søndag 1. mai 2011

Arbeidet sin dag

Slik skal det gjerast! Jofrid og vaktmann Awdi pustar tungt under bråtebrenninga.
(Dei fleste bilda i denne bloggsaka er tatt av Amalie).

Arbeidarane sin dag blir kalla for "Arbeidet sin dag" her i Kamerun (Fête du travail). Likefullt er det ein av dei største festdagane her i landet, og berre for å ha sagt det: Arbeidarane har fri og får ofte påkosta nye klesplagg og t-skjorter av arbeidsgivar til festen.

Verre er det med dei mange, mange som ikkje har noko fast arbeid å gå til. Dei fell jo litt utanfor på ein dag som denne. Men kamerunarane har ein eigen evne til å finna fram smilet og humøret likevel. Og om ein ikkje har ein fast jobb å skilta med, kan ein jo bli med på festen likevel?

I dag tidleg var eg sjåfør for radiogjengen på Sawtu Linjiila. Dei skulle ned på Uavhengighetsplassen saman med tusenvis av andre finkledde og feststemta arbeidstakarar. I strie stramar strente dei av stad frå alle bydelane i Ngaoundéré inn mot sentrum - og i alle regnbogen sine fargar.

Feststemte radiofolk! Cirka ein halvtime før defileringa skulle starte - klokka 10.

Medan ein i Norge og Vesten er van med parolar om betre vilkår for arbeidarane, går dei fleste plakatane her ut på å presentera verksemda ein jobbar for. Presis klokka 10 skulle defileringa starta framfor hovudtribunen kor både guvernøren og laamiidoen og andre prominente gjester kan bivåna det heile.

På stasjonen vår er det etterkvart blitt tradisjon å dra i gang ein dugnad for å renska grøfter og renner før regntida set inn for fullt. Onsdag ettermiddag fann me fram hakker og spader og heiv oss over arbeidet med liv og lyst. Både vakter, kokker og andre lokalt NMS-tilsette var med på dugnaden saman med oss norske, så det blei ei samansveisande stund for både oss "arbeidsgivarar" og "arbeidstakarar". Ein god skikk!

I dag steller dei tilsette i stand fest for å markera 1. mai. (Sjå ferske bilete nedst i artikkelen). Og dei er ikkje snauare enn at dei inviterer oss norske med på festlighetene. Så klokka eitt stikk Jone, Henrik, Amalie og eg opp på internatet for å meska oss med godsakene. (Reknar med at det er kokkene som har laga maten, ikkje vaktene...:-) Jofrid har vore på dametur til Maroua denne helga, men er ventande heim i løpet av kvelden.

Legg ved nokre bilete frå dugnaden - på dette som i Kamerun altså er Arbeidet sin dag.

Doktor Rune (fremst) med utsøkt vegvesenkvileteknikk.

Marianne (t.v.), Ingrid Linnea og Bjørn fiksar stasjonsvegen.

Her ein kar som har svinga ei hakke før. Lærar Harald i sitt rette element.

Milimeterpresisjon frå Pauline.

Denne krabaten ville også vera med på dugnad.

Kokka Esther (t.v.), strykedame Anne og vaktmann Blaise i godt driv.

Så ei oppdatering med bilete frå dagens matfest som blei avslutta kl 14 på internatet:

Vaktmeister Phillip skin om kapp med flagget.

Alle dei lokale NMS-tilsette var med på festen, og dei hadde laga ei nydeleg kjøtsuppe. Til dessert var det vannmelon og ananas. Så frisk og god som ein berre får i Kamerun :-)

Ryggen til eittåring Benjamin. Dette var t-skjortene dei lokalt NMS-tilsette defilerte med på Uavhengighetsplassen i byen i dag.

Desse karane gjekk feil...dei skulle visst i eit prinsebryllaup i London...men, men.
Moterette fargar kler uansett dei smukke - her representert ved prest Svein (t.v.) og lektor Erik.

Vaktmann Yagoné ønskjer velkommen til fest - både til arbeidarar og "les patrons".

Le patron himself, representant Erik, hadde ei helsing på vegner av arbeidsgivar.

David (jobbar med gjestehusa) har funne ein lattermild plass mellom vaktene.

Jonas kokk (med rosa skjorte) slapp å kokkelera i dag. Men maten var uansett upåklageleg.

Også plensjef Issa ville foreviga festlighetene - og kanskje legga dei ut på nette slik som visse andre?? 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar