måndag 6. juni 2011

Siste dag med gjengen

Elevar og lærarar med siste fellesbilde før avslutning og avskil. Ida Kristine i midten framme, kvit t-skjorte.

I dag har Ida Kristine Slettbakk (snart 8) sin siste skuledag her ved DNS Kamerun. Det er vemodig og rart at skuleåret snart er slutt, både for elevar og lærarar. Familien Slettbakk startar på heimreisa til Norge i ettermiddag og er framme i Norge på onsdag. Håpar dei får ein fin tur heim og ein god sommar før dei set kursen til Mali i august!

Skulen held "koken" til og med fredag, men så er det også slutt for dei resterande åtte elevane og oss tre lærarar.

Fredag som var hadde me offisiell skuleavslutning her ved DNS. Ein flott kveld der elevane presenterte både songar og sketsjar, og der det var utdeling av idretts- og svømmemerke - og kvart sitt personlege diplom til elevane. Det blei ein kjekk kveld der me også fekk mimra litt over året som er gått. Ikkje minst gjorde eittåringane sin "tankelesar" stor lukke (sjå bilete).

Skuleåret 2010-2011 kan fort bli det siste for DNS Kamerun. I og med at det ikkje er elevar her frå hausten av, mistar DNS godkjenninga si, ei godkjenning som gir ca 100 000 kroner i årleg tilskot frå staten per elev. Ein skal aldri seia aldri, men lite tyder per nå på at det vil vera aktuelt for NMS å driva skulen vidare. I så fall er det ei historie som strekkjer seg heilt tilbake til 1958 - altså 53 år - som nå skriv sitt siste kapittel.

Her er nokre bilete frå skuleavslutninga:



Lærar Harald blir utsett for tankelesaren. Han tenkjer på...fugl!

Småskulen syng om årstidene, lærar Ragnhild dirigerer.

Førskuleungane ventar spent på kval- og svømmemerka sine.

...og Henrik er ikkje lite stolt av å ha svømt 25 (eigentleg 28) meter - og får merket av Harald. Ei kontrollmåling av bassenget viste fredag at det er 14 meter langt, ikkje 12,5 som me har trudd heile året..

Hélène har forsynt skulen med frukt dette året (som dei to-tre føregåande åra)
og ho blei takka av med eit pagne. Vaktmeister Phillip blei også takka av, med ei hjulbår.

Jofrid blei kåra til årets Miss Afrique av ein sjølvoppnemnt komite...

FAU takka av dei mannlege lærarane med siste skrik i forkle og boksershorts (viste det seg å vera).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar