fredag 11. mars 2011

Mintest Njell Lofthus

Koret Les Amis de Daniel leia an i utgangsprosesjonen i samband med minnemarkeringa.

Fredag ettermiddag arrangerte universitetsmenigheten i Ngaoundéré ein gudsteneste til minne om tidlegare kamerunmisjonær Njell Lofthus som døydde 2. mars 2011.

Saman med kona Ingrid tok Njell Lofthus initiativ til at menigheten på Dang, kor universitetet ligg, skulle få ei ny og større kyrkje. Under arbeid med kyrkja den 25. oktober 2006 fall Njell og skada seg stygt. Han blei lam frå brystet og ned som følgje av ulukka.

Det forhindra likevel ikkje Ingrid og Njell i å reisa til Kamerun i februar 2008 for å ta del i innviinga av den nye kyrkja. Ho har sitjeplass til ca 1000 personar, men på det jamne er dei mellom 1200 og 1500 til stades på gudsteneste kvar søndag, fortalte dei under minnegudstenesta idag.

Det blei ei flott og enkel markering der presten Gadji heldt ein andakt, koret Les Amis de Daniel song og ein representant frå menighetsrådet (Teufieme Chelgomta Epemetus) presenterte livshistoria til Njell. Trond kom med ei helsing på vegner av familien til Njell - og det heile blei avslutta med ein utgangsprosesjon i sørgetakt som er vanleg i samband med gravferder i denne delen av Kamerun.

- Sjølv om kista med Njell ikkje er her, er me saman i sorga og vil markera dette med ein utgangsprosesjon som om gravferda fann stad her, forklarte prest Gadji før prosesjonen starta. Til saman var det kring 400 personar til stades under gudstenesta.

I andakten la han vekt på det vitnesbyrdet Njell Lofthus gav, ikkje gjennom flotte ord og fagre løfter, men gjennom konkret og hardt arbeid.

- De som sit her idag, de er framtidas advokatar, legar, lærarar og økonomar. Følg eksempelet til Njell Lofthus; vær uthaldande i nestekjærleiken sin teneste. Lev ikkje unyttige liv, men lev dei i teneste for Gud, var hovudbodskapen til Gadji.

Her er nokre fleire bilete frå minnegudstenesta, samt ein liten filmsnutt frå utgangsprosesjonen:

Presten Gadji leia minnemarkeringa.

Sjølv om det var fredag ettermiddag, fyltest universitetskyrkja etter kvart opp med kring 400 deltakarar.

Koret Les Amis de Daniel song.

Medlem i menighetsrådet, Teufieme Chelgomta Epemetus, presenterte livshistoria til Njell.

Ved hovudinngangen har menigheten hengt opp ei tavle der dei takkar familien Lofthus og andre som har bidratt til bygginga av den nye universitetskyrkja, som ber namnet til Njell Lofthus.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar