onsdag 5. januar 2011

2,5 millionar meter lang julefeiring

2 476 kilometer blei tilbakelagt i ein Mitsubishi Pajero denne jula - på ymse slag vegar.

Det var verdt det. Sjølv midt i dei siste humpete og svingete mila inn mot Ngaoundéré, var me samde om det. Ein lang tur, ja. Men det var verdt det!

2476 kilometer rulla me denne romjula - tur-retur Ngaoundéré-Kribi. Me kunne ha funne hundre, men her har de tre gode grunnar kvifor det var verdt det:

1) Fordi me ville kjenna 30 graders atlantisk sjøvatn mot våre støvtørka og innlandsskrottar.

2) Fordi me ville ha eit gjensyn med Stella Maris, det katolske gjestehuset på Kribi kor me har vore fleire gonger før, og der me på beste vis blir ivaretatt av Mama Félicite og assistentane hennar.

3) Fordi me ville treffa igjen Jean Pascal som har jobba for oss i fire år, og som nå har starta eigen butikk på Kribi, og som etter kamerunsk skikk nærast må reknast som vårt sjette familiemedlem.

Når me nå startar opp på vårsemesteret, er det med solglød i skinnet, rekesmak i munnen og håvene fulle av minne frå gode stranddagar ved kysten.

Årets familiefortsett er derfor følgjande; me skal tilbake til Kribi før 2011 er omme, om så det må skje med tohjulsyklar og andre tohjulte doningar.

Her er nokre bilete:
Henrik sitt første møte med Kribi.

På veg opp Lobe-elva for å sjå etter apekattar. Såg ikkje andre enn
dei det var spegelbilete av i vassflata...

Sjekkar teinene for reker og kreps.
Garnbøting må til her som andre stader. Og nei, det er ikkje eit spyd, men ei padleåre.

Fireogtjue kråker sat på...

...og ei fekk ikkje plass. Okei då; ikkje var det kråker, og plass nok var det til alle,
både med og utan fjørdrakta intakt.

Nyttårsfeiring på Stella Maris. Hyggeleg lag med bømlofamilien Fauskanger Pedersen, Hald-studentane Øystein og Brit og Jean Pascal. 

Me gjekk til Kribi sentrum - strandvegen - første nyttårsdag. Ein tur på seks kilometer. Jone og mamma gjekk attpåtil tilbake også - altså 12 km til saman!

Sandslottkongen Henrik den første skuar utover riket sitt.

Ikkje ganske alle vegprosjekt blir fullførte i Kamerun. Som denne brua i hovudstaden Yaoundé. I lause lufta endar ho sin ferd. Under er butikkane i ferd med å installera seg. Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko.

Vegskilje - mellom raud jordveg og kvit grusveg. Like støvete begge parti.

Vegen mellom Ngaoundéré og Meiganga er nå i ferd med å rustast opp. Snart er dei fem første mila mellom Meiganga og Nyambaka asfaltert. Håpar pengane og asfalten held til alle 15 mila!

Jean Pascal driv sin eigen butikk der han sel dei amerikanske naturprodukta NG4L (Nature's Gift For Life). Han har nå etablert eit distribusjonsnett på over 20 seljarar som er spreidde rundt omkring på Kribi.

Jean Pascal leiger lokale midt i sentrum av Kribi. Sjå etter ei gul dør om de er i traktene:-)

Sandslottkongen synest også det er heilt konge i vatnet.

2 kommentarer:

  1. Kjekt å se bilder fra ferien deres- bra jobba med sandslottet Henrik!Det er godt med ferie og fint å få nye gode minner!!!
    Vi har hatt oss en langhelg på Gullingen nå og der var der mye herlige snø!
    fredag fikk vi en flott skidag, mens etterpå har det snøa.Det var mer snø enn i hele fjor, så vi ser frem til mange skiturer!!Her i lavlandet er det heldigvis bart nå.Hils alle fra Helga og Bjørn

    SvarSlett
  2. Helga og Bjørn: Høyres herleg ut. Hender me lengtar etter snø og skivêr i gamlelandet, men det går som oftast fort over. Håpar og trur at me får nyta mykje av det i komande år. Er ikkje så lenge sidan Henrik lurte på om me ikkje berre kunne ta ein rask tur til Noreg for å henta skia. Kva han ville med dei her i Kamerun vites ikkje... Hels dei i gatå! Mvh Jofrid & co

    SvarSlett