tysdag 1. mars 2011

Idool - den vakraste landsbyen

Hovudinngangen til chefferiet.

Idag, tysdag, har me vore på skuletur til fulanilandsbyen Idool. Denne landsbyen har guvernøren (fylkesmannen) kåra til den vakraste i heile Adamawa-regionen. Sjå på bileta under, så vil de forstå kvifor.

Idool er kjent for å ta vare på den tradisjonelle fulanikulturen, særleg når det gjeld byggeskikk og dekor. Landsbyen blei oppretta i 1958 etter at styresmaktene hadde bede fleire mindre landsbyar om å slå seg saman til ein større nær hovudvegen.

Året etterpå planta landsbybuarane heile alléar med eucalyptus-tre. Desse svaiar i dag 30-40 meter høge og trekkjer til seg fukt frå bakken slik at klimaet i landsbyen er betre eigna for folk enn for innsekter (mygg). Og for oss gav dei idag svalande skugge i den steikande sola.

Det var landsbysjefen sjølv (Jawru Idool) som viste oss rundt i landsbyen. Han syntest det var står stas å få norske gjester igjen. Norske misjonærar har hatt tett kontakt med Idool opp gjennom åra, ikkje minst Den norske skulen. Så besøket vårt føydde seg inn i ein god og lang tradisjon, og me blei bedne om å føla oss som heime.

Me fekk komma inn i chefferiet (høvdingesetet) kor me blant anna fekk helsa på mora til landsbysjefen. Etterpå avla me skulen i landsbyen ein visitt. Her går det over 400 elevar, som utgjer nær ein femdel av alle som bur i Idool (ca 2000). På skulen manglar dei eit gjerde ut til hovudvegen, noko som har resultert i fleire påkjørslar med påfølgande beinbrot. Men nå har dei planar om å få opp eit gjerde, med litt finansiell assistanse frå sine norske kollegaer.

Etter omvisninga blei me påspandert god mat med ris, kjøtsaus, mais-kosskoss, avocado, baobab-saus, appelsin, brus og te. Afrikansk gjestfridom i praksis - nok ein gong. Det at landsbysjefen er muslim, og besøket kristne, har ingenting å seia, snarare tvertimot. - I denne landsbyen er muslimar og kristne som brødre og søstre, slo landsbysjefen fast, då nokon brakte religion på banen.

Ekskursjonen idag blei ein litt utvida skuletur sidan eit reisefølge (Husebys, familien til Ragnhild Huseby Solås) frå Norge var med, pluss at Jofrid og Henrik ville ha med seg denne opplevinga. Undervegs blei det også tid til ein mat- og fruktstopp i Tellofossen (ja, nokre av oss stod helste i fossen...).

Henrik påstod for øvrig at han kunne høyra susen frå fossefallet over sju kilometer før me var framme ved kaskadene, så hørselen er det ikkje noko gale med på den karen, nei...

Her er nokre bilete:
To glade laksar i fossen.
 Tørsteslukkar...
Maen ser ut til å vera beinare enn skiltet...

Koranskulehytta på chefferiet som barna brukar når dei resiterer og skriv av Koranen.

Dei fleste dekorasjonane er laga av naturmaling, bortsett frå blå- og grønfargane.

Tavlene til koranskuleelevane.

Og her ei litt meir forseggjort tavle med eit avsnitt frå Koranen skrive på adjamiya, det arabiske skriftspråket.

Dottera til landsbysjefen (Houmma, 3 år) viser fram skrivesakene til koranskuleelevane.

Etter omvisninga var det duka for eit nydeleg festmåltid.

Landsbysjefen sa at Idool nærast var som ein "norsk" landsby å rekna, og då passa det godt at me hadde med oss eit norsk flagg i gåve.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar