laurdag 2. oktober 2010

Bavianar liker ikkje croissantar

I dag fann me ut at bavinanar (blant anna den på biletet) ikkje liker croissantar. Eksperimentet blei spontant og uvitenskapeleg gjennomført på veg til Garoua. Hypotesen var at bavianar er altetande, og viss det stemmer, ville dei sikkert ha ein croissant med smør. Målet var sjølvsagt å lokka dei ned frå greinene og ut i vegen slik at me kunne foreviga våre nære artsfrendar på nært hald. Dette siste gjekk forsåvidt etter planen; nokre av bavianane kom ut or buskaset, men snudde like fort då dei såg kva me hadde kasta ut til dei. Hypotesen blei dermed avkrefta, og me slår med eit visst empirisk grunnlag fast at bavianar likar ikkje croissantar!
For øvrig blei turen til Garoua ei påminning om at det skjer mange ulykker på denne strekninga. Nokre bilete under vil understreka det. Men turen blei også ei stadfesting av at Kamerun er eit land i stor endring. Mange stader såg me sveitte manneryggar grava grøfta der fiberkabelen frå sør til nord skal gå. Den skal sikra hurtig og stabilt internett over store delar av landet. Det er kinesarane som står bak, sjølvsagt. Kina har nå eit stort engasjement i Afrika, ikkje minst i Kamerun. Det er blant anna Kina som står bak den fabelaktige søppelhandteringa i Ngaoundéré. Kva dei krev i gjenyting for desse tiltaka, vil nok framtida gi svar på. Her er nokre glimt frå laurdagens tur-retur, Ngaoundéré-Garoua, gjennomført av Harald og Trond, og med Anne Karin Kristensen og Sigurd Haus som hyggeleg reisefølge eine vegen:
 
Her har nok sjåføren tydd til siste bremsealternativ ned falaisen mot Dii-sletta; å skrubba lastebilsnuten mot murkanten. Ulykka må nok ha skjedd i morgontimane laurdag. Me veit ikkje om det var personskadar.
Fiber til folket! Det blir grove og grove langsetter store delar av traseen frå Ngaoundéré til Garoua. Eller som Senterpartiet ville ha sagt det: Breiband til distrikta!

 Her har nok ikkje sjåføren av kassebilen sett lastebilen som stod parkert i vegkanten, og i stor fart brast inn i denne. Følgjene må ha vore fatale.
Med ein croissant i munnen, men det varte ikkje lenge...
Tussi stod langs vegen, men Ole Brumm var nok opptatt med honningjakt.
Afrikansk idyll.

Like a bridge over troubled water...

36 grader i skuggen og desse sprekingane langar ut med gode bører på hovudet attmed Benoué-floden, like utanfor Garoua.

Det har komme mykje regn i nordlege delar av Kamerun i år, og Benoué duvar breiare og meir vassrik enn kva eg nokongong har sett henne før.

Me fekk kjøpt oss flotte graskar i nærleiken av Gamba. Pris: Ca 12 kroner for to store eksemplar.

I mangel på vaskemaskin og tørketrommel...

Siste solglimt laurdag den 2. oktober 2010 på diisletta...

2 kommentarer:

  1. Takk for at dere deler bilder og opplevelser med oss, det er veldig spennende!
    Ha en fin dag!
    Klem fra Else

    SvarSlett
  2. Så kjekt at de er innom bloggen! Håpar alt står bra til med dykk. Me har det berre bra, særleg nå som vatnet er tilbake i kranen:-)
    Trond

    SvarSlett