måndag 9. mai 2011

Då Henrik mista si første tann


Dette var dagen då Henrik mista si første tann. Han hadde gått og lirka på ho lenge, men tanna ville liksom ikkje heilt sleppa taket i gommen nede mellom dei andre, kvite fine melketennene.

Men i går skjedde det som jo før eller seinare måtte skje. Henrik tok sin vanlege lause-tann-visning til mamma Jofrid for å syna dagens lealaus-status etter dei siste timars matinntak og tyggevirksomhet.

Mammen konstaterte at tyggereiskapen hang i ein rimeleg tynn tråd og føreslo for poden å vri tanna litt fram og tilbake. Etter berre eit par forsiktige grep med tommel og peikefinger forlot herligheten sin tilmålte plass (og tid) i Hans Majestet Henrik sin eminente tanngarde.

Stolt som ein hane, og med laustanna i hand, gjekk Henrik frå familiemedlem til familiemedlem for å proklamera denne store gleda. Og for dei som våga å sjå litt blod, opna han jamvel gapet for å visa fram åstaden som tanna nett hadde forlatt.

Då natta kom og Henrik fall i svevn, smaug tannfeen seg ned gjennom pipa og la 20 norske kroner i vannglaset der tanna låg.

Om det var utsiktene til meir klingande mynt i kassen som gjorde det, er ikkje godt å vita, men Henrik påstod i dag at nabotanna også var blitt laus. Ein ting er iallfall sikkert; me har fått ein stor gut, med eit - om muleg - endå meir sjarmerande smil!


Ein stykk melketann ga 20 kroner frå tannfeen.

2 kommentarer:

  1. Oj, oj, oj.....skal sei guten e blitt stor. Nå har Oda lagt nedtellingskalender te dåke komme heim, kun 46 att. Me gler oss.

    SvarSlett
  2. Heisan, det var ikkje verst! Gratulerer Henrik! Du såg rektig flotte ut. Elias mista og si fyrste tann - på flyplassen i Bruxelles på vei heim frå Kamerun. Me visste ikkje at ho var laus før kvelden før. Han oppdaga det på flyplassen i Yaoundé mens me sto - ganske varme i håvet - med alle koffertane utover golvet og måtte pakka om så vekta skulle verta jamnare fordelt... Etter ei natt på flyet lurte storesøstera han til å sette tennene i ein kjeks, og dermed var det gjort! Me kjem nok til å huske det. Ikkje mykje som slår tannlause 6-åringar når det gjeld sjarm, nei. Hels kjente.

    Klem, Astrid

    SvarSlett