tysdag 25. januar 2011

Timeglaset er halvfullt - eller halvtomt


Tenk, idag blei Henrik førskulegut! Og sååå glad blei han for eit viskelær.

Så har det bikka den datoen at me har færre dagar att her i Kamerun enn det me har hatt. I skrivande stund er det mindre enn fem månader til me vender nasane (nokre raudare og meir solbrente enn andre) heim til Norge igjen.

Nå som returdatoen er klar (24. juni) går me liksom inn i eit nytt modus. Ikkje for det, me har nok å henga fingrane i både på skulen og i arbeidet elles. Men tankane tunar seg ubevisst inn på pakking og avslutning, avskil og heimkomst.

I løpet av eit par månaders tid håpar me å få av stad ein container med nokre av eignelutene våre i. Håpet er at den skal komma fram til Norge (via sjøvegen) om lag på same tid som oss sjølve. Det er ikkje mange ting av dei me tok med oss ut som skal heim igjen; det meste blir nok gitt vekk til folk rundt oss.

Men det blir alltids nokre souvenirer av ymse slag. Og kånå i huset har bestemt seg for å få heim både ei eksotisk julekrybbe og ein kartong med kamerunsk grønsåpe (Miss Afrique). Så då er det berre for maen i huset å spikra trekassar så flisene fyk.

Dagen idag er også ein merkedag for Henrik. Då fekk nemleg han og to andre av dei norske femåringane (Ask og Elise) sin debut på Den norske skulen i Kamerun - som førskuleungar. Stor stas - og sjeldan har ein vel sett nokon bli så glad for eit Snorre-viskelær som Henrik.

I sin aller første forrektige førskuletime hadde dei om kva som kunne flyta eller ikkje. Det er jo viktig kunnskap å ta med seg i livet for nokon kvar, skulle ein tru. Etter dei detaljrike rapportane å dømma hadde frøken Marit Fauskanger Pedersen ikkje klart å få steinen til å flyta, men bladet flaut visst. Så nå veit de det!

Her er eit par andre bilete frå dagens førskuledebut:

Første lærdom idag: Å retta opp handa. Elise til venstre og Ask til høgre.


Rektor held tale for dei nybakte førskuleungane. Men han sa ingenting om at dei nå ikkje slepp ut igjen frå skulevesenet før om ein 20 års tid... Frøken Marit førebur flytekurset.


Hmmm, kva var nå E=mc2 igjen??

For å retteleg markera at me er halvvegs i oppdraget vårt, legg me også ut denne fotofilmsnutten som viser glimt frå første halvår i og rundt DNS:

  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar