onsdag 30. mars 2011

Aftens med andakt

Me prøver på det jamne å vere audmjuke overfor det faktum at det ikkje er alle i bydelane omkring oss her som kan gå like mette til sengs som me kan.

Det er likevel nokre kveldar me et kveldsmat med meir andakt enn andre kveldar. Så har skjedd heile to gonger dei siste vekene.

Ein sundag ettermiddag kom eg (Jofrid) heim og vart nyfiken på ein pose merka IKEA som låg på strykebenken ved inngangsdøra. Med nærare ettersyn viste innhaldet seg å vere heile to (2) pakkar med flyboren fårepølse. Halleluja!! – og brødskivene den kvelden vart fortært akkompagnert med meir eller mindre høglydte ”Mmmm, Mmmm…”

Ikkje før hadde ”hallalujastemninga” grunna fårepølsene lagt seg, før me fekk ein telefon frå ei gruppe besøkjande frå gamlelandet med spørsmål om kva me helst ville ha: fårepølse eller brunost? Ikkje fritt for at eg trudde eg høyrde feil og måtte be vedkommande i hin enden gjenta spørsmålet. Valet fall på brunosten.

”Få sjå, få sjå!” ljoma det i stova då kolliet med brunosten kom i hus etter heile 8 månader utan denne heilnorske herlegdomen under vårt tak. Ei lukka at det var fastelavnsundag og mor hadde baka bollar. For kva er vel betre enn nybaka bollar med brunost?

Stor, stor takk til familien Fauskanger Pedersen og Kaldhol m/følgje som med sitt storsinn la grunnlag for gode, gastronomiske opplevingar – fortært med andakt!

Norsk fårepølse med kamerunsk peanøttsmør skal ein ikkje "kimsa" av

"Herlega Låndån så herleg..."

1 kommentar:

  1. =)det er dei små tingene i livet osv.......

    SvarSlett