fredag 4. mars 2011

18 meter med radiomast

- Eit av våre største ønske akkurat nå er å byggja på radiomasta med 18 meter, seier
direktør Yaya Bournang - her avbilda i Store studio.

Nå skal det handla om radio, og om korleis 18 meter med ekstra radiomast kan skaffa nokre tusen fleire lyttarar. Men mest skal det handla om dei tøffe og flittige folka som jobbar på Sawtu Linjiila - Radio Evangeliets Røyst - her i Ngaoundéré.

For dei som ikkje veit det; Sawtu er ein radio som blei starta i 1966 for å senda program til dei ca 20 millionar fulaniane i Vest- og Sentral-Afrika på deira eige språk. 70 % av programma er allmenne og handlar om alt frå kyr, jordbruk og dyrking av peanøtter, til aidsførebygging, barnehelse og malaria. 30 % av programma er "kristne" (i den grad radioprogram kan vera det).

Fredag blei eg (Trond) kalla inn til eit møte med radioleiinga for å diskutera nokre av utfordringane framover. Og eg synest jo det er litt stas å få lov til å bidra litt på det som var min arbeidsplass frå 1999-2003.

Eg er dessutan imponert over den utviklinga dei har vore gjennom dei siste åra, ikkje minst at dei nå sender fleire timer direkte kvar dag over sin eigen FM-sendar i Ngaoundéré - i tillegg til å halda oppe produksjon og kvalitet til kortbølgesendingane som blir sendt i opptak frå Tyskland. Knallbra!

Men det er likevel tøffe tider. Luthersk Verdsforbund (LVF), som er den største økonomiske bidragsytaren til Sawtu, har varsla kutt på 10 % i overføringane frå og med dette året. Dette gjeld rett nok alt arbeidet som LVF støttar rundt om i verda, og ikkje berre Sawtu.

Men for Sawtu sin del må kutta takast av driftsbudsjettet - sidan sendekostnadene (kortbølgesendingane frå Tyskland) ikkje kan reduserast, og det blir vanskeleg å få til utan at det merkest.

Likevel; staben er full av pågangsmot. Dagens møte handla først og fremst om framtidsplanane deira - offensive sådanne. Og eg gjengir frimodig "ønskelista" deira over utstyr dei treng i månadene og åra framover:

8 fint brukte pcar (gjerne portable, med 1-2 Gb ram og 100-120 Gb harddisk)


4 nye serverar, stasjonære, på 1000 Gb (1 Tb) kvar


5 par nye headsett til dei to studioa


1 teknikar som kan komma på besøk ei vekes tid og kursa produsentane i redigeringsprogrammet
Adobe Cool Edit


18 meter med radiomast til ein kostnad på ca 4000 kroner.

Dette siste punktet håpar dei å få gjort noko med så snart som muleg. To fjellparti stengjer for FM-sendaren som Sawtu sender frå idag. Masta er 24 meter høg, men med 18 meters ekstra høgde vil radiobølgjene komma over fjellkanten og nå landsbyar og småbyar som ligg så langt som 100 km i luftlinje unna.

Seksjonen på 18 meter mast kan produserast lokalt, her i Ngaoundéré. I grunnen er det berre pengane som manglar, og dei er jo ikkje lette å finna når budsjetta blir kutta. Men som så ofte i Afrika; det blei vel ei råd, på den eine eller andre måten...

God helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar