for eksempel...ei skilpadde!

Far i huset var på veg ut på joggetur då to unge gutar i 12-13-årsalderen kom stiltrande mot inngangsdøra. Med seg hadde dei ei lita skilpadde som dei visstnok hadde funne ved eit bekkeleie.

Berre av forvitenskap spør far kva prisen er, og det er tydeleg å sjå at gutane tar frykteleg godt i då dei svarer : - 500 Fcfa - altså ca 6 kroner...

Far i huset seier at me nok dessverre ikkje er interesserte og legg i veg på joggetur. Like etterpå kjem det ein snart seks år gammal gut ut døra, med ny lommebok og ein viss betalingsevne, og blar opp dei 500 Fcfa som gjer han til ein forrektige skilpaddeeigar.

Mor i huset blir konsultert etter handelen, og ho kan jo ikkje anna seia at han jo kan gjera som han vil med sine eigne pengar...

Slik blir altså Henrik den stolte eigar av ei skilpadde. Namnet er Sprøk. Og det har si logiske forklaring:
- Bjørn (Solås) meinte den skulle heite Løk, men eg ville ha eit anna namn som rimte, og Sprøk rimar på Løk, forklarte Henrik etter namnefesten.

Nå er det fristande å skriva at Sprøk utan k er ein passande beskrivelse på unge herr Henrik si investering, men kva skal me gjer. For som han seier:

- Eg har jo kjøpt 'an med mine eigne pengar!

Skilpadda Sprøk saman med Henrik, Ask Solås og Elise Slettbakk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar