Inna, Antoinette og Christine kom med herleg mat til oss i går.
Laurdag opplevde me noko særs hyggeleg: Hawa, ho som var kokka vår sist gong me var i Kamerun, hadde laga middag til oss. Maten blei levert på døra av dottera Christine og hennar barnebarna Antoinette og Inna. Sistnemnde er Jofrid fadder for. Nydeleg pistasjsaus med kjøt og grønsaker, ris, maiskosskoss og injam kom rykande på bordet. Eit herremåltid i ordets rette forstand! Tusen takk til Hawa og jentene hennar - det er Kamerun på sitt mest gjestfrie og smakfulle:-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar