onsdag 16. mars 2011

Minister-besøk på Sawtu Linjiila

Ein strålande nøgd statsråd Issa Chiroma (t.h.) takkar direktør Yaya Bournang for mottakinga på Sawtu Linjiila.

Onsdag ettermiddag blei siestaen abvroten av ei fæl uling på stasjonsområdet i Ngaoundéré. Først trudde me det var ein ambulanse som hadde forvilla seg inn på "camp norvégien", men det skulle visa seg eit heilt anna - og meir prominent besøk - som braut stilla denne varme ettermiddagen.

I ein kortesje som talte minst 20 bilar (Jofrid telde til 19, men då hadde ho ikkje tid til meir) sat sjølvaste kommunikasjonsministeren Issa Chiroma. Årsak: Han ville besøka radioen Sawtu Linjiila på si rundreise i Ngaoundéré.

Ei stor ære for staben ved Sawtu, sjølvsagt. Men det var berre ei hake; ministeren hadde sagt at han skulle komma 1530 - men klokka var ikkje meir enn passert 14 då kortesjen - med blant anna CRTV på slep - stansa opp føre hovudinngangen til Sawtu.

- Eg stod i dusjen då følgjet med ministeren kom, og du kan tru eg kledde fort på meg då eg høyrde det smelde i bildører utanfor, ler Ousmanou Ibrahim, radioprest og næraste nabo til Sawtu Linjiila.

Sjølve besøket varte ikkje meir enn ein snau time. Undervegs blei minister Chiroma intervjua på direkten av programleiarane på Sawtu, alt medan TV-kameraa til CRTV rulla og gjekk og eit 20 tals fotografer strekte armane så høgt i været dei kunne for å få nokre gullkorn av statsråden.

- Eg er sjølv frå Garoua, fortalde ministeren då han blei intervjua i studio petel (lille studioet). - Og eg var i oppveksten ein trufast lyttar til sendingane frå Sawtu Linjiila. Programma dykkar blir sett stor pris på av mange, og det er ei ære for meg å få komma på besøk her, sa han på fulani.

Det var også ei stor ære for dei tilsette på Sawtu med eit så storfint besøk. Dei skein om kapp med sola der dei sprang rundt i sine finaste antrekk og gjorde alt dei kunne for at det skulle bli eit vellukka besøk, den halvanna time for tidlege ankomsten til tross. Og vellukka blei det, for ministeren tok seg jamvel til til ein liten matbit som damene på studioet hadde stelt i stand, alt medan hans eigen protokollsjef stressa rundt og sa at nå var det på tide å komma seg av stad - for laamiidoen (kongen av Ngaoundéré) venta på han.

Besøket var rett nok ikkje berre ein rein høflegheitsvisitt, men også for å markera at 2011 er eit valår i Kamerun (presidentval). Derfor har minister Chiroma sett seg føre å besøkja dei største mediehusa i Kamerun for å oppfordra til sakleg og roleg dekning under valkampen.

Samstundes var ingen av oss som var til stades i tvil om at ministeren hadde ei heilt genuin interesse av å besøka Sawtu Linjiila. Og det er i alle tilfelle ei fjør i hatten for den driftige staben at deira stasjon blir rekna som eit av dei viktigaste mediehusa i Kamerun, og det av ein minister som sjølv er muslim!

Her er nokre fleire bilete frå ministerbesøket:

Radioprest Ousmanou Ibrahim (t.h.) intervjuer statsråd Issa Chiroma (t.v.) på direkten.

Direktør Yaya Bournang forklarer kva slags programprofil har. Her i store studio, ministeren til høgre.

Damene på Sawtu hadde stelt i stand god mat, og her ventar dei spent på om ministeren tar seg tid til å smaka på godsakene.

Og det gjorde han. Her er det programsjef Asta Sabya som får æra av å servera statsråden.

Ein stor augneblink for bibliotekar Djoubérou André. Det er ikkje kvar dag at han har ministerbesøk på biblioteket sitt, men det skjedde idag!

- Men, måleriet er jo finare enn kva eg er i verkelegheita! utbraut Chiroma til lattersalver frå dei frammøtte. Det er kunstnaren Remy Namkoissé som har laga maleriet. 

Eit foto "en famille" høyrer med når det er celebert besøk. Her er fleire av dei Sawtu-tilsette saman med ministeren og følget hans framfor bibliotekbygningen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar