Malariamyggen er verdas farlegaste dyr og er årsak til ca 2 millionar dødsfall i året. Men det er kalde tider for malariaparsitten, som myggen er berar av, i Ngaoundéré nå om dagen.
Så var det på 'an igjen med ei ny veke. Måndagar i Ngaoundéré er nok som måndagar flest rundt om i verda; ein kvardag. For skuleungane handlar det om å "tuna" inn på matte, norsk, lekser og andre gilde skuleting. For dei minste blir det å finna tonen med passedamene og gjengen i barnehagen. For oss vaksne er det å kasta seg ut i allslags gjeremål med liv og lyst, om det er vaktoppstraming, ajamyiakalenderlevering, lekseplanar eller husmorskulerekneskap det gjeld. Og når storefri kjem for både store og små, med matbrekk og radl, er liksom veka i gang på skikkeleg.
Ein god nyhende er også vel verdt å ta med seg inn i den nye veka. Doktor Rune Slettbakk var innom skulen like etter matpausen og kunne rapportera at det i føremiddag ikkje var eit einaste barn innlagt på sjukehuset på grunn av malaria. Det er ikkje ofte at så er tilfelle. Årsaka er at malariaparasitten døyr når snittemperaturen går under 20 grader. Dei siste vekene har dei kalde nettene i Ngaoundéré altså ført noko positivt med seg; at talet på malariasmitta har gått ned.
Me får gleda oss over det så lenge me kan. Når varmen kjem att, blomstrar malariaen opp att - dessverre. Tenk om verdssamfunnet kunne ha funne ei løysing som tok knekken på denne parasitten! Kvart år tar han livet av ca 2 millionar menneske, mest halve folketalet i Norge. Lurer på om Vesten hadde akseptert eit slikt dødsomfang om det var der malarian herja???
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar