onsdag 15. juni 2011

Baklengs inn i framtida


Så var me her igjen, tida då me skal forlata Ngaoundéré. Me er helste litt tristglade heile gjengen. Oppbrotsstemninga frå åtte år tilbake har rykka ganske så nær dei siste dagane, eit slags déjà-vu
- eller som om me går baklengs inn i framtida.

Triste, fordi me ikkje veit kva tid me får sjå mange av vennene og kjenningane våre igjen. Glade, fordi me snart får møta att kjentfolk av alle slag i Norge (og fordi Jone skal til innkjøp av PS3...:-)

Ja, det er definitivt eit privilegium å ha beina i to kulturar. Men alt har sin pris, og tokulturprivilegiet kostar sitt i triste avskjedar. Og den prisen må me betala nå - med renter - dei siste par dagane før me drar frå Ngaoundéré.

Det er eit jamt sig med folk som kjem på døra for å ta farvel. Me har alliert oss med Soulange Patisserie (ho som lagar brød og croissantar) som har trylla fram eit stort og velduftande lager av kanelboller. I kjøleskapet står fleire liter med kald brus, og på stovegolvet, attmed sofaen, har me eit lager romtemperert brus, som kamerunarar ofte helst vil ha.

Både Femmes Pour Christ-gruppa til Jofrid, radiokollegaer til Trond, Hamadjam Jean Claude, Haram, Missa Esther, Anne Marie Chapo, Ziné Jean Pascal, Amina Rose, Djidéré Clément, ungdomsgjengen frå "kyllingmenigheten" i Marza I, fotballgründeren Simo Christian og mange, mange andre har stukke innom.
Nå sit me litt surrete i håvene våre og lar inntrykka siga litt inn. Det opplevest som om me får vera med på noko stort. Kvar enkelt som har vore innom døra vår, har opna livet sitt litt for oss, og me for dei, og så har me gått i lag, ein kortare eller lengre bit av livsvegen.

Her er så mange historier, historier som ikkje alle kan forteljast, men som likevel blir fortalt i hjarta våre - her me sit den aller siste kvelden i Ngaoundéré by.

I kveld har me bestemt oss for å gå baklengs inn i framtida. Me ser oss tilbake på alle gode, sterke, men også smertefulle minne, alt medan koffertane ventar med opne kjeftar på siste rest av peanøttene me har fått.

Her er eit lite tilbakeskuande fotogalleri frå dei siste par dagane - og litt frå året som er godt. Snx i Norge!

Haram, slavejenta som blei fri takka vera norske misjonærar, er nå ei vaksen dame. Det ho ønskte seg mest i avskjedgåve var verken ein motorsykkel eller eit fjernsynsapparat, men ein slikkepott! Og det fekk ho:-)

Abba Ibrahiim, tidlegare kamerunsk ambassadør i Saudia-Arabia, fulani og kristen. Ein nokså sjeldan kombinasjon, for å seia det forsiktig. Mannen er eigentleg eit vandrande filmmanus.

Fortune Elisabeth, som me er fadrar for, ei morlaus lita jente som
tante Hélène har lagt sine løvinnevenger over.

Pinnedyret, som me har møtt når me minst ventar det, om morgonen på veg til skulen,
i bilsetet og på safari i Boubandjida.

Missa Esther (t.v.) og dottera Hugette, kollega til Jofrid og eit anna fadderbarn.

Franklin, PS2-spelekompis til Jone og ein stolt, ny eigar av sistnemnde sin gamle sykkel og -hjelm.

Femmes Pour Christ, damene som aldri stoppar si vandring med gode gjerningar, om det er til sjuke, sørgande - eller rett og slett for å seia ha det til ei norsk medsøster. 

...og som til og med har tenkt på maen i huset når avskjedsgåvene skulle lagast.

Félicité, ei sylskarp jente på 11 år som stolt kunne fortelja at ho var tredje best i klassen når karakterbøkene blei delte ut på laurdag. 

"Litle"-Ibrahiim på åtte månadar, som kunne smelta kva hjarte like lett som ei ullhue i Kamerun!

Familien Ba, der maen i huset har gått den lange vegen frå koranstudier i Pakistan til radioarbeid på Sawtu Liniila. 

Benjamin, son av kokka vår Esther, som fall ned frå eit mangotre og skada underleppa si. Men nå er han klar til ny dyst på fotballbanen, med eit ganske forrektigt replikat av ein Jubalani-fotball,
 innkjøpt av onkel Kjartan i Stavanger.

Dekket, som eksplosivt tok kvelden på veg heim frå påskesafari i Boubandjida, og som forsåvidt er ein grei illustrasjon på korleis det ser ut på pakkerommet vårt akkurat nå!

1 kommentar:

  1. Takk for fin blogg, og no eit flott bilde av mi kjære kokke Haram, gjennom mange år! Ho var som ei mor for meg, når eg kom første gong til Kamerun i 1980. Hels henne frå oss viss du ser henne før de reiser! God tur heim! Helsing Kjellaug A. Fyllingsnes

    SvarSlett