onsdag 27. oktober 2010

To Allah yidi!

Sannu, sannu! Eller "hei, hei" som me ville ha sagt på norsk. Fulanien kling over alt rundt oss. Verdas vakraste språk er det ein lingvist ved Universitetet i Oslo som meiner. Og det er me jo helt samde i, etter nynorsken, vel og merka...

Sannu, sannu var dei første orda me lærte på fulani. Og framleis brukar me orda dagleg, om det er å helsa på kokka eller på folk med peanøttbører på veg heim frå åkeren. Men litt fleire ord på fulani har me nå fanga opp i tidas fylde.

Ikkje minst takka Djidda Esaï (biletet) som var Trond sin fulanilærar for ti år sidan. Esaï er blind. Han såg til han kom i tolvårsalderen, men ein sjukdom gjorde han heilt blind på begge augene. Esaï var tidlegare muslim, men blei kristen og gjekk på bibelskulen på Meng då me trefte han første gongen. Det var også der han "privatpraktiserte" som fulanilærar.

Sidan den gongen har me halde kontakten, gjennom gleder og sorger. Mest det første, faktisk. Esaï klarte å gjera seg ferdig med bibelskulen og fekk seg jobb i ein menighet i Maroua. Og for eitt år sidan blei han gift med Jeynabu Therese.

Det var derfor ekstra kjekt at me fekk høve til å treffa Esaï og Therese i haustferien. Dei såg ut til å ha det godt. Nå drøymer dei om å få kjøpt seg ei tomt slik at dei kan få bygd seg eit hus med jordmurstein. Pengane er ennå ikkje på plass, men dei håpar at det ordnar seg på eine eller andre måten. Eller som Esaï sjølv seier: To Allah yidi - om Gud vil.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar