søndag 8. mai 2011

Håpets fotballag (nei, det er ikkje Viking)

Espoir, i mørkeblått og gult, i kamp mot Meiganga på stadion i Ngaoundéré.

For Håpets fotballag, det er Espoir Football Club de Ngaoundéré, forkorta Espoir (håp).

For ti år sidan starta fotballentusiast Simo Christian fotballklubben Espoir. Målet var å gi barn og unge ei trygg og lærerik ramme for å dyrka sin lidenskap; fotball. Og ikkje minst; å skaffa utstyr og banar der dei kan utvikla seg som fotballspelarar.

Med ukueleg optimisme, enorm fotballglede og ein stå-på-vilje som enkelte sørvestlandske eliteserielag i Norge kunne hatt noko å læra av, har Simo lukkast med målet sitt. Ikkje berre har klubben aldersbestemte lag frå 10 år og oppover, dei siste to åra har Espoir også stabla på beina eit slagkraftig A-lag.

Dette laget ligg nå an til å spela play off (kvalifisering) til det nest øvste nivået i Kamerun, som tilsvarer Adeccoligaen i Norge. Me var nyleg til stades på ein seriekamp her i Ngaoundéré kor Espoir knuste laget frå Meiganga 8-0! Og på dei tre kampane Espoir har spela mot eliteserielaget til Ngaoundéré, er det blitt ein seier, ein uavgjort og eitt tap. Nivået er altså bra.

Om det blir opprykk i år eller ikkje, er ikkje Simo så veldig bekymra over. - Når den dagen kjem at me skal rykka opp, då rykkjer me opp! seier han om den saka. Det viktigaste for han er å utvida tilbodet for barn og unge, så vil A-laget bli betre som ein følgje av det. Rekrutteringsgrunnlaget er det ikkje noko å seia på!

Espoir har også vunne turneringar i Yaoundé med to av dei aldersbestemte laga sine. Og nyleg blei klubben kontakta av det beste laget i Kamerun, CotonSport i Garoua, med spørsmål om dei kunne tenkja seg å ha ein spelar (spiss) på lån, slik at han kunne få speletid på eit godt lag. CotonSport spela finale i den afrikanske Meisterligaen for eit par år sidan, og det er jo stas for Espoir å ha ein slik partnar.

Me har to grunnar til at me vil nemna Simo og Håpets fotballag her på bloggen. Den første er at me gjerne vil fortelja om ein av dei mange her i Kamerun som står på og gjer ein formidabel ueigennyttig innsats for andre. Ofte handlar historier frå Afrika om elende og folk si tiltaksløyse. Det finst også, men jammen finst det mange eldsjeler som Simo!

For det andre har me lyst å utfordra dei av dykk som er med i idrettslag og fotballklubbar, og som har brukte draktar, fotballsko og ballar de kunne tenkja dykk å senda til Espoir, om å ta kontakt. Behovet for slikt utstyr er stort. Mange av ungane som er med, kjem frå fattige familiar som ikkje har råd til bl a skikkelege fotballsko.

Så viss de har lyst å ha ein aksje eller to i Håpets fotballag, er det bare å hiva seg rundt!

Ikkje lett å vera forsvarsspelar på grusbane!

Pause. Espoir-trenaren går gjennom strategien for andre omgang.

Kamp om ballen framfor hovudtribunen. Ansikta til Rune Slettbakk og Harald Solås kan skimtast om lag midt på biletet. Rett bak sit Simo Christian - dessverre det einaste biletet me har av han.

Spelar nr 7 kom rett frå mesterligafinalist CotonSport i Garoua på utlån til Espoir før Meiganga-kampen.

Fecafoot (det kamerunske fotballforbundet) satsar bevisst på å få fram kvinnelege dommarar. I kampen mot Meiganga var det ein kvinneleg linjedommar som hadde tatt car heilt frå Banyo!

Reservekeeperen til Meiganga måtte i elden alt i første omgang. Om hanske-i-bukse-strategien var så veldig lur, er det nok delte meiningar om... 
Etter draktene å dømma, har også Meiganga fått tak i brukt utstyr frå Europa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar