søndag 24. oktober 2010

Kjensla av ein lommetjuv i buksa

Om lag slik kjennest det å ha ei lommetjuv-hand i bukselommen.
(Denne krabaten blei for øvrig foreviga på rommet i Campement de Rhumsiki).

Å reise i Afrika generelt - og kanskje i Kamerun spesielt - byr alltid på overraskingar. Det fekk me til fulle oppleva på vår haustreise i Nord-Kamerun for litt over ei veke sidan. Me har delt litt bilete på bloggen tidlegare, men her kjem det som skjedde før og etter knipsa - med andre ord; det som ikkje kan festast til andre minnebrikker enn dei me har i topploket. Første del i reisedagboka har me kalla:

Kjensla av ein lommetjuv i buksa

Familiane Solås (far Harald, mor Ragnhild, Erle, Bjørn og Ask) og Hjorteland (far Trond, mor Jofrid, Amalie, Jone og Henrik), samt volontørane Marit og Benjamin forlèt stasjonsområdet like før klokka halv ni laurdag morgon med asfaltkjøring, fuglar (vel, helste Harald :-), Garoua og fotball i blikket. Ca 280 kilometer på nokså gode vegar skal tilbakeleggast på drøye fem timar slik at me kjem tidsnok til dagens store høgdepunkt, fotballkampen mellom Kamerun og Kongo. Dette er nok "once in a lifetime" for oss fotballinteresserte, og det er ikkje fritt for at me har skrøyta litt om storhendinga både i denne og andre kanalar. Og prikken over i-en; kanskje me får møta storscoraren Eto'o, Kamerun sin kaptein, og spydpiss på årets Champions League-vinnar Inter Milan. Han skal etter sigende bu på anten vårt eller eit anna hotell.

Alt går etter planen. Nesten. Me kjem fram til Relais St. Hubert, hotellet, før klokka to. Kampen skal ikkje byrja før kl 1530. Like etter kjem Jean Claude Hamadjam og Thomas Magadji, to tidlegare kollegaer av Trond til hotellet. Dei har med seg billettar - åtte stykke til 5000 Fcfa (60 kroner) stykke. Dei nest dyraste plassane. Prisane varierte frå 1000, 2000, 5000 og til 10 000 Fcfa. - Me må skunda oss, seier Jean Claude og ser på klokka. - Ryktene vil ha det til at det alt er smekkfullt på tribunane, så me får berre komma oss av stad. Me parkerer flesteparten av ungane og kåner ved bassengkanten og drar av stad. Me parkerer bilen hjå nokre andre kjenningar frå Ngaoundéré, Francois og Ruth Gazawa. Dei bur like attmed stadion og me tenkjer det er tryggast å setja bilen heime hjå dei.
Klare for kamp, Jone og Trond. Stadion i bakgrunnen.

Det er ikkje fritt for at me vekkjer oppsikt der me kjem traskande, eit følgje på ni personar, korav dei fem einaste kvite som er å sjå på heile stadionområdet. Spania har nyleg tilsett ein spanjol som landslagssjef (Clemente), men han er nok opptatt med oppladning saman med spelarane før kampen. Den gloheite Garoua-lufta er lada av fotballfeber. Kremmarar fallbyr fotballdrakter og supporterutstyr frå kvar ein ledig plett utanfor stadion. Og innimellom siktar lommetjuvane seg inn mot det ikkje ganske usynlege følget som manøvrerer seg fram i retning inngangen for 5000 Fcfa.

- Dessverre det er heilt fullt de kan ikkje komma inn. Sveitten renn frå panna til funksjonæren som bemannar denne dagens Perleport.
- Fullt? Me har jo åtte billettar og ingen av oss har funne plassane våre? Jean Claude og Thomas forsøker etter beste evne å få mannen til å opna stengselet, men til inga nytte. Det blir snakka om at det er blitt produsert falske billettar i stor stil til kampen, og at mange har komme seg inn ved hjelp av desse. Dermed er stadionet alt på bristepunktet, sjølv om mange (deriblant oss) står på utsida med ekte billettar.

Med eitt får Thomas auge på ein kjenning som står vakt innafor stengselet. I full uniform og alpelue kjem han bort og helsar hjarteleg. Det viser seg at han er av same etniske gruppe som Thomas og Jean Claude, og dei kjenner kvarandre frå tida då han var kommandant på dii-sletta, eit distrikt som ligg mellom Ngaoundéré og Garoua.

- Følg etter meg, så skal eg få dykk inn på stadion. Høglydt og med brystkassen fram trampar han seg veg som ein annan hanefar med oss som kaklande høns etter. Me blir først beordra til å venta utanfor det som ser ut til å vera ein av nødutgangane (som for oss tydelegvis skal tena som nødinngang), men der viser det seg (etter eit kvarters venting) at vedkommande som har nøkkelen til hengelåsen er sporlaust borte. Eit ikkje ganske urimeleg tips går ut på at han har funne seg ein plass på innsida av stadion for å få med seg kampen, noko som det går an å ha ei viss forståing for. Men sikkerhetsmessig er det jo ein smule betenkeleg (for å seia det mildt) at mannen som skal låsa opp viss det blir bråk eller brann på stadion, ikkje er å oppdriva.

Kommandaten er likevel ikkje den som gir seg i første sving. Med myndig røyst og eit kroppsspråk som får folkemengda til å laga ein ørliten passasje (sjå føre dokke Moses og Rødehavet :-), begir me oss til ein annan inngang. Me kjem så langt som til trappa i tunnelen som går opp på tribunen. På ny får me beskjed om å venta, og kommandaten forsvinn i folkehavet på tribunen for å brøyta seg plassar til oss. Det er det siste me ser av han. Borte er han og borte blir han.

I mellomtida får me imdlertid stifta bekjentskap med andre "hjelparar", personar som gjerne vil letta børene våre litt - lommetjuvane. Trond merkar ein neve (som ikkje er hans) smyga seg ned i høgre framlomme kor det kompakte fotoapparatet ligg. Akkurat i tide får Trond tatt om lommen sin slik at han ikkje blir eit kamera fattigare. Men neven sin eigar er det ikkje sjanse å identifisera der me står som sild i tønne i tunnelen. Det krelar rundt oss. Det er varmt. Og me byrjar å veksla mindre karslege blikk.

Ute byrjar det å drype nokre dråpar frå oven. Trengselen aukar (om muleg) på, og me innser at me står særs utsett til - i ei sluse mellom folkehavet på tribunen og ei einsleg dør som leiar til utsida av stadion. I mellomtida er både Harald og Jean Claude blitt merksame på ein person som har følgt etter oss på dei ulike etappane me har gjort i og utanfor stadion. Jean Claude er ikkje i tvil om kva vedkommande er ute etter og gir i tydeleg ordelag uttrykk for at han berra har det med å forsvinna.

Regndråpane stansar like brått som dei starta, varmen held kroppstemperatur, folk er i fotballekstase, og her står me og kjem oss verken fram eller tilbake. Det er på tide å ta ei avgjerd. Ei upopulær, men akk så naudsynt avgjerd. Me må gjera tilbaketog slik at me ikkje risikerer å bli trampa ned av folkemassen. Me kavar oss bort til døra, kor folk pressar på for å komma inn. Og den eine etter den andre greier jammen meg å bryta seg gjennom ordensmakta sin nokså halvhjerta forsvarsring. Plopp, plopp, plopp - demningen kjennest ut til å vera i ferd med å bresta. For kvar mann som pressar seg inn, kjem det tre nye til som prøver seg. Me slit rett og slett med å komma oss ut! Mens dette skjer, kjenner Trond ein ny neve, denne gongen i den venstre framlommen. Men heldigvis har han tømt alt av verdisaker og anna oppi sekken, som i tillegg har fått plass på magen, så det er ei nokså skuffa lommetjuvhand som forsvinn like fort som ho kom.

Endeleg! Thomas og Jean Claude har fått vaktene merksame på at me vil ut, og me får klemt oss ut som ei gjenstridig tannkremtube. På utsida ventar fleire som gjerne vil ha hendene sine i lommane våre, men me klarer å komma oss av stad utan tap av verdisaker. Ein nokså bedugga kranglefant gjer rett noko eit forsøk der han først går forbi oss, tar så ein elegant sving (som hovmesteren i Grevinna og hovmesteren) og lest som han krasjar med Trond. Høgre neven hans er på veg ned i ein lomme, men forsøket er for openberrt til at det kan lukkast, og me ristar han av oss.

Klare for TV-kamp, Harald, Jone, Thomas, Jean Claude, Benjamin og Marit. Heime hjå Gazawas.

Det var derfor ein nokså letta gjeng som kunne setja seg heime i tunet til Francois og Ruth for å sjå kampen på TV. Sjølvsagt var me skuffa over at me ikkje kom oss inn på kamp, det skulle berre mangla, men me var mest glade for at me kom oss heilskinna frå stadionområdet og at ingenting var blitt stole. Det viste seg også at kampen var blitt framskunda frå 1530 til 15 (sic!), visstnok fordi det kongolesiske laget var redde for at det skulle bli regn seinare på ettermiddagen. Det kan for ordens skuld nemnast at det går nokre skotår mellom kvar gong arrangement i Kamerun startar før tida. Men etter, derimot...

Me inviterte våre kamerunske kampfeller til hotellet for å sjå andre omgang. Me ville få bilen ut av stadionnabolaget før stadionportane blei opna og folk og motorsyklar og bilar ville fylla vegane til trengsel. Hotellet låg likevel ikkje lenger vekke enn at me kunne høyra jubelen heilt bort då Kamerun skåra utligningsmålet (1-1 - eit elegant sjølvmål). Så nært det kjentest, men likevel så fjernt. Etterpå fekk me også vite at Kamerun sitt landslag budde på nabohotellet (Hôtel Benoué), ca ein halv kilometer frå der me var. Så dermed røyk også sjansen for å møta Eto'o "live". (Seinare på kvelden havna me i familien Hjorteland rett nok på Hôtel Benoué, men det er ei anna historie som må skrivast ein annan kveld.

Fellesnemnaren er likevel; å reisa i Afrika generelt - og i Kamerun spesielt - byr alltid på overraskingar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar