torsdag 2. juni 2011

Kobrajakt! (med epilog)

Brennande sykkeldekk skal få kobraen ut.

Mens kaffitraktaren surkla sutalaust på kjøkkenet, gjekk det ein støkk i vaktmann Gerome. Han var på veg frå huset vårt ned til Slettbakks då han byrja å hoia og veiva med armane.

Først skulle ein tru at det var nokre ungar på mangoslang han skulle ta, men då han bøygde seg ned for å henta ein stein, forstod me at det var andre "inntrengjarar" på ferde.

Ein kobraslange på over ein meter var blitt observert av ein forbipasserande like bortom huset til Slettbakk.
- Slangen blåste seg opp og pilte som ein rakett under nokre kontainarar, fortalde han.

På nokre små minutt var alt som kunne krypa og gå av vaktar og andre krypdyrkyndige personar på plass for å ta knekken på kobraen. Men det var lettare sagt enn gjort. Den let seg ikkje skremma ut frå gøymestaden under kontainarane, same kor mykje jegrane banka i veggane og skrålte.

Neste strategi var å røyka slangen ut. Trond fekk beskjed om å henta motorsykkelen for å tappa or litt bensin. Slangar er visst ikkje særleg begeistra for bensinlukt, og væska blei tømt rundt tre av kontainarsidene.

På den fjerde sida blei det tent på eit gammalt sykkeldekk som var festa på ein lang pinne. Håpet var at røyken skulle få kobraen til å forlata skjulestaden og dermed bli eit lett bytte for vaktar og andre som stod klare.

Men etter nokre minutt med sitrande spenning, måtte ein berre konstatera at slangen nok hadde funne seg eit hol under kontainarane, og at den nok ikkje ville flytta på seg før mørket kom. Og så lenge var det ikkje nokon som ville venta, så slangejakta blei avblåst for denne gong.

Men det er jo berre å gi vår hagemann Gilbert rett; det finst ein stor kobra i nabolaget, dei tre kobraungane som er drepne rundt husnovene våre har tyda på det. Nå er det bare å venta på neste gong utysket dukkar opp. Kanskje me skulle ha kjøpt ein machete?

Epilog: Litt seinare same dag, Himmelfartsdagen, klarte vaktane til amerikanarane å få has på kobraen. Den målte over halvannan meter. Godt at den blei tatt, så får me håpa at det ikkje er fleire av same storleik rundt husnovene...

Tapping av bensin, mens ein held eit vake auge med gøymestaden.

Kobraen er kjent for å vera rask, så det er viktig å vera klar til hogg.

Vaktmann Gerome styrer troppene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar