fredag 25. februar 2011

Om t-skjorter og tilgiving


Kul løve, ikkje sant?

Det skjedde i dei dagar då Den norske skulen i Kamerun skulle til byen for å bli med på Ungdommens fest (Fête de la jeunesse) i det Herrens år 2011. Som det høver seg ein slik dag, tinga skulen nye t-skjorter til elevar og lærarar, med ei stilig løve på framsida og signaturane våre på baksida.

Det vil seia; det var det me trudde me hadde bestilt. Då festdagen rann den 11. februar, og me fekk varene levert av t-skjorte-maen under mangotreet på skulen, viste det seg at trøyene ikkje var laga heilt etter oppskrifta.

I staden for signaturar hadde leverandøren - på grunn av tidsmangel, kona hadde lege på sjukehuset nokre dagar - laga sjablongar og trykka namna våre med store blokkbokstavar. I tillegg til å ha kasta vrak på våre sirlege signaturar, mangla dei fleste t-skjortene fleire namn, og på somme var eitt og same namn skrive tre og fire gonger!

Leverandøren var klar over at produktet ikkje var heilt i henhold til bestillinga, og han forsikra oss om at han skulle ordna dei på eit seinare tidspunkt, slik at me skulle bli nøgde. Men det var jo nå me skulle på fest, me hadde jo ikkje meir enn tida og vegen for å komma oss ned til defileringa. Me heiv på oss t-skjortene (alle fekk ei med sitt namn på ryggen), ein smule usikre i blikket på korleis me tok oss ut i stasen.

Men etter å ha deltatt på festlighetene nedi byen, og trava rundt med snodig løve på brystet og slurvete sjablongnavn på ryggen, var det som om noko hadde skjedd:

- Eg synest faktisk at t-skjortene er litt kule, var det ei som sa i bilen på veg heim.
- Det er jo litt sjarmerande med litt feil og sånn - og det er jo litt typisk Afrika, sa ei anna.
- Eg syns me skal behalde dei, sa ein tredje.

Og slik blei det. Då t-skjorte-maen kom tilbake for å retta opp trøyene, sa elevane nei. Dei ville ha t-skjortene akkurat slik som dei var. T-skjorte-maen på si side insisterte på at han ville gjere jobben på ny, for han ville ha nøgde kundar - og, som han sa - "eg er ikkje stolt av jobben eg har gjort".

Det måtte derfor bli eit kompromiss: Elevane betalte full pris for trøyene - i visshet om at pengane ville komma godt med for ein som prioriterte ei sjuk kone og mor framfor t-skjorter. Leverandøren, på si side, takka for gesten frå elevane og ba om tilgiving for jobben han hadde gjort.

Dermed var alle partar fornøgde; elevane, som har fått t-skjorter som det garantert ikkje finst to like av, og t-skjorte-maen, som fekk full betaling for ein sjarmerande hastverksjobb - og ei tilgiving med på kjøpet.

Snipp, snapp, snute - så var denne t-skjorte-historia ute - om ho då ikje dukkar nok opp på enkelte "DNS-reunions" i åra som kjem...
Dette må vera Erle si t-skjorte...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar