måndag 31. januar 2011

Fly føniks opp frå aska

Dette flyet skal ha tilhøyrt Cameroon Airlines, flyselskapet som gjekk konkurs for nokre år sidan.
Nå skal det i teneste for det nystarta Camair-Co. Biletet er henta fro http://www.cameroononline.org/.

Så er det så stadfesta som det kan få blitt i Kamerun: Nettstaden www.cameroononline.org melder idag at det nystarta kamerunske flyselskapet Cameroon Airlines Corporation (Camair-Co) vil ha si første flyging den 28. mars mellom Douala og Yaoundé. Flyet drar deretter nordover mot Europa og skal lande på Charles de Gaulle i Paris.

Camair-Co er tufta på restane etter Cameroon Airlines, statsflyselskapet som gjekk dundrande konkurs for nokre år sidan. Eitt av flya frå den epoken, ein 737-maskin, blei visstnok kjøpt opp av Norwegian og har flydd ein god del på Sola lufthamn, Stavanger...

Men nå er det igjen håp om at det skal vera muleg å reisa til og frå Ngaoundéré og sør (Yaoundé/Douala) med fly. Ngaoundéré står rett nok ikkje på lista over flyplassar som får anløp nå i første fase, men det blir snakka om at "vår by" blir knytt på innanriksnettet om ikkje så alt for mange månader.

Me har likevel ikkje særleg håp om å kunna ta fly heilt frå Ngaoundéré når me skal heimover til Norge i slutten av juni. Likevel; det er godt nytt at infrastrukturen i landet får ei ny luftbru å spela på. Frå før opererer selskapet med det klingande namnet Air Leasing i det kamerunske luftrommet, men dei har heller ingen flygingar til Ngaoundéré. Camair-Co er uansett eit nytt teikn på at Kamerun er på veg opp og fram, sjølv om framgangen skjer i rykk og napp; to skritt fram og eit skritt tilbake.

Det er den kamerunske stat som står bak selskapet, men det skal drivast på forretningsmessige vilkår.

Camair-Co skal ha fire maskinar i første runde (to Boeing 737 og to Boeing 767). To av maskinane er alt på plass. Den eine kjem frå frå USA, den andre (ein 767) er "arv" frå konkursen til Cameroon Airlines. Det nye selskapet skal ha flygingar både til Paris og intrakontinentalt i Afrika, i tillegg til innanriksrutene.

Blant anna er det hyra inn ein nederlandsk toppsjef (Alex van Elk), og Camair-Co har fått bistand frå partnaren sin, Lufthansa, i handplukkinga av anna nøkkelpersonell. Dei siste vekene har selskapet lyst etter pilotar, bakkepersonell, flyvertar- og flyvertinner både på internett og i større aviser, så det er berre å hiva seg utpå om einkvan har lyst til å bli med på eit kamerunsk flyeventyr...høyrde eg Bjørn Kjos le i bakgrunnen???

Me seier iallfall bonne chance!!!

Og skulle det gå gale, står vel Norwegian klar til å overta ein ny maskin for ein billeg penge...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar